Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anfinn Bernaas

[#75576] Tobia/Tobias Torgerson Sandvig – 1880 US census – Minnesota –

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

Eg viser til debatt 33129 i oktober 2005 her på Digitalarkivet for dei som vil ha detaljane i forhistoria. Men no handlar det om kjønn:Mary Farrell i Sacramento i California skreiv i 2005 blant anna:'The 1880 US census shows this family in Gildchrist Township, Pope County, MN, as follows: Knut Torguson, 42, b. Norway Bergit Torguson, 50, B. Norway Tobias Torguson, 20, b. WI Elizabeth Torguson, 17, b. WI Louis Torguson, 11, b. WI Andrew Torguson 9, b. MN Betsey Torguson, 6, b, MN Torger Torguson, 90, (father), b. Norway Tobia Torguson, 80. (mother), b. Norway'Det er no Tobias Torguson på 20 år i 1880 eg er komen i stuss over. Frå ei privat kjelde er Tobias oppgjeven som Tobia (same fødselsår og same foreldre). Ja, Tobia sto jamvel brur i 1883 med syskenbornet Ole J. Sandvig f. i Wisconsin januar 1857.Finst det nokon som har tilgang til den aktuelle 1880-cencusen og som vil sjekke oppføringa over på ny? Tobia eller Tobias og er 'Sex' 'Female' eller 'Male'?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

Han er ført som 'Son' og følgelig 'Male'.Name: Tobias Torguson Home in 1880: Gilchrist, Pope, Minnesota Age: 20 Estimated birth year: abt 1860 Birthplace: Wisconsin Relation to Head of Household: Son Father's Name: Knut Father's birthplace: Norway Mother's Name: Bergit Mother's birthplace: Norway Neighbors: View others on page Occupation: Works On Farm Marital Status: Single

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Hmmm, dette var ugreit! Ein skulle jo tru at folketeljinga var å stole på i eit slikt anten-eller spørsmål som kjønn, men her er eg likevel framleis noko i tvil. Spørsmålet er derfor også oversendt til ei venninne som bur i dette området i Minnesota, og som mogelegvis har tilgang til andre kjelder enn oss. Men hjarteleg takk for at du ville sjå etter, Arne S.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hanne Line Osberg Eide

Familien i 1870. Her er det en datter på 9 år, som muligens er Tobia.

bilete8445.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Patty Dahl

Hei!I agree with what you said about the 1870 census, Hanne Line... The person listed above 'Elisabeth' is certainly a daughter, age 9...it is just hard to read the name that is given...but possibly is some version of 'Tobia'...I tried to see the connection to the debatt #33129...but did not follow how they are related...(perhaps my 'basic' Norwegian did not help me understand)..Is there any information 'useful' to this discussion, regarding the 1900 census of Knut Torgeson and family? They are in the same location...in Pope county, MN. I have not seen any reference to that 1900 census...but maybe it does not helps answer any questions you have about 'Tobia'...mvh Patty

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Oj, her var det jo skjedd litt av kvart sidan sist:G[?]olina 'Torgeson' 16 år i 1870 er ei dotter frå Birgit sitt fyrste ekteskap. Faren var Søren Steinsson Karlsrud f. 1823 i Tinn. Han er sagt å vere død innan dottera 'Geolina' (oppkalla etter farmor Gro og mormor Gro) var to år. Golina er fødd 1. april 1854 i Wisconsin.På folketeljingsskjemaet frå 1870 som Hanne Line så opplysande har lagt lenkje til klarer eg dessverre ikkje å lese den fyrste bokstaven i namnet hennar som G, særleg sidan den skil seg markert frå G-en i lina under. Men kva slags bokstav det elles skal vere er eg uviss på. Eg finn nemleg ingen andre bokstavar på sida som liknar.Birgit Olsdotter Måremsrud Sandviken f. 10. oktober 1828 i Tinn gifte seg omkring 1860 i Wisconsin, etter at Stein døydde, med Knut Tarjeisson Vå f. 7. mai 1838 i Rauland. Birgit og Knut er så identisk med paret 'Knut og Berget Torgeson' i folketeljingsskjemaet. (This explanation is to you, Patty Dahl - innlegg 5)Borna til Knut og Birgit blir derfor slik etter oppstillinga i folketeljinga 1870: Gunil 11 år (dvs. fødd cirka 1859-60), Torligun[?] 9 år (dvs. fødd cirka 1861-62), Elizabeth 7 år (dvs. fødd cirka 1863-64) og Soren 2 år (dvs. fødd cirka 1868-69), alle fødde i Wisconsin.Gåta her blir namnet over som best kan lesast som Torligun. Det gjev inga meining korkje på norsk eller amerikansk. Tobia ville jo ha stadfesta folketeljinga 1880, men eg klarer dessverre ikkje å lese noko Tobia her.) Har du høve til å leggje lenkje av folketeljinga 1880 for denne familien, i same strålande kvalitet, Hanne Line?No har eg gravminnefoto på to av desse borna som er nemnde over, og da kjem det fram at Elizabeth meir presist var fødd 17. juni 1864-død ugift 31. mars 1925, og Soren Vaa var fødd 22. oktober 1868-død 2. september 1942.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hanne Line Osberg Eide

Familien betår i 1875:

bilete8461.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Etter Hanne Lines siste lenkje til folketeljingsskjema frå 1875 blei det meste mykje klarare. Birgit Olsdotter f. 1828 i Tinn hadde fyrst dottera G[e]olina f. 1854 med Søren Steinsson Karlsrud. Han døydde og Birgit gifte seg att med Knut Tarjeisson Vå f. 1838 i Rauland. G[e]olina er oppført som familiemedlem i cencus 1870, men ikkje i 1875. Men ho er jo no over 20 år gamal.Birgit og Knut hadde borna:Gunhild (ca 1858-) - oppført 1870 og 1875 Torbjor eller Tobia (cirka 1860-) – oppført 1870 [Torbjur?] og 1875 Torbjor Elizabeth Torguson Vaa (1864-1925) – oppført 1870 og 1875 Soren Torguson Vaa (1868-1942) – oppført 1870 og 1875 Andreas 'Andrew' Torguson (1871-1942) – oppført 1875 Bergitte 'Betsy' Torguson (1873-1947) - oppført 1875Tobia er såleis no blitt eit eksistensielt faktum, og attpåtil hokjøn. Mysteriet som står att er å sjå kritisk på teljeskjemaet frå 1880 (høyrer du Hanne Line – finst det i den same framifrå kvaliteten som dei andre teljingane?) nok ein gong. Arne Solås seier jo i innlegg 2 at det står Tobias som 'son', og slett ikkje Tobia. Det rimar ikkje med folketeljinga korkje i 1870 eller 1875, og heller ikkje med opplysningar eg har frå anna hald.Eg må elles leggje til at Torbjør[g] også er namnet på farmora til denne syskenflokken i Gilchrist township i Polk County i Minnesota på 1870-talet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hanne Line Osberg Eide

1880 United States Federal CensusName: Knut Torguson Home in 1880: Gilchrist, Pope, Minnesota Age: 42 Estimated birth year: abt 1838 Birthplace: Norway Relation to Head of Household: Self (Head) Spouse's name: Bergit Father's Name: Torger Father's birthplace: Norway Mother's Name: Tobia Mother's birthplace: Norway Neighbors: View others on page Occupation: Farmer Marital Status: Married Race: White Gender: MaleHousehold Members: Name Age Knut Torguson 42 Bergit Torguson 50 Tobias Torguson 20 Elizabeth Torguson 17 Louis Torguson 11 Andrew Torguson 9 Bergit Torguson 6 Torger Torguson 90 Tobia Torguson 80

bilete8477.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Det skal ikkje vere berre lett. Men eg får takke deg for bryderiet, Hanne Line. Her i 1880 dukkar det altså opp ein 'son' Tobias på 20 år heilt av det ukjente. Eg gjev framleis ikkje slepp på tanken om at dette skal vere identisk med Torbjor på 14 år (1875) og Torligun[?] på 9 år (1870). Frå anna hald har eg dessutan fått vite at det ikkje er nokon Tobias eller Tobia saman med denne familien i 1900. Men anten kjønnet måtte vere mann eller kvinne er jo vedkommande da vaksen og mogelegvis ute av heimen. Likevel, Tobias som mann vil vere den eldste guten, og såleis mest aktuell til å overta garden. Det gjer han openberrt ikkje. Det er yngre brør som her blir verande på garden. Slik eg ser det no er det berre kyrkjebøkene i det norske Amerika som kan gje sikkert svar på kva som er rett av Tobia/Tobias. Utvandrarmuseet på Hamar får besøk på forsommaren.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

Det er vel rimelig å tro at telleren i 1880 har misoppfattet navnet. Det er langt fra første gang jeg har sett et 'kjønnskifte' i disse tellingene.Mvh. Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Innlegg 11 – Solås: Det du fortel er jo ikkje bra, men samstundes lyfte du humøret mitt. Floker kan jo vere interessante, særleg om ein klarer å nyste opp den rette tråden, men visse floker er berre herk som stel tid frå det som er viktigare. Det var den noko udefinerbare kjensla av 'herk' eg sat med når det gjeld denne Tobia/Tobias-saka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.