Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R Sæther

[#74617] Lesehjelp Gloppen 1696 - fadrar eller fedre?

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

I slutten av februar 1696 vert det døypt eit uekte barn med namnet Helge Lenke - mor Brite Johannesdtr Stokke.Eg ville gjerne lese namnet på faren til Aksel Lauritson Jordanger, men så står der også Peder Knutson Jordanger - er det fadrar der står?Korleis vil de andre lese dette? Merk Peder Knutson sitt barn to linjer lenger nede.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Nesje Myhr

Bladde litt videre i kirkeboka. Lenke Ser ut som begge er oppgitt som mulige fedre og begge har måttet står fram med dette. Axel Lauritzen Jordanger for leyermaal med Britte Johansdtr i februar. Britte Johansdtr Stocke Public absolveret for leyermål i april og Peder Knutsen Jordanger for Leyermaal med Britte Johansdtr Stocke i august.Står noe i mellom som jeg ikke helt klarer å tyde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sigbjørn Sandsmark

....i sit Ægteskap....er det vel som står i midten?God Jul Aase !

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Mange takk, dette hadde eg ikkje sett. (Peder får for leiermål i sitt ekteskap). Her har nok begge vore ute og forsyn(t)da seg, så i dag ville det vore aktuelt med DNA-test. Barnet Helge har eg ikkje funne meir om enno, men det kjem kanskje lenger ute i boka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Det er visst ikkje berre Peder som har sala opp to hestar samstundes - her blir det lyst for Aksel L Jordanger Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Helge (uvisst kva kjønn) levde ikkje lenge Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Eg ser eg har feil årstal i overskrifta - det skal vere 1697.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Helge er vel mest truleg jentenamn - om det hadde vore gut hadde det vel stått Helje i vårt område ? Eller eg eg heilt på jordet no ? Må innrømme at eg kansje er på gyngande grunn.God jul til Aase og dåkke andre frå meg som er innom som snarast - oppheld meg for tida i Turku, Finland (Åbo)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Eg er 95 % enig med deg, Harald, men har funne døme på skrivemåten Helge på mannsnamnet og, sjølv om eg ikkje finn noko i farten. Uttalen har nok vore ulik. Og god jul til deg og!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Då fann eg eit døme på denne skrivemåten - Helge Erikson står som nr 7 ovanfrå på høgre side. www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11423&idx_id=11423&uid=ny&idx_side=-76 Godt nytt år til alle!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.