Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#74512] Brannmeister Ole Olson Svendsaas i Tromsø og sonen Sivert - opphav og lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Følgjande huslyd er mellom dei som i 1900 budde i Grønnegata 22 i Tromsø:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ole Svendsaas hf g Brandtmester 1846 Meldalen STAlethe Svendsaas hm g Husgjerning 1855 Vadsø FinBergithe Svendsaas d ug Fransk strygning 1878 TromsøSivert Svendsaas s ug Jernbanearbeider 1880 TromsøJohan Svendsaas s ug Kommunearbeider 1882 TromsøOlaf Svendsaas s ug Smedlærling 1884 TromsøJohanes Svendsaas s ug Skoleelev 1886 TromsøRandi Svendsaas d ug Skoleelev 1888 TromsøHarald Svendsaas s ug Skoleelev 1890 TromsøHaakon Svendsaas s ug Skoleelev 1894 TromsøFritjof Svendsaas s ug Skoleelev 1894 TromsøAlfild Svendsaas d ug d 1897 TromsøEinar Lyder s ug s 29.06.1898 Tromsø~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Og Ole og Alette gifte seg i Tromsø 28.12.1877 (Lenke).Eg har leitt i kyrkjebøkene for Meldal, der Ole skal vera fødd (ifølgje to kjelder), men finn ikkje dåpen til Ole Olson i 1846 eller 1847. Og når det gjeld Svendsaas-namnet, so er jo det i Selbu!?Når det gjeld sonen Sivert Emanuel Olson Svendsaas, fødd i Tromsø 19.4.1880, var han vegarbeidar då han 10.2.1903 gifte seg i Solvorn, Hafslo med enkja Karen Kirstine Hansdotter Fager, fødd Søhoel, men han forsvann etter kort tid, og lagnaden hans er ukjend!Kanskje er det nokon der ute som har kjennskap til denne ætti? Kanskje einkvan med lokal kunnskap i Meldal kan identifisera opphavet til Ole Olson Svendsaas? Sonen Sivert er det kanskje verre å finna att...?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Tommy for godt innlegg. Det kan vel ikkje vera tvil om at du har funne rette karen i Meldal, so då er den delen av problemet løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for spennande innlegg. Eg trur so absolutt at dette må vera rette karen, men lyt sjekka litt nærare!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Ingar Kjelstad

Denne Ole Olsen Svendsaas var født på gården Svinsås i Meldal som faren Ole Jonsen Gjetsten kjøpte i 1840. Ole reiste til Tromsø og broren Erik til Tingvold de var kjent som noen kraftige karer. Om familien er det beskrevet på side 267 i Meldal Bygdebok bind 5 og forfedrene på Gjetsten utførlig beskrevet på side 388 i samme bind. Gården tilhører meg i dag.Med vennlig hilsen Atle Ingar Kjelstad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.