Gå til innhold
Arkivverket

[#74823] Johan Kåsa - Kven var han?


Gjest Åse Emilie Øy
 Del

Recommended Posts

Gjest Åse Emilie Øy

Takk, Arne T. Tek utgangspunkt i at du er godt kjent, slik at vi ikkje treng jobbe vidare her. Problemet er elles at når denne saka tek så lang tid, er det ikkje lett å hugse alt ein har vore borti før.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Etter at 1910- folketeljingi kom, hev eg leita meir etter Johan Kaasa. No hev eg gjort meg nokre tankar som eg vågar å lufte, sjølv om eg ikkje veit om eg skal tru på dei eller ikkje. Eg synes det må vera klårt at Johan hev feilinformert for å løyne identiteten sin. Noko er i alle fall gale. Ideen min er slik: Ein Johan Ludvig er fødd i Skafså 20.11.1886 og døypt på nyåret i 1887, sjå klokkarbok for Skafså. Foreldri er verksarb. Oliver Ludvigsen og Kristiane Danielsdotter. Han er fødd i Indre Holmedal i Sunnfjord, ho i Stavanger. I 1900 finn me att Johan i Froland under namnet Johan Raana. Kan Raana vera feilskriving for Kaasa. Han vert konfirmert i Froland i 1901, men vert då berre kalla Ludvig Olliversen. Han bur ikkje i lag med foreldri sine. Dei finn me i Barbu i 1900 saman med sonen Oluf f. 1880. Eg finn dei ikkje i folketeljingi for Mo i 1891. så at han hev halde så godt på dialekten herifrå, er noko rart. Eg hev også funne dei i 1910. Ved desse namneskifti augnar eg ein liten identitetsforfalsking, eller er det eg som er for mykje på vakt. Eg kastar i alle fall fram tanken, og så fær andre vurdere han.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Etter at 1910- folketeljingi kom, hev eg leita meir etter Johan Kaasa. No hev eg gjort meg nokre tankar som eg vågar å lufte sjølv om eg veit ikkje om eg skal tru på dei eller ikkje. Eg synes det må vera klårt at Johan hev feilinformert for å løyne identiteten sin. Noko er i alle fall gale. Ideen min er slik: Ein Johan Ludvig er fødd i Skafså 20.11.1886 og døypt på nyåret i 1887, sjå klokkarbok for Skafså. Foreldri er verksarb. Oliver Ludvigsen og Kristiane Danielsdotter. Han er fødd i Indre Holmedal i Sunnfjord, ho i Stavanger. I 1900 finn me att Johan i Froland under namnet Johan Raana. Kan Raana vera feilskriving for Kaasa. Han vert konfirmert i Froland i 1901, men vert då berre kalla Ludvig Olliversen. Han bur ikkje i lag med foreldri sine. Dei finn me i Barbu i 1900 saman med sonen Oluf f. 1880. Eg finn dei ikkje i folketeljingi for Mo i 1891. så at han hev halde så godt på dialekten herifrå, er noko rart. Eg hev også funne dei i 1910. Ved desse namneskifti augnar eg ein liten identitetsforfalsking, eller er det eg som er for mykje på vakt. Eg kastar i alle fall fram tanken, og så fær andre vurdere han.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Johan O. Strand 1886.11.20 Mo, Telemarken el hf g jernbanearbeider Aamli: Kløvfjeld Folketelling 1910 for Åmli herredDette er den einaste eg finn som kan stemme på Folketelling 1910 når eg søkjer på datoen 20.11.1880.Når Arne T. seier han har funne dei på Folketelling 1910, så finn eg berre foreldra i Arendal. Oliver er frå Strand i Indre Holmedal, så at dei tek namnet Strand kan høve godt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Den Oliver Ludvigsen som står i Folketelling 1865 er då 6 år, og vil vere fødd ca. 1859.I Folketelling 1910 for Arendal er Oliver Ludvigsen fødd 24.09.1846 og Kristiane fødd 08.05.1845.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

I innlegg 134 er det ein feil. Det skal stå når eg søkjer på datoen 20.11.1886 (ikkje 1880).Men Johan O. Strand er fødd 20.11.1886.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Huff, ja, du hev så rett, Gro Berit. Det gjekk visst litt fort. Eg såg at Johan var tvilling, men trudde den andre var førd ein annan stad, som jente eller dødfødd. Johan Ludvig var liksom skrive slik at det var ein person. Til Emilie: Det eg meinte med at eg hadde funne dei i 1910, var foreldri, som då bur i Arendal. Johan hev eg funne i Gjøvdal og Åmli, om det då er rette personen. Det er truleg tvilsamt. Elles fann eg dåpen til Oliver Ludvigsen. Indre Holmedal er det same som Gloppen, så ein må inn i kyrkjebøkene der. Eg ser og at det er eit par stader i Froland som heiter Raana, så då er det kanskje rett skrive likevel. Mi erfaring er at det hev blive mykje feilskriving ved overføring frå handskrive teljing til registreringi på data. Helsing Arne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arne T. Aabø

Eg rotar visst stadig. Denne Johan Oliversen kan me visst berre sjå vekk frå. Den Johan som er fødd i Mo 20.11.1886 er nok identisk med Johan O. Straand i folketeljing 1910 i Kløvfjeld, Åmli. Det var han som vart konfirmert i Froland i 1901. Gåta omkring Johan Kaasa vert berre større og større. Me skulle hatt 1891- folketeljingi i landsutgåte, men det er truleg ikkje aktuelt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Hei Arne T.Ikkje ver lei deg, det er veldig artig når folk er kreative. Og det kan vere nyttig i denne saka.Det du skriv over - 'Johan hev eg funne i Gjøvdal og Åmli, om det då er rette personen. Det er truleg tvilsamt.' Sjå mitt innlegg nr. 122. Eg har funne vår Johan registrert to gonger, den eine gongen med fast bustad på Helleren og den andre gongen med mellombels opphald i Stoa. Dette her er vår Johan, heilt sikkert. Her er eg godt kjent, og kan gjerne forklare meir om plassane han bur, om det er interesse for det. Men dette er vår Johan - garantert. Etter at han kom til oss er alt greit - spørsmålet er kven han var før han kom til oss.Når både vår Johan og Johan O. Strand er registrert på Folketelling 1910, så er det også sikkert at det er to ulike personar. Vår Johan var her skogsarbeidar og Johan O. Strand var på jernbanen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

På Folketelling 1910 la eg særleg merke til at det står at vår Johan er medlem av statskyrkja. Difor tok eg kontakt, og fekk dette svaret:Hei, Siden han er født på 1880-tallet er ikke dette registrert i dagens medlemsregister for Den norske kirke. Dåp er skrevet inn i Kirkebøkene, og dette må søkes hos Statsarkivene eller Riksarkivet. Kirkebøker avleveres normalt dit omkring 70 år etter at siste innførsel er gjort.Dersom han er døpt i en kirke i Aust-Agder må du henvende deg til Statsarkivet i Kristiansand eller Augst-Agder-arkivet i Arendal. Mange kirkebøker er også mikrofilmet og senere digitalisert og mulig å lese på nettet.Gå inn på denne nettsiden for videre kontakt med arkivverket:LenkeMed vennlig hilsenDag Trygve Henriksen Arkivleder Den norske kirke, Kirkerådet tlf. 23 08 12 23 www.kirken.no***********************************************************Men er det meir vi kan gjere her? Det ser ut til å vere slik at dei som går ut blir sletta, slik at det ikkje finnast historiske data. Og er det fleire kyrkjebøker enn dei som alt ligg på digitalarkivet? Desse har vi vel endevendt.Til slutt er spørsmålet om det er sikkert at han var medlem, sjølv om det står her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

OppsummeringJohan Kåsa kom til oss (Åmli i Aust-Agder) i 1909. Han var fødd 27. mai 1881 og var frå ein husmannsplass i Skafså i Telemark.Johan var skogsarbeidar. Han kunne alt gardsarbeid. Han var også tømmerfløytar. Han hadde arbeidd på Treungbanen då denne vart bygd, og han jobba på anlegg på Felle-vegen.Johan elska fisketurar og fritid ute i naturen.Då Johan kom til oss hadde han kjærleikssorg. Nokre år før han kom til oss, hadde han kome til Treungen. Der hadde han vore saman med Marie. Ho gifta seg i 1910 med ein annan mann. Dei reiste seinare til Amerika.Før Johan kom til Treungen er det lite vi veit om livet hans.Då han var barn hadde han vore gjetar. Han hadde 3 søsken, Olav, Halvor og Birgit.Då han var ung hadde han vore skysskar på Skotfoss.Johan var godt kjent over heile Telemark. Han fortalde aldri noko frå nokon annan stad.Johan snakka Telemarks-mål. Han har vore skuleflink. Når ein snakka med Johan, fekk ein ei kjensle av at han kom frå den eldste og mest norske staden i heile landet. Innafor der var det berre Dovregubbens hall att.Mine kommentarar1. Identiteten til Johan - at han er fødd 27. mai 1881 og at han er frå Skafså i Telemark - har han levd under heile tida han har vore hos oss. Dette står det også i dei opplysningane som er om han på arkivet i Kristiansand. Har Johan endra noko på identiteten, så er dette gjort før han kom til oss. Og denne identiteten er godkjent av det offentlege. (I Folketelling 1910 står det at han er fødd 27.05.1884 - ikkje 1881 som vi har - men dette kan vere ein skrivefeil.)2. Vi forstod det alltid slik at han var frå ein husmannsplass i Skafså. I ein artikkel om Johan - der han blir intervjua - seier han at han er “opprinnelig fra Bandak i Mo i Telemark, var født der i 1881 på Kåsa, nærmest en plass å kalle.” Her seier han ikkje direkte at det er ein husmannsplass, men heller eit småbruk. Og det går også fram at etternamnet Kåsa har han etter denne plassen. Når det her står Bandak, så var Johan godt kjent og det var ikkje journalisten - så det kan hende at Johan har freista å forklare han at det var eit lite bruk i nærleiken av Bandak. (Bandak er ein innsjø.) Her er det på sin plass med ein kommentar til at Johan stilte opp til intervju - og dette her var noko han likte godt - då sola han seg og lyste opp. Var identiteten endra, var han i alle tilfelle ikkje redd for å bli avslørt med å kome i avisa.3. Under denne debatten har det kome inn framlegg på om Johan kan ha jobba på Åmdals verk. Johan har aldri sagt at han har arbeidd i ei gruve. I sommar var eg til Åmdals verk og såg på dei bileta som var utstilt der. Men eg fann ikkje nokon som likna på Johan. I arkivet til verket har eg forstått det slik at alle som har arbeidd der er med. Men dette arkivet er på flyttefot, og det vil ta litt tid før det blir gjort tilgjengeleg.4. Johan fortalde at han hadde jobba som skysskar på Skotfoss. Arkivet til Skotfoss bruk er eit privatarkiv, som er overtatt av det offentlege. Det er eit veldig stort arkiv. Eg har fått stadfesta at dersom Johan har vore tilsett ved Skotfoss bruk, og tilsetjinga er på ein slik måte at han har fått utbetalt løn, så er det heilt sikkert at han er i dette arkivet. Men dette arkivet ligg nedpakka - det finnast ikkje ressursar til å gjere det offentleg tilgjengeleg.5. Johan er funnen registrert som Johan O. Kaasa, og dette med denne O-en, det er ei sikker opplysning.6. Johan sin dialekt er frå Telemark. Eg har høyrt på nokre opptak gjort av NRK. Særleg skreiv eg opp alle orda som var frå Skafså. Johan nytta alle desse.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Veldig fint at du laga denne oppsummeringa Åse Emilie!Til Arne: Har du vore i kontakt med IKA om der finst skuleprotokollar?Når han ikkje er å finne 1900 tellinga, kan han då ha vore i Skotfoss tru? Skotfoss høyrer vel med til Skien 1900, og der er det vel ein del manglar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Biberg Kristensen

Skotfoss hørte til Solum i 1900, og ifall han bodde på Skotfoss skal han være å finne i (Lenke). Jeg foreslår et søk på fornavn lik Johan og gårdsnavn inneholder 'skotfos'. Jeg ser ikke umiddelbart noen som passer, men så har jeg heller ikke fulgt med så nøye i denne tråden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Biberg Kristensen

Forresten er alt under gårdsnr. 83 (Omdal) i Skotfoss-området. Her er det 29 personer med Johan til fornavn. Se «Gardnr inneheld 83».

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Johan på Folketelling 1910, fast bustad:Hjem Kontakt Nettkart Digitalarkivet Katalogsøk Feeds A A A Om Digitalarkivet Folketellingen 1910 Bokhylle Debatt Databasevelger English DA Hjelp Du er her:HjemDigitalarkivetSøk i kildene Åpne for enkelt søk Lukk Søk HjelpAvansert personsøkAvansert eiendomssøk Personsøk Eiendomssøk Folketelling 1910 for Gjøvdal herredJohan Kaasa Skriv utNyttig tips! Klikk på de blå lenkene i venstre kolonne for å se alle detaljer om en person, en leilighet, et bosted eller en tellingskrets. ID: pf01036564000733 Kjønn: m Rolle: Alder: Husholdningsnummer: 01 Fødselsdato: 1884.05.27 Personnummer: 005 Fødested: Skafsaa, Telemarken Familiestilling: el Bostatus: f Sivilstand: ug Sedvanlig bosted: Yrke: skogsarbeider Antatt oppholdssted: Stua i Aamli Arbeidsledig: Bygning for natteopphold: Trossamfunn: s Statsborgerskap: n Sykdomstilstand: Etnisitet / fars etnisitet: Varighet av sykdom: Mors etnisitet: Forsørgers livsstilling: Språk: Slektskap med ektemann: Etasje: Merknader: E: Slutt på tellingkreds 4. Siste post i Gjevedal herred F10930. HusstandsmedlemmerP.nr. H.nr. Navn Fødselsdato Fødested Familiestilling Sivilstand Yrke Bostatus 001 01 Anders Jakobsen 1857.05.09 Berg i Vaaler el ug skogsarbeider b 002 01 Olav Torsen 1874.03.01 Risør i Fjotland el hjemme hf g leilending og skogsarbeider mt 003 01 Olav Olsen Neset 1889.08.08 Aamli el hjemme s ug skogsarbeider mt 004 01 Knut Olsen Neset 1893.03.03 Aamli el hjemme s ug skogsarbeider mt 005 01 Johan Kaasa 1884.05.27 Skafsaa, Telemarken el ug skogsarbeider f Bosted (hus/gård/tomt)B.nr. Bostedets navn Matr.nr/Gnr Løpenr/Bnr Antall husholdninger Tilstedeværende personer Hjemmehørende personer 0005 Helleren 28 7 4 2 TellingskretsK.nr. Tellingskretsens navn Sogn Prestegjeld Herred / by Merknader 004 Olstad Aamli Gjevedal RessursfeltKildeinformasjonKildetype: FOLK Område: Nedenes fogderi, Gjøvdal herred Sted: Kommunenr:Dokumentasjon Registreringsinformasjon Soknehistorikk Relaterte lenkerHvordan finne kilder?Ofte stilte spørsmålSoknehistorikkArkivportalen.no RHD Pb 4013 Ullevål Stadion 0806 Oslo Tlf: 22 02 26 00 E-post: riksarkivet@arkivverket.no Sist oppdatert 25.11.2008Johan, Folketelling 1910, mellombels bustad:Hjem Kontakt Nettkart Digitalarkivet Katalogsøk Feeds A A A Om Digitalarkivet Folketellingen 1910 Bokhylle Debatt Databasevelger English DA Hjelp Du er her:HjemDigitalarkivetSøk i kildene Åpne for enkelt søk Lukk Søk HjelpAvansert personsøkAvansert eiendomssøk Personsøk Eiendomssøk Folketelling 1910 for Åmli herredJohan Kaasa Skriv utNyttig tips! Klikk på de blå lenkene i venstre kolonne for å se alle detaljer om en person, en leilighet, et bosted eller en tellingskrets. ID: pf01036563000316 Kjønn: m Rolle: Alder: Husholdningsnummer: 01 Fødselsdato: 1884.05.27 Personnummer: 009 Fødested: Skafsaa Familiestilling: b Bostatus: mt Sivilstand: ug Sedvanlig bosted: Gjevedal Yrke: Ved & Tømmerhugt Antatt oppholdssted: Arbeidsledig: Bygning for natteopphold: Trossamfunn: s Statsborgerskap: n Sykdomstilstand: Etnisitet / fars etnisitet: Varighet av sykdom: Mors etnisitet: Forsørgers livsstilling: Språk: Slektskap med ektemann: Etasje: Merknader: HusstandsmedlemmerP.nr. H.nr. Navn Fødselsdato Fødested Familiestilling Sivilstand Yrke Bostatus 001 01 Aane Johnsen Stoa 1860.04.25 Aamli hf e Husmand & Tømmerhugger b 002 01 John Aanesen 1888.05.18 Aamli s ug Husmandssøn & Tømmerhugger b 003 01 Ole Aanesen 1898.06.26 Aamli s ug Husmandssøn b 004 01 Olaf Aanesen 1903.03.14 Aamli s ug Husmandssøn b 005 01 Kjetil Aanesen 1906.01.28 Aamli s ug Husmandssøn b 006 01 Gunhild Aanesdatter 1889.11.14 Aamli d ug Husbetyrerinde b 007 01 Gunda Aanesdatter 1901.05.28 Aamli d ug Husmandsdatter b 008 01 Sigrid Aanesdatter 1909.05.05 Aamli d ug Husmandsdatter b 009 01 Johan Kaasa 1884.05.27 Skafsaa b ug Ved & Tømmerhugt mt Bosted (hus/gård/tomt)B.nr. Bostedets navn Matr.nr/Gnr Løpenr/Bnr Antall husholdninger Tilstedeværende personer Hjemmehørende personer 0012 Stoa 9 8 TellingskretsK.nr. Tellingskretsens navn Sogn Prestegjeld Herred / by Merknader 002 Gjeveland Aamli Aamli RessursfeltKildeinformasjonKildetype: FOLK Område: Nedenes fogderi, Åmli herred Sted: Kommunenr:Dokumentasjon Registreringsinformasjon Soknehistorikk Relaterte lenkerHvordan finne kilder?Ofte stilte spørsmålSoknehistorikkArkivportalen.no RHD Pb 4013 Ullevål Stadion 0806 Oslo Tlf: 22 02 26 00 E-post: riksarkivet@arkivverket.no Sist oppdatert 25.11.2008

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.