Gå til innhold
Arkivverket

[#75722] Johannes Simonson Kjos, Hafslo (1809-1880)- til Kyllingdal i Buksnes - huslyden?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg har i fleire år strevd med å få oversikt over huslyden til Johannes Simonson frå Kjos/Mo i Hafslo som i 1846 flytte til Buksnes i Lofoten og slo seg ned der. Han fekk mange born, men opplysningar om desse borni synest vera svært vanskelege å få tak i...:Eg attgjev frå manuskriptet mitt:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Johannes Simonson (Kjos/Moe), døypt i Hafslo 5.5.1809, flytte i 1846 til Værøy i Nordland, men gifte seg att i Flakstad 19.7.1847 med Lena Sidenie Hansdotter frå Strømøy i Flakstad, fødd i Flakstad 28.4.1823. Johannes og Lena budde først nokre år som innerstfolk på Strømøy i Flakstad, men flytte i 1854 til Kyllingdal i Buksnes der dei sidan var gardbrukarar levetidi ut. Johannes døydde som gardbrukar på Kyllingdal 6.4.1880, medan Lena døydde som enkje på Strømøy i Flakstad 2.2.1890. Dei fekk åtte born i lag:* Hans Greger Johannessen, f. i Flakstad 12.3.1848, d. i Flakstad 14.7.1848.* Severina Ursine Johannessen, f. i Flakstad 15.7.1849, d. på Kyllingdal i Buksnes 11.9.1865.* Simonetta Kirstine Munthe Johannessen, f. i Flakstad 27.10.1850, d. på Kyllingdal i Buksnes 10.2.1873. Simonetta ver ugift, men fekk ei dotter.* Hans Greger Johannessen, f. i Flakstad 18.8.1853,¤¤¤¤¤ (kan ha kalla seg Ballstad? - budde 1886 i Ålesund, men var ''p.t.'' i Bodø. I 1900 er han ''gift fiskar'' Hans Greger Johannessen, losjerande i Bodø - åleine!! - fleire opplysningar??)* Johanne Leonore Johannessen, f. i Buksnes 16.1.1857, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – rimelegvis Buksnes 1893/1894??)Johanne gifte seg i Buksnes 4.7.1882 med Lars Olson frå Vold nedre i Buksnes. Han var f. i Buksnes 1.8.1859 og d. ved eit ulukkeshende i Narvik¤¤¤¤¤ (dato for dødsfallet hans i Narvik?)1914. Lars var skomakar og fiskar, og han og Johanne var plassfolk på Leite under Holand i Buksnes. Dei fekk fem born i lag (Anneken, Ole - gift med Lotte Oftersøy, Alette, Lotte og Leander – f.1893)* Hanna Tonette Johannessen, f. i Buksnes 7.9.1859, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – born: Leander, Haagen og Hansine!)Hanna gifte seg i Buksnes 25.2.1883 med Jens Jensson frå Melkeråen i Åsane, Hamre. Han var f. i Hamre 27.2.1855 og d. som husmann på Hestneset i Buksnes 28.11.1888. Jens og Hanna var husmannsfolk på Hestneset under Reine i Buksnes og fekk tre born i lag (Leander, Haagen og Hansine).* Kirstine Berntine Johannessen, f. i Buksnes 11.8.1862, d.¤¤¤¤¤ (var 1886 busett i Vægø prgj - lagnaden hennar?)* Johan Severin Johannessen, f. i Buksnes 12.8.1866, d.¤¤¤¤¤ (var 1886 busett på Balstad i Buksnes - lagnaden hans?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Om det er nokon som sit med lokal kunnskap og som er i stand til å supplera opplysningar om denne huslyden, ville eg vera svært so takksam!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Kirsti for kjempebra innlegg. No har eg funne fødsli til Pauline, 10.5.1860 (Lenke).Då kan det sjå ut som det er i Bodø me lyt søka etter huslyden til Hans Greger!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.