Gå til innhold
Arkivverket

[#75421] Den kloke fenta på Kongsberg


Gjest Elisabeth Lauareid Totland
 Del

Recommended Posts

Gjest Elisabeth Lauareid Totland

Jeg holder på å skrive en særoppgave om Storegut. Da Storegut døde reiste foreldrene hans til Kongsberg for å spørre den kloke fenta på Kongsberg om hvem som hadde drept Storegut. Er det noen som vet noe om denne fenta?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Lite truleg til hjelp, men her er også nemnd fenta, for samanhengen si skuld har eg teke med meir enn naudsynt. Fenta er nemnd i andre avsnitt:a) Mari Bollås gIIg 1841 m Harald Olson Steinsrud f 1817 d 1868. Born: forutan dei to døtrene i første ekteskap, fekk Mari desse borna med Harald: 3 Ola f 1841. 4 Lars f 1845 d s.å. 5 Ingebjørg f 1848 d 1888 i Grave u/Flatland gm Søren Jonson Grave. Før dette ekteskapet hadde Ingebjørg tvillingane Anne f 1875 d 1876 og Ola f 1875 m skreddar Nils Olson frå Drammen.Dei blei sagt at Mari helst ville hatt ein yngre ektemann den gongen ho gifta seg med Torbjørn Bollås. Men Mari fòr til Kongsberg til den vise fenta, dei kalla, og ho sa at Mari først måtte taka ein gamal mann. Da Mari blei enkje gifta ho seg med gamlekjærasten, Harald Steinsrud.Det er meir truleg at versjonen til Kjetil Valufsin er den rette: Det var Maris foreldre som ville at ho skulle gifte seg med Torbjørn, '... for han hadde hus og heim å komme til. Og så hadde han så bra kretur.'Mari skulle vere ei flink kone, særskilt dyktig var ho til å binde fiskegarn. Ho laga og 'tegjer', slike dei nytta når dei førde. Materialet til tægerkorgene var røter som ho fann i myrane.Harald braut mykje åker på Nedre Bollås. Ved sia dreiv han med vegarbeid. Han var m.a. med og la om vegen ved To-gveven. Han rudde jamvel stular for Halvor Anundson på To. Løkjestul og Myrstul i Ståldalen er rudt av Harald Bollås. Harald var best kjend som ein flink gråsteinsmurar. Mange hus blei reist på Harald sine murar, og mange piper er mura av han.Etter Mari si tid var det få som budde fast i Nedre Bollås.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.