Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Jostein Bø

[#75529] Kvar vart det av Ragnhild Agnethe Oliva Rasmusdotter Jonsen

Recommended Posts

Gjest Jostein Bø

Eg leitar etter opplysningar om Ragnhild Agnethe Oliva Rasmusdotter Jonsen. Ho vart fødd på Fore i Meløy (Nordland) 28.5.89, dotter av Rasmus (og skriven for Rosinius) Jonsen og Olea Kristine Johanne Pedersdotter. Rasmus nytta og etternavnet Johnsen og Fore, og Olea nytta navnet Krüger. Ragnhild hadde eit uekte barn i 1931, men eg har ikkje funne dette barnet eller om det var gut eller jente. Ho arbeidde før 1931 på eit høgfjellshotell før ho kom til Voss. Frå Voss forsvann ho rundt juletider 1931. Kvar ho for veit eg ikkje, men kanskje til yngste broren Olai Andreas Kröger Rasmussen i Oslo. Truleg har ho vorte gift etter 1931, men no kjem ein inn i dei sperra kyrkjebøkene, så det vert vel umogeleg å finna eventuelle born etter 1931. Tek eg ikkje heilt feil døydde Ragnhild i Farsund i 1987 som skild og nytta då etternamnet Fromsgaard. Kanskje nokon her som likevel greier å finna det uekte barnet og eventuell vigsel etter 1931??mvh Jostein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Ragnhild Fromsgaard, men her står det fødd 1899, ikkje 1889, men det var kanskje ein skriveleif?Dersom du vil ha opplysningar om henne, er det lurast å ta kontakt med krk.kontoret og be om å få namn på festar.Men dersom dette kontoret er av dei som fortsatt har sperre på å oppgje namn på festar, kan du be dei ta kontakt med festar for å høyra om det er greit at du får namnet.Eller du kan senda eit frankert brev inni ein konvolutt til Farsund krk.kontor, og dei adresserar det til rette vedkomande.Lukke til!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jostein Bø

Ja Mariann - skrivefeil. I ættetavla har eg 1899!! Hadde ikkje tenkt på å ta kontakt med prestakontoret så det var jo eit bra tips som eg vil freista om ikkje nokon kjem innpå her med opplysningar.Jostein

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.