Gå til innhold
Arkivverket

[#73976] Gloppen, SF: Kven var fyrste mannen til Kirsten Madsdtr Wittrup/Eide/Søreide?


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Eg viser til m.a. tema 66171 Lenke der det er diskutert kven som er mor til Kirsten sidan ho ikkje står i skiftet etter Sofie Pedersdtr Wittrup. Hadde faren Mads ei anna kone?Men etter at skifteprotokollane vart tilgjengelege på nett har Kirsti Rye og eg kome eit lite stykke vidare. Det viser seg nemleg at Kirsten Madsdtr ER omtala i skiftet etter Sofie Pedersdtr, og dermed er hennar dotter.Vidare har vi ved hjelp av skiftet etter Kirsten si syster Anne Nyttingnesholmen - i skiftet feilaktig kalla Anne Desideriusdtr, som var mannen sitt patronym - funne at Kirsten, for tida busett i Bergen, her let seg representere av svigersonen sin, Aksel Jonson Sårheim, også busett i Bergen. Dette skiftet er i 1746.Vi kan dermed slå fast at 'Sofie Olsdtr Søreide' som Aksel gifte seg med i Gloppen i 1740 er dotter til Kirsten. Søreide-namnet har ho truleg fordi ho har budd på Søreide saman med mora i hennar ekteskap med Lars Knutson Søreide, f.Hetle.Eg kan ta med at Sofie og Aksel bygsla br nr 2 på Eide og fekk 2 born i Gloppen, og at dei seinare busette seg i Almenningen, Vågsøy. Dette er nemnt i bygdeboka, men no veit vi at dei i mellomtida hadde nokre år i Bergen, der dei fekk minst 1 barn, Jon.Men kven var far til Sofie Olsdtr? Eg har ikkje funne henne døypt i kyrkjebøkene for Gloppen, og heller ikkje har eg funne noko fyrste ekteskap for Kirsten.Brukaren før Sofie og Aksel på Eide nr 2 heitte Rasmus OLSSON Bruland, f.ca 1708 - kan det ha noko med saka å gjere?Eg tek også med at vi framleis leitar etter Kirsten Madsdtr sin død etter 1746 - etter det vi no veit kan det vere i Bergen, eller kanskje i Almenningen/Vågsøy; Gloppen er det truleg ikkje, med atterhald for den dårlege kyrkjebokperioden på 1750-talet.Sidan mange her har aner i Wittrup-slekta håpar eg at nokon kan sitje med ei løysing!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg skulle sjølvsagt nemnt at bygdeboka for Gloppen omtalar Kirsten som 'enkje etter Ola Eide', men eg finn ingen Ola Eide og trur at det kanskje kan vere ei rask slutning av at ho kom frå Eide og hadde med seg ei Olsdtr inn i ekteskapet på Søreide.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kirsti Rye

Skal tro om dette kan være henne?[url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=62&filnamn=gr14431741&gardpostnr=1021&personpostnr=1021&merk=1021#ovre>Lenke.Her fra kirkeboka, øverst til høyre.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Eid, Ministerialbok nr. A 2 (1741-1769), Kronologisk liste 1767, side 168. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kirsti Rye

Kanskje det Aase.Jeg har nettopp funnet noe interessant. Se på denne Ole død på Eid.[url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=6&filnamn=gr14431741&gardpostnr=942&personpostnr=942&merk=942#ovre>Lenke.Han skal være født ca 1720.I Strandebarm finner jeg en Ole Olsen Hvidsten døpt i 1720, øverst til høyre.Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Strandebarm, Ministerialbok nr. A 1 (1670-1726), Kronologisk liste 1720, side 150. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke: Lenke.I 1716 trolover Ole Torgersen og Kirsten Mattsdatter seg i Strandebarm, øverst til venstre.Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Strandebarm, Ministerialbok nr. A 1 (1670-1726), Kronologisk liste 1716, side 134. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald L. Bakke

Godt jobba, så får vi håpe at vi finn bevisa og.Eg kan bidra med å sitere kva som står om Vidsteen-ætta i Bygdebok for Eid-Hornindal under Stårheimsvik: 'Vidsteen-ætta kom frå garden Kvitestein i Hardanger. Ola Olson V. for fyrst til Bergen, ikr. 1750 til Nordfjord og kjøpte halve Stårheimsvik og eit stort vån.h. av M.J.Rochlenge, sk. 1750. Gardsbruket bygsla han bort til Ola Olson Å, men hadde sjølv huset ned på stranda der han dreiv handel i 17 år med handelspriv. frå 1759. Han d. 45 å.g. 1765, gm. Ingeborg Marie Nexiø.................. I 1783 skifte ho midelen sin på borna og døydde 72 å.g.1792. Borna var då: 1. Ola Andr., bs. i Sth.v. 2. Jens Petter 20 å.g i handv.lære i Brg. 3. Kristine Marie gm. H.N. Tonning 4 Sophie gm. Hans Tonning 5. Maren gm. Paul A. Hundvik.'Dersom ein klarar å knytte desse til Kirsten foreksempel i skifte etter henne har vi vel bevis. Sonen døydde to år før Kirsten og då er vel hans barn nemnde i skiftet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald L. Bakke

Det var det med skifte då. Etter det eg kan sjå er det ikkje skifte etter Kirsten Madsdtr. så då er vi vel like langt.Merkar meg dessutan atdattera til Ola V. heiter Kristine noko som KAN vere oppattkalling av Kirsten, men det var no bare ein digresjon.Uansett - dette var eit spennande tema!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kirsti Rye

Her er Sofie, Oles Widstens datter f i 1753.[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=40&filnamn=dp14431741&gardpostnr=899&personpostnr=6295&merk=6295#ovre>Lenke.Hun er døpt i Davik.Da var Sofie Olsdatter(som vi vet er Kirstens datter) og Axel der.Her er Mads, Axel og Sofies sønn døpt i 1752.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Davik, Ministerialbok nr. A 2 (1742-1816), Kronologisk liste 1752, side 51. Permanent sidelenke: Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald L. Bakke

Og her er dattera deira Chirstine Helene døypt i Davik 11. mai 1755. LenkeBygdeboka for Bremanger bd. IV s 609 fortel oss at dei var brukarar på Elde 1751 til 1755 og barna Mads og Chirstine Helene (eller Kristine Helene som det står i boka) er nemde der. Det står riktig nok bare namna Aksel Jonson . Gift med Sofie. Aksel var brukar av 1 pund 16 1/2 merker smør. Ikkje noko om kvar dei kom frå!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kirsti Rye

Her er beviset på at det er rett Kirsten Madsdatter som gifta seg i Strandebarm.Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Hardanger og Voss sorenskriveri, Skifteprotokoll Ac 4b , 1723-1727, oppb: Statsarkivet i Bergen.Merknader: Fol 307-ut.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24107/228>http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24107/228Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kirsti Rye

Det er vel Helga som blir gravlagt her i januar, som Lars Søreides 'stifdatter'.Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 2 (1712-1735), Kronologisk liste 1727, side 240-241. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11424&idx_id=11424&uid=ny&idx_side=-123>Lenke Permanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Dette er heilt storarta. Og det som løyste ut dette skredet var ei lita opplysning om svigersonen som representerte Kirsten i skiftet i 1746!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Kirsti (13) - her trur eg du har funne kjelda til 'Ola Eide'. Lars Søreide har nyleg gifta seg med Kirsten Eide, og ho har hatt ei Olsdtr med seg inn i ekteskapet -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.