Gå til innhold
Arkivverket

[#74965] Bygdebok for Hægebostad, Vest Agder ?


Gjest Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Gjest Harald L. Bakke

Fins det bygdebok for Hægebostad i Vest Agder?Er det nokon som då evt. kan slå opp og gje opplysningar om paret Knut Knudsen og Anna Andersdtr. på garden Gletne ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald L. Bakke

Takk skal du ha Gaute!Eg forstår det slik at bygdeboka for Hægebostad ikkje er digitalisert eg er difor interessert i om nokon kan gjere oppslag under garden Gletne for meg. (Jfr.innlegg 1 og 2)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gaute Klepp

Ny informasjon:[ Publisert 10. januar 2007 ] Bygdebok for Eiken Det første av tre bind med gårds- og slektshistorie for Eiken i Hægebostad kommer nå på nyåret. Forfatter er Ådne Fardal Klev, som har hatt hjelp av mange til å samle inn materiale. I første bind er gårdene Eftefjell, Neset, Eiknes, Vik Austre, Grostøl, Blåka, Gletne, Vasland, Nerstøl, Stulien, Kvåle, Verdal og Tilhaugen med. [Kilde: Fædrelandsvennen, 11. desember 2006.]

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Søren Storaker

Hægebostad kommune var tidligare to kommunar, Eiken og Hægebostad. Gletne ligg sør i Eiken, på grensa til Hægebostad. Så det er den nye bygdeboka Gard og ættesoge for Eiken, bind 1, du skal ha tak i.Side 205: Anne Andersdotter Gletne (1801-1893) g 1818 Knut Torkelson Gyberg (1791-1871)(Gyberg er i Hægebostad). Dei hadde 11 barn, deriblant Knut Knutso Gletne (1836-1913) g 1862 Maria Larsdotter Bergstøl, Hægebostad (1840-1934). Dei hadde 8 barn.Knut Torkelson var skulehaldar i Herad før han gifta segmed Anna. Dei busette seg på Gletne, og tok foreldra hennar i føderåd.I Eiken-boka kan du finne forfedre til Anna tilbake til bl.a. Anders Soneson Gletne, d 1607, og Anstein Bjørnson, Eiersland, Lyngdal, død 1635. Og du kan finne etterslekt. Kva slag opplysningar ønsker du?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald L. Bakke

Mange takk Harald Søren, dette var flott!Eg arbeider med å finne forfedrene til ei dame i USA som stammar frå dette paret. Ho set sikkert pris på å få så mykje opplysningar som mulig, særleg om forfedrene sine.Ho er og interessert i å komme i kontakt med evt. nolevande slektningar i Noreg.Her er link til temaet eg har starta på DIS.Lenke- Harald.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.