Gå til innhold
Arkivverket

[#73637] Kan du sjå på ei gamal sak på nytt?


Gjest Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

Eg viser til det som var starten på innlegg 65483: kopierer det inn her.Egil Russøy, Førde, 27.12.2008 12:12 (1) I eit brev frå Hans Nielsen Hauge skreve 11. august 1801, går det fram at politiet i Bergen beslagla bokbindarreiskap og stemna han for retten saman med blant andre ei 'Ane fra Voss'. Sannsynlegvis skjedde dette den 9. eller 10. august. I FT 1801 kjem det ikkje fram nokon 'Ane' på Voss, men mange Anne og Anna, så 'Ane' er mest truleg Anne eller Anna. Er det muleg å finne ut kven denne 'Ane frå Voss' er, og evt. få tilsendt gjenpart av avhøyr/rettsak/dom? Yngve Nedrebø, SAB / DA, 6.1.2009 12:41 (2) Jeg har dessverre ikke funnet forhøret i bytingsprotokoll, og heller ikke hos politiretten.--------------Eg har kome over fleire opplysningar, og lurer på om du kan sjå på dette på nytt.7. august 1801 hadde Bergens priviligerte bokbinderar innlevert klage mot foreleggaren Hans Nielsen Hauge for å ha forbrote seg mot dei kongelige reskripter av 10. juli 1761 og 30. mars 1770 som gav monopolbeskyttelse til fagutdannede, kongelig priviligerte bokbinderar i kongens land og riker. Den 29. august 1801 blei Hauge av politimester Rulf Olsen dømt til ei mindre bot og saksomkostningar, men Hauge anka saka inn til Overpolitiretten. 7. oktober blei anka hans avvist. (Desse opplysningane er henta frå Sverre Nordborg sin biografi om Hans Nielsen Hauge)Kan du sjå om du finn meir opplysningar om dette. Eg er på jakt etter personar som er nemnde enten av politiet eller av Hans Nielsen Hauge, evt. skildringar av hendelsesforløpet m.m. (Eg trur eg har funne ein god kandidat til denne 'Ane fra Vos' som er nemnd innleiingsvis, som truleg då ikkje var frå Voss likevel, men som sagt kunne eg tenke meg at du ser om du finn noko meir, før eg konkluderer)mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.