Gå til innhold
Arkivverket

[#75859] Elias Paulson Grotrust, fødd 1877 - jarnbanearbeidar - opphav og lagnad?- Volda?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Peder Bernhard Elvetun var fødd i Hafslo 20.2.1906. Mori var Kirstina Pedersdotter Elvetun, medan faren vert oppgjeven vera jarnbanearbeidar Elias Paulson Grotrust (Lenke).Kven var denne barnefaren? FT1900 gjev oss i grunnen berre eitt godt alternativ, frå FT1900 for Høistølen i Volda:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Paul Anderssen hf g Gårdbruger 1849 VoldaIngeborg Eliasdatter hm g Gårdmandskone 1849 VoldaElias Paulsen s ug Arbeider (Veiarbeider) 1877 VoldaOluffa Paulsdatter d ug Tjenestepige 1879 VoldaGustav Paulsen s ug Tjenestegut 1881 VoldaPaul Paulsen s ug Tjenestegut 1884 VoldaKanutte Paulsdatter d ug Datter 1887 VoldaSivert Paulsen s ug Søn 1889 VoldaMarta Paulsdatter d ug Datter 1895 VoldaHans Paulsen s ug Søn 1897 Volda~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Kanskje finst det ei bygdebok for Volda som kan fortelja oss kvar det vart av denne Elias Paulson?Eller kanskje einkvan har andre forslag til svar?Eg er ogso interessert i opplysningar om lagnaden hans, dødsår etc.?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det vart nok bom....Busetnadssoga for Volda (Kjelland mfl., 2005) b.1 s.67 fortel at Elias d.21.8.1903.Kyrkjeboka Lenke (nr. 16) fortel at han døydde av tæring (tuberkulose).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for eit nyttig om enn skuffande innlegg. Då er det med andre ord ''back to square #1''.Eg ser at GROTRUST er namnet på ein gamal voktarbustad ved Bergenbanen nær Hallingskeid, so då var det tydeleg DER Einar hadde tilhaldet sitt på den tidi han vart far...Men kvar han kom ifrå, er framleis ein gåte...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Ikke enkelt dette Lars. Peder Bernhard Elvethun er gravlagt på Stalsberghagen i Skedsmo sammen med Borghild f.1911 og Aud Johanne f.1943. Når jeg søker på skattelistene finner jeg noen Elvethun i Skedsmo/Lillestrøm, kanskje det er veien å gå?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for nytt innlegg!Forslaget ditt er godt, men eg tviler på om det hjelper oss på veg... Eg har motteke ei ættetavle for denne huslyden, og alt dei har på Elias er fødselsåret - ikkje noko meir, so vedkommande som skreiv denne tavla for mange år sidan, visste heller ikkje noko meir!Finst det kan henda ''mannskapslister'' over dei som var sysselsette under byggjingi av Bergensbanen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.