Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Harald L. Bakke

[#73819] Oppslag i bygdebok for Rovde i Herøy

Recommended Posts

Gjest Harald L. Bakke

To brødre frå Espe i Eid kom tidleg på 1830-talet til Rovde i Herøy på Sunnmøre og vart gift der, det var Steffen Torgersen og Torger Torgersen EspeSteffen gifte seg med Iverine Paulsdtr. Leveld 15. juli 1832 og dei vart plassefolk på Leikanger i Herøy og fekk barna Maren Pauline (1832-1836),Thorine Maria (f.1835), Maren Pauline (1838-1839) og Severin Andreas (f.1842) Steffen d. 13.02.1864 og Iverine d. 15.11.1887 I HerøyTorgeir gifte seg med Johanne Amundsdtr. Nykrem 23.Juni 1833 og vart buande på Nykrem i Herøy som inderstar dei fyrste åra, men frå 1846 nemd som gardbrukar der. Johanne d. 17.06.1872 i Herøy. Dei fekk borna: Torgeir Raspinus (f. 1836), Petter Andreas (f. 1839), Severin Martinus (f. 1842) og Martha Rasmine (f. 1846).Petter Andreas Nykrem finn eg emigrert til Amerika 10. aug. 1874 med kona Theodora Nykrem f. Schrøder, då dei reiser til Amerika er han skolelærer med bopel Bremanger.Martha Rasmine Nykrem finn eg gift 17.mai 1869 i Rovde, Herøy med ungkatrl og veiarbeidsformann Knut Heljeson Botten frå Røldal prestegjeld.Ellers finn eg ingen spor etter nokon av dei i FT-1900. Heller ikkje fleire av dei finn eg som emigrerte til Amerika.Då lurer eg på om nokon kan slå opp i bygdeboka og sjå kva det står om desse to familiane der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

Det er kanskje 'din' Knut Heljesen/Helgesen Botten vi finner i Arbeiderbolig i Dybvik,Ankenes i 1900? Gift, Jernbanearbeider ,1837 Røldal Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Mange takk, det må eg undersøke nærare.Trur 'min' Knut Helgesen/Heljesen var den einaste fødd i Røldal med det namnet i 1837.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

Kanskje samme Severin Nykrem?NYKREIN, S. M. T. Date of Birth: Place of Birth: NORWAY Date of Death: 11 Oct 1905 County of Death: RAMSEY Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det står ein del om Steffen og Torgeir i Herøyboka, Gardar og folk b.3 s.412-13 (Nykreim).Det heiter at Steffen og Iverine budde frå 1832 til 1835 som 'paktar'. Iverine var frå Vedeld (Rovde) (dersom det er ein stad som heiter 'Leveld', må du sjekke om vigsla står i kyrkjeboka for Rovde). Ho f.1805. Steffen f.1807. Dei fire barna er nemnde, med oppl. i tillegg til det du har: Torine g.1891 Årskog , Rovde, d. 1906; Maren død som lita; Sevrin d.1889, g. Ingeborg Kolbeinsd. Hagen, Ørsta, 1847-1932 busett Leikanger (bnr.4), 4 born. (s.461:) Frå 1835 er dei plassefolk på Leikanger (seinare bnr.4), som sonen Sevrin kjøpte i 1872.Torgeir og Johanne budde på Nykrem (same plassen som Steffen og Iverine) frå 1835, kalla 'inderst' og 'paktar' (som må vere noko anna enn 'plassemann' og 'bygslar'). Torgeir f. 1809. Johanne f. 1803, frå Tarberg (Moltustranda, Herøy). I tillegg til dei fire borna hadde dei Anne Marie 1833-1867. Petter Andreas uteks. Volda lærarskule (første kullet) 1862, 'vart prest i Park River N. Dakota', g. 2.g. enkje Anna Sillerd Myhre (ingen årstal). Sevrin Martinus g og busett USA, d. før 1904. Marta Rasmine 1846-1887, g. 1869 Knut Helgeson Håra, Røldal, 1837-1926, plassefolk Leikanger (seinare bnr.4) 1869- 1872 (mellom Steffen og Sevrin, sjå ovanfor), flytte til Kalvatn, Volda, og skal ha vore nokre år i Trondheim. / born. Torgeir skal ha reist til sonen Peter i USA.Sånn for ordens skuld: Leikongbygda (m. Nykrem) høyrde til Rovde sokn i Herøy prg. Frå 1865 vart Sande sokn og Rovde sokn skilde ut som Sande prg.; og i 1872 vart Leikongbygda skilt ut frå Rovde som eige sokn og lagt til Herøy prg. - så 'Rovde i Herøy' er rett for ein del av tida.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

Emigrasjonen 1882: Thorgeir Thorgeirsen Nykreim,født 1809: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

NYKREIM, P. A. Aabenbaringen udlagt paa historisk grundlag for det kristne folk / av P. A. Nykreim. Grand Forks, D., Normandens Bogtrykkeri, 1911. Reel 19, No. 278NYKREIM, P. A. Apostelkirken og den protestantiske kirke: En sammenlignende Kritik for vor Kirketid / av P. A. Nykreim.Minneapolis, the author, 1917. Reel 19, No. 279http://www.nb.no/emigrasjon/biblio/4th_forf.html

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Her har det skjedd mykje med eg har vore oppteken på andre frontar. Mange takk til dåkke alle !Ivar(6): Vigsla til Steffen og Iverine fant eg i Ministerialboka for Rovde - vigde i Herøy kyrkje 15. Juli 1832 nr. 1 s. 192 (2. kolonne) Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Ann-Mary (8):Der har vi eit typisk eksempel på at ein finn det ein søkjer berre ein kjem ihug å bruke alle tenkelige søkemuligheter. Eg hadde ikkje tenkt på å skrive Toreger med Th.Ellers er vigsla til Torger og Johanne nr. 4 på s 193 i same lenke (10).Takk igjen alle saman.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ann-Mary Engum

Harald! Ang søkemuligheter. Jeg søkte bare på litt av etternavnet,Nykr.Og da kom 2 stk Nykrem og 1 stk Nykreim frem. Thorgeir Thorgeirsen sto som Nykreim.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Harald (10): Ja - altså Vedeld, som det stod i bygdeboka. Vi finn att Iverine m. foreldre og sysken i Soga om Sande og Rovde, b. 3 s. 270 (Vedeld bnr.3).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Ja det skal sjølvsagt være Vedeld og ikkje Leveld som eg skreiv(1), slik er det når ein les seg blind på eigen korrekturlesning.Takk skal du ha Ivar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.