Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Aase R Sæther

[#73956] Skifteregister Nordfjord/Sunnfjord

Recommended Posts

Guest Aase R Sæther

Dette skulle kanskje vore plassert i forum for skanna skiftedokument, men det er vel her ein treffer mest folk..Det er fantastisk å ha fått denne kjelda på nett, og skal ein dømme etter nedgangen i spørsmål på arkivforum sit 'halve' Nordfjord og Sunnfjord og les i protokollane no.Eg er ei av dei, og eg tenkjer meir enn ein gong at dette burde vi kunne rasjonalisere. Der er mange namn å finne i kvart skifte - den døde med arvingar og verjer er sjølvsagt interessant, men litt lenger ute kjem der gjerne ei liste med kreditorar o.a., og desse kan vere nyttige å lese. Seinast for ein halvtime sidan fann eg ein 'forsvunnen' gloppar på kreditorlista, oppgjeven til å vere i Bergen.Enn om vi kunne samarbeide om ei registrering av desse namna? Nokon som tenner på ideen og har eit framlegg til organisering?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Aase R Sæther

Ingen respons på dette, altså. Eg tillet meg å legge inn eit lite juleynskje: Mange personar med tilknyting til Gloppen dukkar opp i skifte i andre bygder. Det hadde vore veldig kjekt om dei som finn noko slikt kan tipse meg om det - fleire har allereie gjort det, og eg tek med takk imot meir. Ei lita setning i eit skifte kan ordne opp i mange flokar i dei eldre slektene.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Jon Sværen

Eg har nok teinkt og teinkt på det du skreiv i november, men diverre Aase, eg er ikkje komen lenger med tanken enn sidan då.No står det ein annan stad at ein ynskjer å føra opp alle personane i Norge som har budd her, og at ein då vil få 80 % av folka på 20 % av tida. Mens ein anntok at dei neste 80 % av tida ville ein bruka på å finna dei neste 20 % av personane.Dersom det vært gjort 'allvor' av dette prosjektet, så er noko av dette løyst, dog ikkje alt !Men, Aase, dersom det ikkje er verdens undergang i dag, så er det eit nytt ti-år om nokre timar. Dessutan kjem innlegget ditt høgare opp her i DA. Og dei som enno ikkje er ferdige med å diskuterar med han Ivan (den ukjente ?) på 74.672, og som forstår nynorsk kan bruka hjernemassen sin her ?GOD NYTTÅR, Aase !

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Aase R Sæther

Takk det same, Svære-Jo!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Knut Bryn

Det er et fromt og godt ønske du kommer med, Aase. Jeg er selv bruker av skifteprotokollene for Nordfjord og dessuten for Indre Sogn. For sistnevnte fogderi er det laget et mer detaljert skifteregister enn for resten av fylket. Databasen har begrenset med informasjon om kreditorer, og mange navn og slektsrelasjoner er blitt feil, men du verden hvor nyttig det likevel er. Jeg vet ikke hvordan dette ble finansiert, men en slik dugnadsinnsats som du foreslår, behøvde jo ikke bli så dyrt. Kanskje det kunne skje i samarbeid med DIS eller Fylkesarkivet?Uansett, - ha en balansert nyttårsfeiring og et riktig godt nytt år!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.