Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Helga Kallevik

[#75838] Sunhordland. Kven er personane på dette bilete?

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Hei!Har funne dette bilete i eit album frå mine besteforeldre. Bilete er tatt av fotograf C. Aarre på Leirvik, Stord. Har funne på nett at denne dama arbeida som fotograf på Stord i perioden 1904-1908. Dama på bilete, (truleg mor til barna?), liknar på bileter eg har av mi oldemor, men det er ikkje henne. Det kan derimot vera søster hennar, Knutiane Reiersdatter Åsbu (1863-1956), gift med Andreas Breistig i Valestrand (Sveio).

bilete8508.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Litt fleire opplysninger vedr. oldemors søster Knutiane:Ho var 2. kona til Andreas Breistig, Valestrand i Svaio. Andreas var først gift med ei anna søster Anna Serine Reiersdatter Åsbu (1860-1892). Det var difor 2 kull med barn:Barn av 1. kona, Anna Serine, var: 1.Ingeborg f. 1886 2.Sigvald Andreas f. 1889 3.Anna Serine f. 1892Barn av 2. kona, Knutiane, var: 4.Reinert f. 1896 5.Tarald f. 1897 6.Amanda Kristine f. 1902.Det kan stemma med alderen til desse barna at dette bilete er tatt i tidsrommet 1904-1908. Men i så fall manglar barn nr. 2, Sigvald Andreas f. 1889. Så eg har vore usikker om det er rett familie.No har eg imidlertid funne han i emigrantprotokollane her i digitalarkivet. Sigvald Andreas Breistig reiste til sin onkel i Amerika i 1905, 16 år gammal. Dette bilete kan då vera tatt etter dette. Kanskje ville Knutiane ha eit familiebilete som ho kunne sende til Sigvald i Amerika????? Har tidlegare ikkje tenkt på denne muiligheten sidan eg har funne denne Sigvald i Sveioboka gift og med familie her.Kvifor mannen Andreas Breistig ikkje var med er i så fall også noko som gjer det litt usikkert om dette er rett familie. Men han kan jo ha vore sjømann eller kanskje ein periode i Amerika han også?Kan nokon med tilgong til Ancestry.com sjekke om han finst i noko arkiv i USA? Det same hadde vore fint vedr. Sigvald Andreas f. 1889. Var han td. i USA i 19010? Kor budde han i tilfelle? Er også på leiting etter denne onkelen han reiste til?mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Her er eit anna bilete frå same album. Dette kan vera same dama, Knutiane Reiersdatter og mannen Anders Breistig.Bilete er tatt i Haugesund av fotograf Olvik. Eg har funne at han var fotograf i Haugesund i perioden 1892-1903.Reknar med at dei som budde så langt nord i Sveio som Valestrand like godt reiste til Stord som Haugesund når dei skulle til fotograf.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Er det nokon som kan hjelpe meg med oppslag på 'New York Passenger list 1820-1957' på Ancestry.com. Her finn eg Andres Breistig fleire gonger. Om dette er den Anders som Knutiane var gift med, kan dette vera endå ein bekreftelse på at det kan vera henne og barna det er bilete av. I så fall kan det vera ei logisk forklaring på at mannen er fråværande på bilete.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kurt Østbye

Hvilken dato var Sigval Andreas født på i 1889 ?Når var Andreas Breistig født ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Sigvald Andreas Samsonsen Breistig født 27. april 1889. I flg. scanna kyrkjebok, Valestrand, Sveio, Hordaland.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Andreas Breistig var f. i 1860. Finn han ikkje i farten i kyrkjebøkene. Valestrand MINI starter i 1862. Meinar at dei før den tid høyrde til Finnås eller Stord så eg må leite litt meir for event. å finne fødselsdato for Andreas.mvh¨ Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Hvis jeg får en mulighet i nærmeste framtid, så kan jeg trykke ut dette bildet og ta det med til barnebarnet til Anders Breistig som er gift med en tremenning av meg. Kanskje kan de dra kjensel på dem som er på bildet? Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Det hadde vore fint. Har tenkt på det samme sjølve. Kanskje samme person. Ei venninne av meg i Røksund er datter av din tremening. Den personen eg kunne tenkt å spørje bur i Sveio og er tanta hennar. Ho er gift med min fars tremening som er barnebarnet til Anders og første kona hans,(begge søstre av mi oldemor i Kallevik). I så fall er han son til den eldste jenta på dette bilete.Eg har tatt papirkopi av bilete, så kanskje eg berre kan sende det i posten til dei.Ser at dama på bilete er ganske lik eit bilde eg har av mi oldemor, så trur kanskje det er stor sansynleghet for at dette kan stemme.Fyrste tanken var at eldste guten då mangla, og at mannen ikkje var med. Men då eg oppdaga at han hadde vore over i Amerika i nokre år, så vart dette med ein gong meir sansynleg.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Det er nok samme person dette Helga! Ta og send det i posten. Bare husk at de har fått ny adresse nå. De er flyttet til Sveio sentrum. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Ja, er klar over at dei har flytta. Skal prøve å få scanna eit anna bilete også som eg kan sende saman med dette. Meinar det kan vera same dama. Kanskje Knutiane og Anders Breistig. Kan muligens vera brudebilete.Vil tru dei kan finne ut av dette.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Unni Lauvås

Hei, har en dato på Andreas, 07.09.1861. Det står i kirkeboka når dei gifter seg, men har ikkje funne den. Han skal være fødd på Fagerland og dette hørte vel under Stord prgj. det er der eg har funne dei som er født der på 1850-tallet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Ok, takk skal du ha. Då har eg funne han. Fann ein Anders under Fagerland, men var usikker om det var rett Anders.Helga

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Ja, født 7 sept. 1861 stemmer med kyrkjeboka for Stord. Stord MINI 1841-1861 s.141 nr. 68 nest nederst på sida:Anders f. 7. sept. døpt 29. sept. 1861. Foreldre: Samson Andfindsen og Ingeborg Tharaldsdatter Fagerland. (stemmer med at Anders hadde barn med namna Ingeborg og Tharald).No lurer eg på om eg på mor mi si side kanskje også kan vera i slekt med Anders. Kona til Anders Knutiane var tante til min farfar. Men mormor mi kom frå Fagerland, så det må eg finne ut av.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Tror det skal være Samson Andersson og ikke Andfinsson. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Ja det har du sikkert rett i. Var nok litt for rask her eg og ikkje nøyaktig nok.Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Sidan me fyrst er i gong med ukjente bilete tatt på Stord, kan det kanskje vere greit med nokre til.

bilete8951.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Har no fått stadfesta at bilete i innlegg nr. 1 er Knutiana Reiersdatter Aasbu, gift med Anders Breistig, Sveio.Anders Breistig var først gift med ei eldre syster til Knutiana, Anna Serine, og bilete syner barn frå begge ekteskapa til Anders:Barn av 1. kona, Anna Serine, var: 1.Ingeborg f. 1886 2.Sigvald Andreas f. 1889 3.Anna Serine f. 1892Barn av 2. kona, Knutiane, var: 4.Reinert f. 1896 5.Tarald f. 1897 6.Amanda Kristine f. 1902.Sigvald Andreas er ikkje med på dette bilete.Det var sonen til den eldste dattera, Ingeborg, som løyste gåta for meg i dag.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.