Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Knut Bryn

[#73535] Friedrich Springpil (f.ca.1670), Fitjar

Recommended Posts

Gjest Knut Bryn

I manntallet fra 1701 finner vi en tysker ved navn Friederich Springpil på Fitjar (Stord) Lenke . Er det noen som vet når han kom til Fitjar og hva han drev med der bortsett fra jordbruk? Står det noe om ham i bygdeboka?Egentlig er det en av tjenestekarene hans jeg forsøker å finne ut mer om (svensken Israel Andersen), men han står det vel neppe noe om i bygdeboka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Fitjar bygdebok s. 264:' Friedrich Hebdrich von Springpiil, var 30 år gl. i 1701, var tysker. 2 born er kjende: a)Hendrich Fredrich og b) Justus f. 1704.Han kjøpte 4 1/2 laup smør i Fitjar av arvingane etter Jacob Bordewich ikr. 1697. Resten, 1 laup smør, 1 hud åtte arvingane etter Børge Borderwich. Denne parten bygsla Springpiil i 1698. Han var brukar til han selde i 1706. I 1707 tok han borgerskap i Bergen, men budde enno i nokre år på Fitjar.'Det står nesten 1 side til om han i Fitjar bygdebok. Kan referere dette også om du ynskjer det.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Takk skal du ha, Helga!Det virker umiddelbart litt uvanlig at en tysker kjøper en norsk gård for å drive med høner og kyr. Tingboka viser forresten at han også fisket laks og makrell. Men sier bygdeboka noe mer om dette? Var det et gjestgiversted på Fitjar? Drev han handel? Kanskje det står no mer om dette under omtalen av Bordewich.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Det står videre i bygdeboka:Springpiil var ein hard og kranglevoren mann som stadig hadde rettssaker føre på tinget, enten stemnde han sjølv, eller og vart han stemnd.Natta til 5. des. 1699 kom det eld laus hjå Springpiil og alt høy, korn og krøtter brann opp '- henved 50 støker udi tahlet, saa det var en ynk at anskue-'. Springpiil ba om tingsvitne om dette fordi han ville søkja om 1 års skattefrihet. I 1702 stemnde han Hermann Welling, tollaren på Eldøyo, fordi Welling hadde kollsigld med jakta i Bussesundet i Austevoll, men retten meinte at været var ikkje verre enn at ein færing greidde seg då folk rodde ut og berga Welling og drengen hans, og forliset vart rekna for eit uhell.Springpiil hadde kjøpt garden Sætre i Bømlo som han dreiv med tenestefolk. I 1702 vart han stemnd for ulovleg skoghogst i Spissøyteigen som låg i Sætremarka. Truleg hadde ikkje Springpiil greie på skiftene. Han vart dømd til å betala tømmeret. Han hadde elles ei lang rekkje saker på tinget frametter åra., ma. vart han stend for bygselen av den parten i Fitjar som han hadde bygsla, men her vart han frikjendt.etter kvart kom han i pengevanskar og det gjorde ikkje stoda betre. Han måtte pantsetja Sætre og i 1706 selde han parten sin i Fitjar til lagmann i Bergen, Niels Knag som og kjeøpte resten 1 l. smør, 1 hud. Same året stemnde han korporal Hans Nordbustad som hadde vore på militær utpanting hjå han, for ei sølvskei og noko laks som korporalen hadde teke med seg. Nordbustad vart dømd til å skaffa skeia attende. Den dårlegaste saka hadde han likevel mot broren, Just von Springpiil. Just åtte eit skip som han førde. Friderich, saman med ein rådmann i HAmburg hadde fått Just med på ein foretning i Skotland, og Frederich hadde skote inn pengar i tiltaket, men så slo det feil og Frederich kravde pengane sine att av Just og ville ta skipet frå han. Just påstod at han var vorten lurt av broren og stemnde saka inn for lagtinget.'Nils Knag kjøpte bruket i 1706 og eigde det til 1725.'Dette er det som står i Fitjarbokamvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Bryn

Mange takk igjen, Helga. Han Friederich var nok en bonde høyst utenom det vanlige. Det var artig å lese om ham selv om det ikke ga meg noen brikker til 'mitt' puslespill.Knut

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Til spørsmålet ditt i inlegg 2. Trur ikkje det var noko gjestgjevarstad på sjølve Fitjargarden der Springpiil heldt til. Det var gjestgjevarstad i Ferøysund lenger nord på øya (nær Sandvikvåg der ferjeleiet er i dag) og i Engesund som ligg midt i kystleia.Førremannen på garden Bordewich høyrest også tysk ut. Kanskje dei hadde kjenskap til ein annan????mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.