Gå til innhold
Arkivverket

[#75899] Knut Samsonson, fødd i Valdres (Vestre Slidre?) kring 1765 - husmann i Sogndal?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

I 1790 dukka det opp ein mann i Sogndal med namnet Knut Samsonson. Han var fødd kring 1765 og gifte seg første gongen i Sogndal 21.10.1790 med Anna Johannesdotter Dvergedal (1741-1829). Dei fekk ikkje born i lag, og i 1830 (Lenke) gifte Knut seg att i Hafslo med Martha Ingebrigtsdotter Elvetun (1782-1876), barnefødd i Hafslo, men med foreldri sine frå Austre Slidre i Valdres!Eg er ikkje no i stand til å finna kjelda til det, men ein eller annan stad har eg lese at Knut Samsonson var komen frå Valdres, truleg frå Vestre Slidre, til Sogndal, men eg finn ikkje nokon slik person i FamilySearch.Kan henda er det nokon med lokal kunnskap i Valdres som kan hjelpa med identifisera denne karen? Elles høyrest jo Samson-namnet svært so ''Losnaisk'' ut...; kanskje er han frå Vang?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.