Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Mariann Stokken

[#75707] RO, Stav/Ho, Askøy Har eg verkeleg funne Haagen? Er det nokon som kan hj?

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Fam. Search har ein ny(?) søkemulighet som dei kallar Pilotsearch, der kom det opp ein Haagen Johnsen Ullenes.[url="http://pilot.familysearch.org/recordsearch/start.html#p=recordResults;givenName=haagen;deathPlaceId=1930097;surname=johnsen;searchType=standard;deathPlace=Rogaland>Lenke, NorwayEg har i mange år leita etter kvar det vart av Haagen og Cornelia, og har forsøkt mange utvegar for å finna dei.Har funne krk.bok innføringa, Lenke der står det at Haagen er fattiglem, kan det stemma når sonen var Gardbrukar og sjølveigar:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Men desse folke du har funne på FS ser då ikkje ut til å ha noko med Askøy i Hordaland å gjera?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Her finn du Haggen din døypt i Rennesøy frå Ullsnes: LenkeKan hende han var ein tur innom og jobba på Alvøen i sin ungdom?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Haagen døyr i Stavanger som fattiglem, medan sonen bur på Tasta i Hetland og er gardbrukar. Haagen har vel arbeidd inne i byen då - og ikkje hatt noko økonomisk med sonen å gjera.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Tusen takk for innspel, eg er veldig glad for at nokon tek seg tid til å tenkja saman med meg her!Som eg skreiv igår så har eg leita opp og ned og øst og vest utan å finna ut av dette.Eg har også leita etter Haagen sin dåp utan hell, så det er mykje mogeleg at han faktisk kan ha vore frå Rennesøy.Her er han i 1801: LenkeVar det vanleg at dei reiste så 'langt' for å jobba på desse møllene i Alvøen?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Eg finn ingen Haagen Johnsen rundt Stavanger i 1801, ved søk etter f.namn børjar på Ha, etternamn børjar på Jo, så det er ikkje utruleg at det kan vera rett.Men synst det var langt avgarde å reisa til Alvøen i 1801.Må vel gå inn i krk.bøkene og sjå om han kan ha døydd ung.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Eg har gløymt å ta med at eg har gått gjennom alle barna som son/svigerdotter til Haagen og Cornelia fekk.Dei var ikkje fadrar til nokon av barnebarna, så det er litt merkeleg visst dei faktisk budde i Stavanger.Men dei døydde ikkje på Askøy/Alvøen, det er sjekka opp til fleire gongar, så at dei har flytta er svært sannsynleg.Når det står fattiglem (som ved Haagen sin død i 1852)tyder det at han er enkemann også, eller ville det stått dersom han var det?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Om du ser her på garden Ullenes i Hausken, så er sonen Svend eldre enn Haagen (som ikkjer er der då). Dette er sikkert ditt folk. At ein som ikkje var odelsgut, tok ut, var vanleg. Og Alvøen trong folk - og dei kom ofte langvegs frå: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Den lenka du laga til krk.boka for Rennesøy igår kveld, med dåpen til Haaggen, virkar ikkje. lurte på om du kanskje kunne leggja den ut ein gong til?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Haagen Jonsen Ullenes vart konfirmert som 17,5 år gml. i 1800, venstre side nr.4. LenkeSå han overlevde barndommen, og det vert vel meir og meir sannsynleg at det kan vera han som er på Askøy/Alvøen i 1801 , og som returnerar til Stavanger, sannsynlegvis omkring 1825.Det står nemleg noko om attest utskreven i 1825, ved sida av Jon Henrik si dåpsinnføring.Eg har heller ikkje funne Jon Henrik og Johan sine konfirmasjons innføringar, så ...Medan eg heldt på med dette innlegget ser eg at Anne har kome med eit innlegg, det har nok vore fleire med same namn der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Takk til både Anne og Bjørn!!Hadde eg no funne Cornelia og, så hadde dette mysteriet og vore løyst!!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Fekk ein god (?) ide for nokre dagar sidan! Kanskje det finnes dødsfallsmld./skifte etter ein fattiglem?Det var dødsfallsmld, og der stod at han etterlet seg enke og myndige barn.Så difor lurar eg på om det var ein god ide, det vart jo berre fleire spørsmål :-)Dersom det er rett Haagen, kan han ha gifta seg igjen, eller er det Cornelia som er den namnlause enka?Ho har isåfall døydd før 1865, elles så har ho bytta namn, eg har leita FT fillete etter ho :-), eller ho kan vera 'gløymt' slik eg har opplevd før i FT for Stavanger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Trur at Haagen Jonsen Ullenes er på veg til å verta eliminert bort, det kan iallfall sjå slik ut.Sjå på nr.4 her: LenkeSjølvsagt kan det vera at han var gift med Cornelia og at ho har døydd, men isåfall synst eg det er rart med den datoen som står ved sida av namnet til Johan Henrik (son til Haagen og Cornelia), den er frå august 1825, det ser jo ut for at presten skreiv ut ein attest til han.Det eg prøver å sei er at eg synst det er rart visst far giftar seg ca.1/2 år før sønene reiser frå Askøy.Johan Henrik var den eldste f.i februar 1809, Jon vart f.august 1810.Eg finn ikkje konfirmasjonane deira i Askøy, har også leita i Domkrk. Stavanger utan hell.Dette vart visst litt usamanhengande, men eg ser ikkje heilt samanheng i dette heller :-/

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann Stokken

Nokon som har ein god idè?Kvar kan Johan Henrik og Jon ha blitt konfirmerte?Trur kanskje det hadde løyst endå ein floke å funne konf.deira.Det står forresten at far til Jon og Johan Henrik var tømmermann (ved vigsla til Johan Henrik i 1844), det er jo også tittelen på Haagen Johnsen Ullenes, men det treng ikkje bety noko som helst.Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.