Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Halvor Skurtveit

[#72606] Handelsmann Jacob Ainsley Knutzen, Brattholmen, Fjell/Sotra

Recommended Posts

Gjest Halvor Skurtveit

Jacob Ainsley Knutzen (f. 1865) var handelsmann i Brattholmen i Fjell kommune (Litle-Sotra) frå 1894/95 til ca. 1907. Han var g. med Fridrikke (f. ca. 1872). Foreldra til Jacob var Harald Waldemar Knutzen og Laura Wilhelmine, f. Trumpy. Eg har fleire spørsmål knytt til denne familien: - Kor kom Fridrikke frå og kven var foreldra hennar? - Når/kor gifta ho og Jacob seg? - Fekk dei born? - Kor vart det av Jacob og Fridrikke då dei selde handelsverksemda kring 1907?Venleg helsing Halvor Skurtveit

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Vidar Flesland

Globalt søk på Førenamn inneheld 'Ain' gjer deg litt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Halvor Skurtveit

Takk for innspela. Ja, dette er nok dei rette personane. Ein John Garmann budde hjå familien ved folketeljinga i 1900, og det er vel ein slektning av Fridrikke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Halvor Skurtveit

Har no funne Fredrikke Elisabeth som født i Bergen 1872, som dotter av Jens Kahrs Garmann og Martine Johnsen. Desse fekk også ein son to år seinare: Sigurd. Ved folketeljinga i 1875 for Bergen er tre år gamle Fredrikke Elisabeth oppført som losjerande (hjå fam. Bratland?), og forsørgd av bestefaren, men finn då ikkje foreldra hennar. Lurer på om nokon kan greia å finna sambandet mellom Fredrikke Elisabeth og John R. Garmann (f. ca. 1888 i Sunderland i England). Ved folketeljinga budde han hjå Fredrikke E. og mannen Jacob i Brattholmen. Kan Fredrikke Elisabeth og John vera sysken?Halvor S.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hukkelberg

Når kona dør i 1874, kan jo Jens Garmann som var skipsfører ha fått en sønn i England i 1888?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Halvor Skurtveit

Der fekk eg forklaringa på at Fredrikke Elisabeth budde hjå andre i 1875. Takk for dette funnet. I basen 'Døde i Bergen 1912-1972' er ein 'John Garmand' oppført som d. 28. februar 1917, men eg har til no ikkje funnne han i dei skanna kyrkjebøkene (kyrkjesokn er ikkje oppgjeve i basen). Så inntil vidare veit eg ikkje om han er identisk med John R. Garmann, f. ca. 1888.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.