Gå til innhold
Arkivverket

[#75233] Falck-Jørgensen - ein søskenflokk frå Namsos - oppslag i studentbøker/liknande?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Sokneprest Harald August Jørgensen, fødd i Bergen 17.8.1849, død ???, gifte seg i Bergen 29.4.1875 med Marianne Fredriksdotter Falck, fødd i Hafslo i Sogn 6.1.1853, død ??? og budde tidvis i Ulvik, i Verdalen og frå 1888 i Namsos (Vemundsvik). Dødsdatoane deira er ukjende.Dei fekk mellom anna desse sønene, som alle skal ha teke namnet Falck-Jørgensen:* Sigurd Falck-Jørgensen, fødd i Ulvik 11.3.1876, skal ha busett seg i Stavanger. Elles ukjend.* Hans Falck-Jørgensen, fødd i Ulvik 20.11.1877, gravlagd på Bragernes i Drammen 7.4.1956, gift med Lilla, bisett på Bragernes 3.1.1975. Dei skal ha butt i Drammen. Elles ukjende.* Axel Johan Weidemann Falck-Jørgensen, fødd i Verdalen 27.12.1878, skal ha vore overlærar i Tønsberg. Elles ukjend.* Fredrik Falck-Jørgensen, fødd i Verdalen 21.2.1880, døydde på Otta 14.8.1966, gift med Signe Johnsdotter Normann, fødd i Steinkjer 16.2.1881, døydde på Otta 7.8.1975. Han var ingeniør, budde mellom anna i Tønsberg, i Oppegård, på Otta. Elles ukjend.* Alf Falck-Jørgensen, fødd i Verdalen 26.5.1881, døydde 15.12.1962, gravlagd Stokke i Vestfold, gift med Anna Erica Oswvald, fødd i Christiania 7.9.1888, døydde 29.10.1975, gravlagd Stokke. Alf var cand.jur. (kva år?) og var ei tid lensmann og sakførar i Hafslo i Sogn, men flytte derifrå 1919. Seinare lagnad ukjend.* Harald August Falck-Jørgensen, fødd i Verdalen 25.5.1883, døydde 29.10.1969, gravlagd Vestre Gravlund, Oslo. Lagnad ukjend.* Carl Martell Falck-Jørgensen, fødd i Namsos 28.5.1891, døydde 1975, gravlagd Møllendal i Bergen, gift med Ingrid, fødd 1892, døydde 1989. Carl var ingeniør, budde i Bergen. Lagnad ukjend.Eg reknar med at fleire av desse gutane var studentar, og eg er svært interessert i vidare biografiske opplysningar om dei alle, og likeins om ektemakane deira.Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Norges advokater og sakførere 1932:Alf Falck-Jørgensen, født 26-5-1881 i Verdal. Eks.art. 1903, jur.emb.eks. våren 1907. Sakfører 1908. Dommerfullmektig ved Indre Sogn sorenskriverembede 1918-19. Eget kontor i Solvorn 1919-20, og fra 1920 i Stokke.Sjømann 1897-99. Lensmann i Hafslo 1910-18. Gårdbruker, tidligere i Hafslo og nu i Stokke. Gift 7-6-1912 i Oslo med Anna Erica Oswald. 2 barn.Hans Falck-Jørgensen, født 20-11-1877 i Ulvik. Eks.art. 1895, jur.emb.eks. høsten 1899. Dommerfullmektig ved Drammen skifterett 1900-03. Overrettssakfører 1903. Eget kontor fra 1903. Adr. Drammen.Fast beskikket forsvarer ved Lier, Røyken og Hurum herredsrett fra 1924. Ul.officer 1896, ul.premierløitnant i 4.divisjons infanteri 1904.Gift 1) 10-10-1899 i Oslo med Rebekka Vibe. 3 barn. Ekteskapet oppløst 1906. 2) 6-12-1911 i Drammen med Lilla Munthe. 1 barn. (I en annen biografi står det at han giftet seg med Lilla 11-12-1911 i Oslo)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg har studert innlegget frå Carsten noko nærare og ser at Rebekka Vibe var fødd i Christiania i 1879. Ho ligg gravlagd på Vestre Gravlund, gravlagd 3.9.1948 med ættenamnet Breeckes.Lilla Munthe finn eg ikkje i FT1900, og ikkje heller finn eg noki vigslw for Hans Falck-Jørgensen og Lilla Munthe i Bragernes, Strømsgodset eller Strømsø/Tangen, so kan henda gifte dei seg i Christiania?Kan opphavi til Rebekka og Lilla finnast?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg har studert innlegget frå Carsten noko nærare og ser at Rebekka Vibe var fødd i Christiania i 1879. Ho ligg gravlagd på Vestre Gravlund, gravlagd 3.9.1948 med ættenamnet Breeckes.Lilla Munthe finn eg ikkje i FT1900, og ikkje heller finn eg noki vigslw for Hans Falck-Jørgensen og Lilla Munthe i Bragernes, Strømsgodset eller Strømsø/Tangen, so kan henda gifte dei seg i Christiania?Kan opphavi til Rebekka og Lilla finnast?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for fleire nye flotte innlegg om huslyden til Hans Falck-Jørgensen. No mangklar det, når det gjeld Hans, berre nøyaktige datoar og stader for dødsfalli til Hans og dei to konene hans!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.