Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#73310] Herman Sterri (Hafslo 1883) og Bertha Skafthun (Y.Arna 1879) - Tungeland/Minde?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg er på leiting etter ein huslyd i Arna/Fana som ser merkeleg ''taus'' ut. Er det nokon med loklal kunnskap eller ''teft'' som kan bidra med noko?Herman Jensson Sterri, fødd i Hafslo 2.9.1883, gifte seg i Bergen 27.6.1915 med Bertha Josefine Johannesdotter Skafthun, fødd på ytre Arna i Haus 29.10.1879. Herman Sterri var ei tid krambuhandelsmann i Bergen, men han og Bertha skal òg ei tid ha vore gardbrukarar på Tungeland i Arna (Haus) før dei på ny busette seg på Minde i Bergen. Herman livnærte seg då visstnok som steinarbeidar. Bertha døydde i Bergen 28.11.1945, medan Herman Sterri døydde seinare, dato og stad ukjende. Dei fekk tre døtrer i lag, som eg berre har namni til:a. Sofie Hermansdotter Sterri, skal ha vore gift Espeland, men er elles ukjend.b. Birgitte Hermansdotter Sterri, ukjend.c. Herborg Hermansdotter Sterri, ukjend.Alle dei tre døtrene skal vera avlidne.Alle gode tips om denne huslyden vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørg Hukkelberg

Kan dette være Hermans dødsfall? Med feilskrevet etternavn?Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Bjørg for kjapt og godt innlegg! Eg trur so sanneleg at du har rett. Dette må jo vera Herman Sterri sitt dødsfall! Eg vil straks be om ei dødsmelding...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.