Gå til innhold
Arkivverket

[#74389] Oppslag i Bygdebok; Austigard på Årnes i Stangvik


Gjest Ann Helle
 Del

Recommended Posts

Eg leitar etter formødrer og det lengst bak eg har er:Ragnhild Einarsdtr. frå Austigard på Årnes i Stangvik, g m Peder.Datter: Marit Pedersdtr. Truleg frå Torjulvågen nær Tingvoll. gm Isak Olson Linvågen. Bur Linvåg; Tustna Bygdebok I s. 390Fint om nokon kunne slå opp i Bygdebok frå Stangvik for meg.Ann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I 'Heimar og ætter i Stangvik B I s. 499 står det om ei Ragnhild Einarsdotter f. kring 1670 som vart gift med ein Peder Venge. Desse to hadde ei dotter, Mari som hadde sonen Peder Linvågen. Det er kanskje desse du siktar til?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det ser eg no.Datter til Marit og Isak Olson Linvågen, har eg årstal på.Ragnhild Isaksdtr. Linvågen f. 1724 - 1795 g.. Tron Pederson LeiraHar notert at ho / dei bur Leira, Tustna Bygdebok II s. 57Ann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finn /4Nei, det gjer eg ikkje, veit ikkje meir om Ragnhild heller. I denne omgangen leita eg etter formødrer, for å sjå kor langt bak eg kunne koma. Og eg har berre leita bakover i ulike 'Bygdabøker'.Står det noko meir om Ragnhild?Om alt er rett så er eg 8 generasjonar bakover, frå og med mi bestemor, Anna Kofoed Vågos. Mi oldemor heitte Ragnhild Megård, rimeleg å tru at det er same Ragnhild namnet.Ann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Når eg spurde om Peder, så er det fordi eg ikkje kjenner noko gardnamn, Venge på Nordmøre, så eg lurar på om det kan vera Vinje inst i Vinjefjorden det kan vera snakk om. Særleg sidan Ragnild er sagt å ha ei dotter Mari Brekke (mor til Peder Linvågen). Det er ein gard Brekken ved Vinjøra som kan vera heimstaden til den Mari Brekke som er nemnd i Stangvikboka.Elles er eg redd det er slutt på kjende kvinnenamn i Årnesslekta før Ragnhild Einarsdotter.Det ser ut som Ragnhild nedstammar frå ei særs gamal og interessant ætt på Årnes som startar med ein Ring på Årnes. Denne Ring bygde ei stove for gardmannen på Hendset, ein gard som ligg rett over fjorden for Vågosbukta eller heimegarden til far din. Ring skulle vera fødd på tampen av 1400-talet og fekk Kråknes laksevorpe som pant for bygningsarbeidet. Meir om dette kan du lesa i kapitlet om Kråknes laksevorpe i 'Gardtales i Valsøyfjord' og i Heimar og ætter i Stangvik B I.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

FinnTusen takk, god lokalkunnskap er nødvendig for å setja bitane riktig saman i eit 'slektspuslespel'. Det må nok verta eit nytt år før eg får sjekka ut Brekken ved Vinjeøra. Har funne Vinjeøra på karte, det høyrer til ST.Før i tida var det store verdiar i ei Laksevorp. I dag er villaksen mest utrydda i lakseelvane i H.land.Ann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Gamal Årnes-ætt. Nils Olson var truleg brukar på Sjøflot. Litt om Årnes-ætta. Eit tingsvitne på Brøskjatinget 1659 vitnar at husa til Nils (? frå Årnes)og Tomas Sjøflot har brunne ned to år tidlegare. Om Ragnhild Einarsdotter har eg notert at ho var g.m. Peder Vogen. Venge er truleg ei feilskrift.Søstra Maret var g.m. Lars Gunderson Ulvund. Dei hadde visst òg ei søster som heitte Brit. I Tingvollbok 1, s. 326 finn vi om Årnes-ætt i Nilsstua Flemma. (Bjørn Audenson)-endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Endre /10Tusen takk for gode opplysningar. Vogen tenkjer eg kan bety Vågen, og det er vel mange vågar i området.Eg ser at eg har ikkje tid til å sjå på opplysningane de har kome med før etter jul.Ann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.