Gå til innhold
Arkivverket

[#72791] kaptein Gunder Holgersen Kofoed (1696 - 1778)


Gjest Liv Aasa Holm
 Del

Recommended Posts

Gjest Liv Aasa Holm

Først: beklager dobbeltlagring av forrige innlegg. Så! Johanna Augustinusdtr. Gjerde ble døpt 21.søndag e. Tr. i 1801. Så hun er altså født i 1801 og ikke 1800. Dåpsinnførslen står i Aure kirkebok for 1772-1819 (kronologisk) på s.376-377.(Dom 21 SET) døbt Augustinus Hansen Giærdes B. N. Johanna Moder Karen Holgersdtr. Siver Ertvogs qv. Gunil bar barnet, Maria Jacobsdtr. Wogoos og Marit Larsdtr. Giærde ginge for, Faddere: Sergiant Giærde og Ole Nilsen Giærde

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Hadde akkurat funne fram til det same som Liv Aasa Holm då innlegget hennar kom (101) Her er lenke til kyrkjeboka LenkeFor eigen del nedstammar eg ikkje frå Kofoed-slekta, men eg er i slekt med trådstartaren her. Augustinus Gjerde hadde nemleg ei yngre syster som vart gift til Vean i Aure og henne kan eg rekna blant formødrene mine. Sjå litt meir om dette i artikkelen til Todal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann Helle

(Per/93), Godt at du har Kiøbke /Kypke, eg har ei kjelde som brukar Rybke, det gjorde meg usikker. I mi kjelde heiter Margrethe Johansdtr. Garmann og Jakob Købke si datter; Marthe Elisabeth Jakobsdtr. Købke 1698 - 19.05.1770 og er g.1.m personleg kappelan Nikolai Hess og g.2.m prest Jakob Jersin Nyegaard. Margrethe Christophersdtr. Tønder er mi formor (rett kvinnelinja) nr 11. Om alt er rett.(Finn/102)Kven av oss er det som nedstammar frå Kofoed-slekt tenkjer du?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Ann Helle(103)Eg reknar alle som nedstammar frå Gunder Kofoed som tilhøyrande den norske Kofoed-slekta. Resten høyrer truleg til ei dansk Kofoed-slekt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann Helle

Fint om nokon forklara meg korleis eg lagar lenker. Eg har vore inn og sett på døypte i Orkdal 1715 - 17...Der har eg funne Karen Elseb som fadder i 1717,Hr. Capit Liut Cofoed, fadder i 1749.Randi Justdtr. på Sundli døypt i 1739 Mvh ann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Det er fleire tråder her som fortel korleis ein skal laga lenke. Vi har vel alle undrast på dette i sin tid. Lenke lenke&nr=2&antinnlegg=19&startnr=&antall=&spraak=#ankerOm lenka ikkje verkar så er det debatt 52784.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Ann (107)Fadderskapen du har funne fram til i 1717 er interessant og støttar opp under det som eg hevda alt i innlegg (48), at det var eit samband mellom Karen Elsebe og Zidler-slekta. I dette høvet er Karen Elsebe kalla Karen Elsebe 'i Fergestedet'. Ho som vart døypt var nemleg Kirsten, Jørgen Smed sitt jenteborn. Jørgen Smed er identisk med Jørgen Hanssson Zidler og han dreiv på den tida som krohaldar og smed på Fannrem nettopp ved fergestaden. Fergemannen var Jon Christoffersson Sundli, soneson til den kjende Orkdalspresten Jon Jonsson (Budde?) Fadrar elles var Kristoffer Klingen. Han var bror til Jon Fergemann og stefar til barnefaren i følgje Orkdalsboka. Den neste av fadrane, Petter Sundli, var bror til barnefaren. Den tredje av fadrane, Ane Maria på Øren, veit eg førebels ikkje kven er. Det same gjeld Ranni Megard.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Her er lenke til den dåpsinnførselen frå 1717 som eg skreiv litt om i forrige innlegget mitt; LenkeSer at eg har gløyms ein s i Zidsler også.Elles kan det kanskje nemnast at Jon Kristoffersson Fergemann el. Sundli og kaptein Holger Kofoed ikkje gjekk særleg godt saman. Årsaken var usemje om ein fergestad ved Polset. Fergestaden var ikkje berre ein fergestad, men det høyrde også noko jord til. Meininga var ganske sikkert at fergemannen og familien skulle kunne vera sjølvhjulpne med jordbruksprodukt i tillegg til inntekta frå ferginga. At Jon spedde på med noko ølsalg osv er ei anna sak. I alle fall stemde Jon fergemann Holger Kofoed for retten for at han hadde 'bemektiget sig et stykke eng som alltid hadde hørt Ferjestaden til'. Eg skal ikkje gå i detaljar om dette, men det heile enda med at kapteinen måtte ut med 1 riksdaler i bot. Også seinare rauk dei to i tottane på kvarandre. Det var snakk om mus som åt opp kornet på stabburet osv.Den 13. juli 1708 var det kapteinens tur til å stemna Jon Fergemann. Medan Kofoed var bortreist hadde Jon 'i hans absense for usømmelig begegnelse og skandering mot hans quinde den 18. april i kapteinens hus'. Sagt på ein annan måte så hadde Jon besøkt Fru Mette medan Holger var fråverande, og han hadde ved det høvet vore ufin i kjeften mot henne. Partane kom etter kvart til forlik.I 1710 var var det Jon sin tur igjen, - denne gongen fordi Kofoed hadde brote eit forlik frå 1706. Korleis det gjekk denne gongen seier ikkje Orkdalboka B IV s. 403 ff noko meir om, og heller er det ikkje nemnd noko om fleire tvistar mellom dei to.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann Helle

(Finn/108)Tusen takk, eg har sett innlegget før, då prøvde eg meg på 'vanlege kyrkjebøker' og eg har øvd med å senda e-post til dotter mi, så eg må ha litt god tid før eg igjen prøver meg med lenker. (Finn/109) Ja eg vart glad då eg fann barnedåpen og mykje æra til Orkdal Historielag som har oversett Kyrkjebøkene til leseleg språk, for meg som ikkje får til dei gotiske bokstavane.Anna snakka ein gong om at ho hadde sett at Løkken - område også hadde brukt Meldal Kyrkje, er det noko Kofoed stoff der? (Anna og eg har felles besteforeldre, Bestemor Anna Kofoed Vågos og Ola Helle)Olai Ovenstad har ikkje noko på Gunder før: 21.11.1735, då han er Fenr. ref ved 2. Thj. nasj. infregt.13.10. 1741 ved Guudske komp22.06.1742 ved Gunnæsske komp01.01.1756 ved Vigske komp - I nærleiken av Aure?Nokon som kjenner til kor desse kompania ligg? Hadde dei ulike avdelingar mm som gjorde at Gunder var stasjonert i Oppdal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Anna (111)Å laga vanlege lenker er enklare enn å laga kyrkjeboklenker. Du kopierer berre addressen i addressefeltet øvst på sida og limar det inn i debattinnlegget ditt. I dei aller fleste tilfella vil dette verka bra. I første omgang vil ikkje adressen verta omgjort til 'lenke', men når du går vidare vil det verta ståande 'lenke' om adressen er over ein viss lengde.Eg er litt usikker på dette med Guudske og Gunnæsske kompani, men det første kan sjå ut som det kanskje kan vera Gaudalske. Men som sagt er eg langt frå sikker på dette. Gunnæske kompani kan kanskje ha noko med garden Gunnes i Rennebu å gjera. Dumt at ikkje meir lokalkjende deltek i denne debatten. Vigske derimot tilsvarar Aure, eller rettare det som var Vigs tinglag i eldre tid. Det er her viktig å merkja seg at Vigs tinglag ikkje omfatta nøyaktig det same området som Aure prestegjeld. Tinglaget omfatta bl.a. ikkje gardane i ytre del av Dromnessundet og i Kjørsvikbugen (Dei tilhøyrde Hemne Tinglag), men heile Vinjefjorden inkludert alle gardane som låg under Vinjekyrkja tilhøyrde Vigs Tinglag og Vigske kompani. Når tinglaget hadde fått dette namnet, så var det fordi tingstaden i Aure i lange tider låg på garden Vik i Aursundet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torgeir Kvalvaag

Finn (104): Riktignok nedstammer jeg fra Gunder Kofoed, men jeg ville ikke drømme om å hevde at jeg tilhører den norske Kofoed-slekta.Mener du dette på alvor?Med levantinsk hilsen fra Torgeir

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torgeir Kvalvaag

Gunder Polset var selv ikke av Kofoed-slekt. Hvordan skulle jeg bli det?Det er mulig det dreier seg om definisjoner, hva er slekt og hva er familie? Og hva med adopterte barn?Jeg vet ikke, men 'føler' meg ikke som Kofoed. Vågos, derimot, og Arasvika og Engdalen m.fl., er 'slekt' for meg.Hilsen Torgeir

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Kva du kjenner deg som skal ikkje eg blanda meg opp i Torgeir, men du nedstammar jo frå den Kofoed-slekta som Gunder Richard Andersson Kofoed er stamfar til. Eg ser du kallar han Gunder Polset. Kvar har du dette etternamnet frå? Var det nokon i samtida, inkludert han sjølv som nytta dette etternamnet på Gunder?I sin tid var det ein som gjorde ære på presten sin ved å kalla sonen for Eilert Hagerup, utan at sonen hadde noko blodsmessig med Hagerupslekta å gjera. Presten vart etter kvart biskop i Nidaros og guten fekk veksa opp hos biskopen. Etter kvart fekk guten eigen familie og starta si eiga Hagerupslekt, ei slekt som har fostra mange kjende personar som nytta Hagerup som ættenamn. Synest du at desse burde stryka Hagerup-namnet fordi dei ikkje nedstammar frå dei opphavlege Hagerupane i Noreg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torgeir Kvalvaag

Med 'den norske Kofoed-slekta' forstår jeg etterkommere av Holger Hansen Kofoed, m.a.o. Gunders halvsøsken og deres etterslekt. At jeg er etterkommer av Gunder Kofoed - min 5xtippoldefar - har jeg ikke gjort noen hemmelighet av.Vi er kanskje ikke så uenige?Jeg studerte samtidig med en fra den danske Kofoed-slekta -hvor skulle ellers Kofoed'ene komme fra - og hverken da eller nå ville jeg påberope meg noe slektskap.Om det var noen i samtida som brukte etternavnet 'Polset' på Gunder, aner jeg ikke. Men hvis vi skulle gi ham et etternavn - i tillegg til patronymet - i dåpen, ville ikke det bli Polset?Når det gjelder Hagerup'ene lurer jeg bare hvorfor mange navn i dag er 'beskyttet'. I familien kjenner jeg til at både Sverdrup og Pareli har vært forsøkt, men uten hell, får man si. Selv om personene det gjelder fikk disse 'pyntenavnene' i dåpen.Hilsen Torgeir

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Torger (118) m.fl.Du gjer deg skuldig i ein vanleg tabbe med den tenkemåten du legg for dagen. Gunder Kofoed tok sitt slektsnamn etter dei reglar og normer som galdt for hans tid. Det namnet var Kofoed, og vi har ingen rett, 300 år etterpå å endre dette til Polset. I tilfelle projiserer vi nogjeldande reglar og normer attende til ei heilt anna tid, noko som vert heilt feil, men dessverre svært vanleg.Om namn er bskytta i dag, så eksisterte ikkje noko slikt på 16-1700-talet og det er då oftast også meir enn ei slekt av dei fleste slekter med 'fine' namn.Gunder Richard Andersson nytta sjølv Kofoed som etternamn, og etter det vi veit, så gjorde alle andre i hans samtid det same når dei omtala Gunder. Vi har ingen som helst rett til å endra på dette eller omtala det som noko suspekt 300 år etterpå. Dei same argumenta gjeld alle etterkomarane til Gunder. Dei som har nytta og dei som framleis nyttar Kofoed som ættenamn har sjølvsagt full rett til det.Skilnaden på dei to (kanskje er det fleire?) Kofoed-slektene er at ættlingane til Gunder ikkje har noko med den danske Kofoed-slekta å gjera i motsetnad til den andre. Men dette faktum gjer ikkje Gunder-ættlingane til noko mindreverdig samanlikna med dei andre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torgeir Kvalvaag

Finn, jeg oppfatter meg ikke som mindreverdig. Tvertimot. At jeg brukte Polset-navnet, må ikke trekkes helt ut på viddene. Og jeg tenker ikke å frata noen retten til å bruke det ene eller andre navnet.Suspekt? Jeg har hverken makt eller vilje, heldigvis, til å tilbakeføre dagens regler til tidligere tider. Men på ett punkt i historiens gang har noen funnet ut at nok får være nok, her må regler til. Det å nevne dette i forbifarten er vel ikke 'suspekt'?Hvis noen føler seg støtt av det jeg har skrevet, så beklager jeg det. Og jeg føler (!) meg vel over å ha Gunder Kofoed blant mine aner. Blant mange, mange andre.HilsenTorgeir

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest anna helle olsen

det var da svært til namnediskusjon det ble her da!!!!de jeg kjenner er stolte over å hete kofoed.ikke noe vanlig namn heller!!!... skulle ikke vi forsøke...etter beste emne å finne ut noe om gunder istedet da!!!!hva vi heter til etternamn spiller da ingen rolle!!jeg heter olsen..:nesten:halve norge heter da det...moro det å da når folk spør meg om jeg er i familie med egon olsen....!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest anna helle olsen

da min oldefar..josva absalonsønn kofoed vaagos døde.. giftet enken seg med nils sannes...han ble da til nils vaagos. barna de fikk..3 stk ble også tildelt etternamnet vaagos. helt vanlig.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann Helle

Til debatten om å føla seg / kjenna seg som ein Kofoting eller vera av Kofot-slekt, er sikkert 2 forskjellige ting. Eg er sjølv oppvaksen så langt frå Nordmøre, at har ikkje hatt Følelse av / forståing av at det har eksistert noko Kofot-slekt. Eg trur eg forstår Torgeir, eg også reagerte då Finn skreiv Kofot-slekt, og tenkte at det var ikkje meg. Ein følelse og eit utrykk / begrep er to heilt ulike ting. Og så er det kultur, eg har vokse opp i ein heilt annan kultur enn Nordmøre, der Kofoed namnet var 'ikkje eksisterande'.Eg har vore innom Biblioteket i dag, i ei bok eg las i, stod det om det å 'klatra' i militærvesenet på 1700-talet, at det ofte var titlar som mest gjekk i 'odels-arv' frå far til son. Det var mest uråd for vanlege bondesøner å få militær grad. Så min konklusjon så langt er at ein viktig grunn til at Gunder tok Kofot - namnet, var for å få seg ein militær kariere.Det stod også noko om at embetsmenn, militæpersonar mm, ikkje kunne gifta seg under sin stand. Kven var Mette Kristine Berg, ho hadde eit lite barn og vart gift med ein militær person.Kva var hennar bakgrunn? Kven var fyrste mannen hennar? Korleis vart ho og Holger kjende med kvarandre, kva 'miljø / kultur' var felles 'arena', der dei kunne utvikla bekjennskap? Holger må ha vore ein liten 'kranglefant', han kom også opp i krangel med Aure-presten, eg har ikkje historien klart for meg, men meinar å hugsa at det vart meldt vidare til Biskopen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Liv Aasa Holm

Ja, Holger Hansen Kofoed var nok stri. Den tvisten med Aure-presten er beskrevet av Hans Rodal: 'Et pinlig optrinn i Aure kirke. Kaptein Holger Kofoed og underofficer Lars Thoresen Drejer skjeller ut prestene i menighetens påhør.' Har ikke full referanse til artikkelen her,men kan finne den. Mener den sto en gang på 1920-tallet.Antagelig var Holger Hansen litt av et sort får i familien siden han ble sendt til Norge (slik en utkant sett fra Bornholms side)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.