Gå til innhold
Arkivverket

[#72869] Abraham Johannes Olssen Østenstad sin kone


Gjest Gunn-Anita Rysjedal
 Del

Recommended Posts

Gjest Harald L. Bakke

Frå Albert Joleiks bok 'Soga om Flora fram til 1801' siterer eg følgande:På side 280:' 1750 Lars Pålson 45 år. Skorpa 6. aug. 1750 skifte der, sidan Helge Larsdtr. vart rasgala og drap mannen sin, Lars Pålson. Samuelsen, fullmekten til futen, var med um skjifte. Ho Helge sat i fengsel. Borna deira var: Pål 20 år,Søren 16, Kasten 6, Gjeirtrud 17, Seselje 10, Karen 3.' Så kjem det ein del om innhaldet i buet og på neste side ein heil del om sitat : ' 22.aug. 1750 Ekstra-rett um Helge Larsdotter, som drap mannen sin Lars Pålson. (og endå det var berre denne sakja, so vart retten halden i Hellevikja ved Stavang (6 sidor i tingbokja)........'Vidare finn eg på side 283:1753 brv. Pål Larsson S. med Dårte Olavsdt.1756 tinglese bygsleseddel frå 4. mars til Pål Larsson på 2 pd. frå presten Furman.1756 Tinglese bygslesetel frå 3. april til Søren Larsson 'paa en Plads Eidet ved Skorpen' frå presten Frans Furman1762 komf. Kasten Larsson 1764 komf. Kari Larsdotter.1766 brudvigd Søren Larsson Schorpeide og Anne Hansdt. BarekstadPå side 285:1772 brv. Kasten Larsson S. og Marte Axlundt. Indre Reksta1776 Helge Larsdt. 70 årSide 287: 'Den Huusmands Plads Schorpen, 1789 sk. etter Brite Larsdtr.,.......' - ho og mannen Lars Andersson hadde ikkje born og mellom arvingane var den avdøde systra hennar Helge Larsdtr' seks barn:Pål Larsson , budde på Skorpa, Søren på Barekstad, Kasten på Espeset, Seselje gm. Eljas Hovden, Kari gm. Lars Klausson Hovden. Kansje dette kan vere med å hjelpe litt i leitinga iallefall når det gjeld nokre sentrale årstal.- Harald.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Egil Russøy

Ja, sjølvsagt Harald, dette er jo denne Helga. (Tenk om ein berre hadde huska alt ein har sett, då hadde vi spart mykje arbeid i denne saka)Då kan eg legge inn ein link til informasjon som eg har fått frå Torodd Kinn tidlegare. (Reknar med at det er greit Torodd) http://www.toroddkinn.name/drap.htmlHer er ikkje Ahles med. Då må ho være dotter til Lars Mathiassen Floren, som budde på Floren kring 1750, og som då også må ha budd der i 1743.mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunn-Anita Rysjedal

Takk for god hjelp. Ja her var det spennende å lese om på torodd sin fortelling om helga og drapet på mannen hennes. Slike fortellinger som gir 'kjøtt på bena' er like viktig å samle inn som navn og årstall. Så mange takk, jeg tar gjerne imot mer info.Mvh Gunn-Anita

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.