Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Egil Russøy

[#73770] Kven kjøpte båtane til Hans Nielsen Hauge i Bergen

Recommended Posts

Guest Egil Russøy

Hei Yngve. Reknar med at du er klar for ei ny utfordring.I samband med rettsaka mot Hans Nielsen Hauge gjorde byfogden i Bergen i 1804/1805 beslag i alle eigedelane som HNH hadde i Bergen. Desse blei seinare solgt, truleg på auksjon i 1806 (evt. før 1809).Elling Hansen Høydahl kjøpte Valsengården, men kven kjøpte dei fire jektene og fregatten som Hauge eigde? Det blei også solgt ein del andre ting, kven kjøpte dette?Kanskje ikkje blant dei vanlege spørsmåla, men eg håpar du kan sjå på dette.mvh Egil

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Torbjørn Hillersøy

hei Egil! Kan tenkjast at nokon av HNH's disiplar/allierte kjøpte nokon av dei. Ole Torjusson på Svanøya (Svanøy Hovedgård), HNH sin arvtakar i Sunnfjord, kan kanskje vere ein av dei?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Egil Russøy

Det er godt muleg at du har rett i det Torbjørn. O.T. Svanøe hadde fleire jekter, og når han blei handelsmann i Bergen kring 1810, då han overtok forretninga til HNH sin avdøde svoger Johan Loose, frakta han varer til forretninga i Bergen med eigne jekter.Eg har også mistanke om at ein del av skipperane til HNH har overteke jekter, spesielt Knut Olsen Hellestvedt, som var skipper på 'Anna Helena'.mvh Egil

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.