Gå til innhold
Arkivverket

[#73717] Tyding av kirkebok vågå


Gjest Nils Anton Allergodt
 Del

Recommended Posts

Gjest Jakup Skjedsvoll

Til det fyrste: Eg trur det står:Siver Rustens db. Ole. Ped. Volden, Eener Øjen, Ener Snerle, A?e Øjen, Sigri Rustbræken.Ei usikker avskrift eg har, meiner det står Anne der eg er usikker og har eit spørjeteikn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jakup Skjedsvoll

Til det andre: Eg trur det står:Sÿver Rustens pb. Mari. Iver Snerle, Thord(?) ibid. Kari x (d.e. og) Anne Valde, Sønnev Snerle.Eg tolkar da streken over 'n' i Anne og Sønnev som markering av dobbelbokstav.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jakup Skjedsvoll

Det veit eg ikkje heilt sikkert, men eg trur bestemt at det var så på denne tida. Ved den siste matrikuleringa, omlag 100 år seinare, låg plassen under Håkåstad, men plasseringa inne i det som ellers er eigedom under Snerle, viser vel at plassen er innkjøpt frå Snerle.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jakup Skjedsvoll

Det er ikkje så godt å seia. Øjen kan vera plassen Holungsøye nede ved elva i same grenda. Valde må sikte til gardar som ligg i Nordherad, vel ei mil unna. Volden er eg heilt usikker på. Det slår meg at det i alle fall noko seinare var heimar som vart kalla både Volden og Øjen/Øien/Øyen i Vågåmoane, i sentrum av bygda. Det må nok derfor til ei nøyare personanalyse for å kunne seia sikkert kvar fadrane var frå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nils Anton Allergodt

Takk for svar,og innformasjon. Syver Rusten er en av mine forfedre, derfor er det artig å vite litt om omgivelsene der han kommer fra.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.