Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Trond Aakvik

[#74538] Rødøy: Querini og Aslak Bolt

Recommended Posts

Gjest Trond Aakvik

Om Querinis dramatiske forlis, opphold på Røst og hjemreise finnes det to versjoner; hans egen og en fra et mannskap på skipet. I dette innlegget vil jeg bare forholde meg til Querinis beretning.Querini skriver at han dro fra Røst ”i slutten av mai” og ankom Trondheim Kristi Himmelfartsdag, som i vår tid er i midten av mai. Mitt første spørsmål er om Kristi Himmelfartsdag i 1432 var på en annen tid på året enn nå.Videre beretter Querini at ”..hele tiden styrte vi etter varder som var satt på toppen av øyene, og som vist oss den raskeste og dypeste farveien. Det bodde folk på mange av øyene, og disse tok barmhjertig imot oss…Det hendte seg på denne reisen at vi møtte erkebiskopen…”. I verket ”Diplomatarium Norvegicum” fremgår det at biskop Aslak Bolt var i Rødøy den 10. juni 1432 og gjorde en avtale med allmuen. Er det noen her på Brukarforumet som kan hjelpe meg med å sannsynliggjøre at møtet mellom Querini og Aslak Bolt fant sted i Rødøy.Med vennlig hilsen Trond Aakvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Kalendaren var ikkje så mykje annleis i 1432 enn no; Kristi Himmelfartsdag vert fastsett på same måten. Ifl Bauers kalendar, sjå http://www.morchslaegt.dk/bauers/kal_30s.htm ,var Kristi Himmelfartsdag 1432 på 29.mai. 10.juni var 3. pinsedag.Aslak Bolt reiste rundt i heile Stiftet og gjorde avtalar med 'alle menn' i kvart prestegjeld. Det kan vere at dersom Querini møtte erkebispen 29.mai, 12 dagar før erkebispen var på Rødøy, var dette i eit anna prestegjeld i nærleiken. Men det kan også vere at han oppheldt seg så lenge i prestegjeldet. Fleire (alle?) av avtalane er bevarte, så du kan undersøkje om det finst daterte avtalar frå andre prestegjeld. Hugs at prestegjelda var mykje større på den tida.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

”Diplomatarium Norvegicum” fortel at erkebispen var på Brunøy 30.april, Raudøy 10.juni, Bodin 15.juni, Steig 19.juni og Alstahaug 6. juli. (søk etter brev år 1432

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trond Aakvik

TakkerDa er Querinis ankomst til Trondheim fastsatt til 29. mai 1432. Men det var ikke der han møtte Aslak Bolt. Querini skriver: ”Han kom med to hvalfangerskuter på slep, og med seg hadde han mer enn to hundre personer”. Følgelig var det under Bolts reise at møtet fant sted.Begynner vi nå å nærme oss Rødøy?Mvh Trond Aakvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

...hmm, eg oversåg detaljen om at det var til Nidaros Querini kom 29.mai. Men då var møtet iallfall før 29.mai, altså minst 2-3 veker før erkebispen møtte allmugen på Raudøy (når ein tek omsyn til siglingstida).Eg kjenner ikkje kyrkjegeografien i Nordland så godt at eg kan seie om det er noko prestedøme som manglar i 'møteplanen' i (3), eller om møte elles langs leia er dokumenterte. Men det vi ser er at erkebispen ikkje oppheldt seg i lang tid på kvar stad. Eg trur du må foreslå ein god grunn for at han skulle opphalde seg 2-3 veker på Raudøy.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trond Aakvik

Vel, min logikk er som følger:Brunøy 30.april og Bodin 15.juni kan elimineres og da gjenstår bare Raudøy.En god grunn, da som nå, for å oppholde seg lenge i Rødøy er at vi her finner utrolig mange hyggelige og gjestfrie folk.Mvh Trond Aakvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

'Logikken' er vel kanskje litt tynn. Og det spørs om gjestfridomen rakk i vekesvis når gjestane talde meir enn 200 personar....Du får plotte inn hovudkyrkjene i Nordland, og sjå kva som vert ei fornuftig reiserute når du veit datoane i (3). 'Brunøy' er vel Brønnøy - det var iallfall ei av hovudkyrkjene. Hovudkyrkjer som manglar er Værøy, Lødingen, Vesterålen/Hadsel, Dverberg/Andenes, Buksnes/Lofoten, og kanskje nokon eg har oversett.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

(1 osv.) Eg har granska litt for deg.... Ifl. referat (eg finn ikkje full omsetjing av tekstane) brukte Querini og mannskapet om lag to veker på turen frå Røst til Nidaros. (Starta 'midt i mai' - kanskje dette er nærare presisert i di kjelde?; kom fram 29.mai).Mellom møta i Brønnøy og Rødøy hadde erkebispen 5 1/2 veke og (minst) 6 helgedagar. Det passar akkurat med to transport-etappar til/frå lengst nord i Nordland og allmuge-møte i fem prestegjeld.Det ser ikkje ut til at avtalane frå desse møta finst. Men vi har avtalane frå dei fleste prestegjelda i Inntrøndelag (frå vinteren 1433), Sunnmøre (sommaren 1433) og minst ein frå Nordmøre (også sommaren 1433). Desse viser det same mønsteret som i Nordland: nokre dagar mellom kvart møte.Querini møtte erkebispen på reisa, altså etter 'midt i mai', og det må ha vore i den første delen, sidan Brønnøy ligg mindre enn halvegs frå Røst til Nidaros. Då må det ha vore i området Lofoten/Lødingen. Eit møte på transportetappen nordover frå Brønnøy vert for tidleg, og erkebispen må ha gjort unna 1-2 allmuge-møte nord i Nordland før Querini møtte honom.Svaret på spørsmålet i (1) er altså at det er heilt usannsynleg at Querini møtte erkebispen på Rødøy.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Trond (1 osv.): Eg har granska litt for deg....Ifl. referat (eg finn ikkje full omsetjing av tekstane) brukte Querini og mannskapet om lag to veker på turen frå Røst til Nidaros. (Starta 'midt i mai' - kanskje dette er nærare presisert i di kjelde?; kom fram 29.mai).Mellom møta i Brønnøy og Rødøy hadde erkebispen 5 1/2 veke og (minst) 6 helgedagar. Det passar akkurat med to transport-etappar til/frå lengst nord i Nordland og allmuge-møte i fem prestegjeld.Det ser ikkje ut til at avtalane frå desse møta finst. Men vi har avtalane frå dei fleste prestegjelda i Inntrøndelag (frå vinteren 1433), Sunnmøre (sommaren 1433) og minst ein frå Nordmøre (også sommaren 1433). Desse viser det same mønsteret som i Nordland: nokre dagar mellom kvart møte.Querini møtte erkebispen på reisa, altså etter 'midt i mai', og det må ha vore i den første delen, sidan Brønnøy ligg mindre enn halvegs frå Røst til Nidaros. Då må det ha vore i området Lofoten/Lødingen. Eit møte på transportetappen nordover frå Brønnøy vert for tidleg, og erkebispen må ha gjort unna 1-2 allmuge-møte nord i Nordland før Querini møtte honom.Svaret på spørsmålet i (1) er altså at det er heilt usannsynleg at Querini møtte erkebispen på Rødøy.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trond Aakvik

Mange takk til Ivar S. Ertesvåg.Det er storartet gjort at du legger så mye arbeid i min problemstilling. Årsaken til at den reises er at et møte i Rødøy ville ha resultert i en artikkel i en kommende bok om Rødøy og et turiststed ville ha brukt saken i sin markedsføring.Din konklusjon var derfor ikke hyggelig lesing, men slik er nå historien. Den kan jo vanskelig forandres i ettertid.Likevel forstår jeg ikke helt grunnlaget for konklusjonen. Dette grunnet de oppførte datoene for biskopens møte med allmuen; Brunøy 30.april, Raudøy 10.juni, Bodin 15.juni, Steig 19.juni og Alstahaug 6. juli. (Det siste stedet har han tatt på tilbaketuren). Det er tydelig at Bolt brukte lengre tid i Rødøy enn andre steder. Dette kan ha to årsaker og den ene er at han her eide flere eiendommer, som han antakelig skulle inspisere.Den andre årsaken blir nå mer spekulativ, og knytter seg til Querinis detalj om ”to hvalfangerskuter på slep”. Det var nok ikke hval, men kobber som var jaktmålet. I vår fjerding finnes et svært attraktivt jaktområde. Om Nesøy står det å lese fra 1661 at der var ”kobbeveide”, og denne jakten var så betydningsfull at den ble særskilt skattelagt med 2 daler i året. Denne øya nevnes også i Bolts jordbok.Det er bemerkelsesverdig at biskopen reiser forbi Alstahaug på vei nordover og heller tar det området på returen. Dette, sammen med den lange tiden mellom Brønnøy og Rødøy, tyder på at han hadde noe særskilt å gjøre i min fjerding.Ja, jeg undres og det er slikt noe som gjør historie fascinerende.Mvh Trond Aakvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

(10): Det vi har, er nokre datoar for møte med allmugen i ein del prestegjeld, både i Nordland, Trøndelag og Møre. Her har erkebispen personleg vore til stades. (Det finst også eit diplom som refererer til eit møte i Trøndelag der erkebispen var representert ved ein sendemann.) Og så har vi skildringa frå Querini. Resten må vi resonnere oss fram til, m.a. kva erkebispen gjorde mellom dei datoane vi har.Erkebispen m. følgje (geistlege, hird, embetsmenn, m.m.) var nok ein krevjande gjest å ha i hus, og det høvde neppe å tilby den kosten og husværet som folk flest måtte greie seg med; ikkje eingong det fint folk i distriktet til vanleg måtte greie seg med. Sjølv om han venteleg hadde ein del proviant med seg, og i tillegg kunne bruke skatt/landskyld, var det neppe resursgrunnlag for å fø på eit følgje på over 200 pers i over ein månad på ein stad. Det var vel heller ikkje tilstrekkeleg med meiningsfyllte oppgåver å ta seg til for erkebispen så lenge. Vi kjenner Aslak Bolt som ein aktiv herremann, som tok tak i mange ting som hadde vorte liggande under forgjengarane. Det var ikkje ferieturar han la ut på...Mellom 30.april og 10.juni kan erkebispen ha reist attende til Nidaros - det vil vere god tid til det. Men fram og attende to gongar same sommaren er lite truleg - det er bortkasta tid og møde. Sidan vi veit at han vitja mange prestegjeld, er det rimeleg å tru at han gjekk inn for å vitje alle. Då passar ein tur til Lofoten og Andenes inn mellom dei to datoane.Det var nok både kval og kobbejakt i området. Men den skatten du nemner på 2 dr (i 1661) er småpengar. Det svara til landskylda frå eit lite eller mellomstort gardsbruk. At ein stad er nemnd i Aslak Bolt si jordebok, vil ikkje seie anna enn at det var erkestolen (dvs. embetet) sin eigedom - stor eller liten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leif Johannessen

Det er likevel noe rart her. Dette skal være fra Amund Hellands versjon av Querinis beretning:”Vi drog afsted paa en aarstid, da dagen allerede var bleven lang; ved udgangen af mai maaned saa vi solen i træk i 48 timer.”Etter dagens kalender får Svolvær midnattsol 28. mai – øvre rand 25. mai. For Bodø som ligger nærmere Røst i breddegrad, er tilsvarende datoer 4. juni og 31. mai. Jeg vet ikke om det var avvik mht. dette i 1432. Men hvis de så midnattsol i nord ”ved udgangen af mai maaned” kunne de vanskelig ankomme Trondhjem 29. mai? Her kan det se ut som om det er noe som ikke stemmer.En annen merkverdighet er at den andre beretteren – Antonio di Chorado – angivelig sier at de på tilbaketuren fant vrakrester av den andre livbåten da de var kommet 200 mil fra ”Rustene”. Hva betyr det? Til sammenligning er det i direkte linje fra Røst til Bodø ca. 100 km.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trond Aakvik

Til (12)Det finnes flere avskrifter og varianter av Querinis beretning. Den første på norsk var av Gerhard Schøning i 1763. I dag regnes nok som mest anerkjent og kildekritisk den vi finner i boka ”I paradisets første krets” av Helge A. Wold fra 1991. Det er denne versjonen jeg forholder meg til her i denne tråden på Brukarforumet.Mvh Trond Aakvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leif Johannessen

Svein Molaug skriver (i 'Vår Gamle kystkultur I') om jektefarten nordfra:”Fra Lofoten gikk leia over Vestfjorden til Helligvær (nordvest av Bodø), derfra sørover til Støtt.”Vanskeligheten er at de angivelig observerte midnattsol (Wold avviker vel ikke der?) samtidig som de ankom Trondhjem 29. mai. Videre at de fant vrakrester etter 200 mil. De kan muligens ha krysset Vestfjorden lenger nord, men fortsatt synes tidsangivelsen for midnattsol sett i sammenheng med ankomsten til Trondhjem å være et problem med mindre det kan forklares ut fra en avvikende kalender.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Trond Aakvik

Innlegg (14)”Nordfarleden” finner vi på kartet Nordlandia fra rundt 1750, og det viser Querinis reiserute – siden han dro med et tørrfiskskip på vei til Bergen. Støtt ligger i Meløy og leia videre gikk innaskjærs gjennom Rødøy.De vrakrestene du nevner er fra livbåt nr. 2 tilhørende Querinis kogge.Mvh Trond Aakvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Leif (12): Det er (minst) tre ting du må ta omsyn til her.Det første er at datoane på 1400-talet etter den julianske var 9 dagar feil i høve til solåret. Juliansk 16.mai 1432 vert 25.mai dersom ein gjev Gregors meir nøyaktige kalendar tilbakeverkande kraft. Altså ville ein i Svolvær sjå sola ved midnatt då Querini skreiv 16.mai 1432.Det andre er at polaksen, og dermed tidspunktet for midnattsol, pendlar noko. Det let seg gjere å rekne ut korleis dette var i 1432.Det tredje er at Querini sikkert ville fortelje at han hadde sett noko som ingen andre i miljøet hadde sett: midnattsol. Då kan det hende at han 'smurde litt på'.Så kan ein også legge til at tidspunkta du finn i almanakken gjeld ved havoverflata - kanskje også utrekna for ei ideell kule. Dersom Querini klatra litt opp i høgda, ville han sjå midnattsola nokre dagar før.Og endeleg kan ein godt tenkje seg at Querini m. følgje faktisk utsette avreisa så lenge at dei kunne få sjå dette (for ein sør-europear) underlege fenomenet midnattsol.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

(16), andre punktet: Formelen for utrekning står her: http://en.wikipedia.org/wiki/Axial_tilt , og vi kan rekne ut at i 1432 låg polarsirkelen 4,50 bogeminutt eller 8,3 km lenger sør enn i 2009. Akkurat dette gjorde altså liten skilnad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×