Gå til innhold
Arkivverket

[#74823] Johan Kåsa - Kven var han?


Gjest Åse Emilie Øy
 Del

Recommended Posts

Gjest Åse Emilie Øy

Johan Kåsa, fødd 27. mai 1881 - død 1971.Johan kom til oss 30-40 år gammal. Før denne tid hadde han farta rundt i Telemark og tatt seg meir eller mindre tilfeldige jobbar. Ei stund hadde han vore skysskar på Skotfoss, der hadde han kanskje vore lengst. Han fortalde sjølv at han var frå ein husmannsplass i Skafså. Men når vi prøver å finne han i Digitalarkivet sine kyrkjebøker, så ser det heilt umogleg ut. (Men vart alle på denne tid døypte og konfirmerte?) Når vi ikkje kan finne han, så blir vi redde for at familien kan ha flytta rundt og endra etternamn. Han snakka innfødt telemarksmål, det er difor heilt sikkert at han er oppvaksen i Telemark. Han hadde ikkje problem med å lese og skrive, så han må ha hatt ei eller anna form for undervisning. Kanskje han er å finne i ein gammal skuleprotokoll? Johan imponerte oss stort med at han kunne Storegut av Åsmund Olavson Vinje utanboks, men seinare er eg blitt fortalt at i den kulturen han vaks opp, så var dette ganske vanleg. Og det vil vel seie at han i alle fall er frå Vest-Telenark? Då han var barn hadde han vore gjetar. På denne tida farta målaren Gude rundt i Telemark og måla nasjonalromantiske motiv. Johan fortalde at han ein gong som gjetargut hadde stått modell for Gude. Først og fremst - er det nokon som sit inne med spesialkompetanse på husmannsplassar i Skafså? Kan nokon seie sikkert om han er derifrå?Elles er vi interessert i opplysningar om alle som heiter Johan, er frå Telemark og er fødd 27. mai 1881.Mvh Åse Emilie, Åmli

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Der finst ein Ole Johan på Kasen i Mo 1891. Det står fødd 1879, men denne bør kanskje sjekkast. Ikkje alltid årstal i tellingane stemmer. Lenkemvh Gro Berit

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Det er ikkje han. Men takk for tipset - det er veldig interessant at det kan stavast Kasen og Kaasen. Desse har kanskje budd på same husmannsplassen som vår Johan. Det kan kanskje vere ein husmannsplass der som har hatt ein viss gjennomtrekk?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Nei, han var lett å sjekke ut.Kanskje du kan spørja på kyrkjekontoret (kyrkjevergen), dei burde ha fødestad oppgjeven ved gravlegginga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Sidan familien ikkje er å finne i Mo 1891, så må dei ha flytta ut imellomtida. Mini for Mo er ikkje skanna endå, kanskje dei heller ikkje er innlevert. I Klok finn eg ikkje utflytting.Du spør om alle vart døpt/konf., og då er svaret nei. Dei kan ha vore utafor statskyrkja. Dåp kan og skje fleire år i etterkant.1900 tellinga gjev heller ikkje noko svar, ingen Johan f. Skafså eller Mo 1881.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjetil Sigvart Eidskard

*** trur eg lånte Skafsåbøkene av ein kamerat av meg - og det var vel der det stod om arbeidfolk på værket i Skafså det var voldsom gjennomtrekk og ei veldig lang liste over arbeidsfolk. Synes hugse at der var eit verk av liknande slag i Ulefoss/Hola traktene og kanskje same selskapet slik at arbeidarar flytta att og fram.*** mvh kse ***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Han høyrde til hos oss, og vi feira fødselsdagen hans denne dagen. Han sa dette sjølv. Den var også offentleg, den stod på gravstøtta hans.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Er gravstøtta offentleg? Det er nok nokon privat som har betalt for den, samt bestemt kva som skal vera teksten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Johan blei eldre etter kvart, og han fekk alderstrygd av det offentlege. Dei heilt siste åra var han på aldersheimen i Åmli. Han etterlot seg pengar, og gravstøtta vart betalt av desse pengane. Det var aldersheimen i Åmli som bestemte teksten på gravstøtta. Resten av pengane gjekk til det offentlege. Men dei hadde spandert ei fin gravstøtte på han.Det offentlege som betalte han alderstrygd hadde godkjent fødselsdatoen hans, og brukte denne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Flaten

Det fantes en Johan Olafsen på garden Aakre i Kviteseid i 1900. Han var født i 1882? i Høydalsmo. Høydalsmo ligger i Tokke, og det gjør Skafså også. LenkeEllers kan bemerkes at Kåsa, Kaasa, Kåsene, Kaasene, Kasen osv er velbrukt i Vest-Telemark. Ordet viser til et område som er ryddet ved hjelp av ild for deretter å ha blitt brukt til åker.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Det kan vere han. Han har arbeidd med vanleg gardsarbeid og skogsarbeid over heile Telemark. Han var særleg flink som flåtar (tømmerfløting) og når det skulle fløytast tømmer, var han alltid med som ein av dei viktigaste personane. Når han var så god på dette, måtte det vere ein kombinasjon av intelligens og erfaring.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Då er det ikkje han, nei. Tenkte om vi kanskje kunne begynne å søke på Johan Olafsen, men då droppar vi det. Takk for tipset, det var mykje arbeid spart!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Jeg har bladd gjennom alle kib for Telemark etter Johan's dåp uten å finne noen som er f. 27.mai (med forbehold), han kan jo være sent døpt. Noe av det nærmeste jeg kommer er han som er født 29-7-1881 [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1414&idx_id=1414&uid=ny&idx_side=-42>LenkeHer er han sammen med foreldrene på Tuftekaas

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Åse Emilie Øy

Artikkel om Johan, som eg har funne igjen. Den er av Godtfred Lorentsen, Åmli. Då har han intervjua Johan. Her står det: 'Johan er opprinnelig fra Bandak i Mo i Telemark, forteller han. Var født der i 1881 på Kåsa, nærmest en plass å kalle. Det ble skogen som kom til å ta brorparten av ham. Fløting og tømmerhøgst, jakt og fiske. Han er vant med å ligge med 8-10 mann i skogskoier med ett rom, der svettetrekte og regntunge klær henger overalt og tørker og forpester lufta utover kvelden og natten. Sjuk av slikt? Langtifra. Han har alltid vært frisk. Frisk som en fisk, slik han er i dag. Frisk og kvikk, enda han forlengst har passert de åtti. Det var i 1909 at han kom til Åmli. Han hadde da vært noen år i Treungen først. Var med på byggingen av Treungbanen ved forskjellige slags arbeid, men måtte tilbake til skogen. Den hadde grepet ham og fikk han i sin favn for godt.'Det er ikkje vår Johan som er på innlegga over, men veldig artig med all interessa. I det som er saksa frå denne artikkelen, så står det litt fakta, det kan kanskje vere til hjelp? Her står det at han er frå Bandak i Mo, og det står at han kom til Åmli i 1909 og at han hadde vore nokre år i Treungen først. Då må han ha vore ganske ung då han kom til Treungen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Det ser ut som om det er flere av oss som har funnet ut at ingen Johan ble født 27/5 1881 i Bø (Skafså).Hva med den Johan jeg foreslo i (6) og (7). Han ble jo født på Langkaas.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.