Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Håkon Otterlei

[#73818] Kvar kom Lars Rasmussen frå

Recommended Posts

Gjest Håkon Otterlei

Lars Rasmussen og Hans Johansen var dei to fyrste som i 1766 fekk bygselbrev på ”plass i uryddet jord i S- Fjørtoft” (Otterlei) av presten H. Abelseth. Lars og familien hans finnst ikkje i kyrkjeboka for Haram før dette og dei må vere innflyttarar til Fjørtoft. Han døydde der i 1800, 77 år gamal. Han skal vere far til Anne Larsdatter som heller ikkje finst som døypt i Haram. Ho er derimot konfirmert i Fjørtoft i 1775, gift der i 1779 og død i 1826, 67 år gamal. Ho må altså vere fødd ca 1759. Veit nokon meir om denne familien og kvar dei kom frå?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Hei Håkon. I ekstraskattmanntal 1762 på Brunvoll på Harøya er der ein husmann Lars Rasmussen og kona Ane Eliasdt. Dei har ingen barn over 12 år hos seg. Dei er ikkje å finne att seinare på Brunvoll(Vi har ikkje kirkebøker frå før 1785)Den Lars som kjem til Fjørtofta, må vere fødd ca. 1723 og ca. 40 år i 1762. Om dotra Anne var fødd ca. 1758 er ho altså for ung til å vere nemnt i dette skattemanntalet.Det var mykje samkvem mellom Harøya og Fjørtofta så det er ikkje usannsynleg at det er samme mannen. Har du noko opplysningar om kva kona hans heitte?Eg går ut frå at dette er den Anne Larsdt. som vart gift med Peder Torsteinsen frå Longvastøl. Dei var oldeforeldre til Didrik Larsen frå Otterlei som vart gift på Brunvoll. Han i sin tur er oldefar til mannen min.Lars Rasmussen f. ca. 1723 kan vere son til Rasmus Knutsen på Brunvoll, 2 år i 1701.Mvh Anne Huse

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Håkon Otterlei

Takk Anne. Dette er interessant. Eg har sett Harøya som eit mogleg spor. Eldste sonen til Anne, Rasmus, er døypt 7. 11. 1779 ved 'Harøen Capell' (Haram Kyrkjebok) og har som fadder Lars Rasmussen (trulig far til Anne) og dessutan ein Ras Rasmussen Brunevold som kan vere bror til Lars. I FT 1801 er der ein Rasmus (50) og kona Sigrid Jonsdt på Brunvoll. Ingen born nemnde. Finst denne Rasmus i 1662 manntalet?. I skiftet etter Anne i 1826 finn vi at sonen Rasmus då bur på Brunvoll. Eg har ikkje funne spor etter Lars si kone, eller fleire born. Eg finn heller ikkje nokon Ane Eliasdt. død i Haram på denne tida. Dersom det er familien du har funne, kan ho vere død på Harøya ein gong mellom 1762 og 1766 eller også vere førd tilbake og gravlagd der seinare.Det stemmer at Anne blei gift med Peder Torsteinsen i 1779. Dei fekk borna Rasmus, Lars, Didrik, Torstein, Johannes (min tiptip) Anne, Marte og Gjertrud. Mvh Håkon Otterlei

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Huse

Rasmus Rasmussen og Sigrid Jonsdt. gifta seg 13. jan 1792. Begge er då oppgitt å bu på Brunvoll. I ekstrarulla for Agerø Sogn 1804-1805 er Rasmus Rasmussen på Brunvoll oppgitt å vere fødd i 1752 på Sunnmøre. Eg har leita etter han i kirkebøkene for Haram, men har ikkje funne han der. Det et kanskje lite truleg at han er bror til Lars Rasmussen som kom til Fjørtofta. Denne Rasmus døydde i 1807.Eg har elles sett etter ev. barn etter Lars Rasmussen. I 1786 er ein Lars Larsen på Brunvoll konf. 18 år. Dette er truleg den samme Lars Larsen som i manntalsrulla 1773 er oppgitt å vere fødd 1766 på Brunvoll. I ekstrarulla 1804-1805 er han oppgitt å vere fødd i 1765.I 1788 døydde ei Andrine Larsdt., 23 år gml. på Brunvoll. Mvh Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.