Gå til innhold
Arkivverket

[#72936] Jon Sørensen og Anne Sørensdatter frå Talstad i Fræna?


Gjest Randi Kristin Strand
 Del

Recommended Posts

Gjest Randi Kristin Strand

Veit nokon av ein Jon Sørensen busett på Talstad i Fræna i 1766? Antakeleg hadde han ei søster Anne Sørensdatter. Ho var gift på Ona i Sandøy. Jon var formyndar for sonen hennar ved skifteoppgjeret. Skulle gjerne hatt stadfest om Jon og Anne var søsken, om dei var frå Talstad og i tillegg hatt fulle namn på foreldra. Kan nokon hjelpe?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Randi Kristin Strand

Hei! Skifteoppgjeret var i 1766. Anne Sørensdatter var andre kona til Jens Knutsen (1730-1805). Dei budde på Ona og hadde ein son saman: Søren fødd i 1764.Randi

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Knut R Sande

Fræna II nemner ein Jon Sørensen, busett på Haukås og Løset, 1725-1775. Han skal ha to søstre Ane, sjå side 438-439 i nemnde bok.Dersom dette er riktig person er foreldra Søren Hansen frå Haukås, 1687- 1739. Han var gift to gonger. Først med Kari Rasmusdtr død ca 1718, andre gong med Ane Jonsdtr, død ca 1742. Samme kilde som ovafor.Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Randi Kristin Strand

Takk for tipset, Knut. Dette kan nok vere rett person, ja. Om Jon Sørensen ikkje gifta seg før i 1767 kan han jo ha tent på Talstad i 1766 då skiftet etter Anne Sørensdatter vart halde. Ser at han tente på Eidem i 1762. Takk for hjelpa.Randi

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.