Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R Sæther

[#75957] Fitje, Slagstad, Almenning, Maurstad - Nordfjord ca 1700

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Eg har nettopp lese skiftet etter Peder Monsson Fitje i Gloppen 1708. Lista over arvingar inneheld ikkje noko nytt for meg, men på slutten av skiftet, i spalten lengst til høgre her, kjem noko som eg ikkje heilt forstår. http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24219/53Det er referert til eit skiftebrev etter Lusie Monsdtr Almenning der det er omtala fleire personar, og etter å ha studert det litt har eg følgjande teori:Susanne (Vilhelmsdtr?) på Slagstad har vore gift 2 gonger, fyrst med Mogens/Mons (Larsson?), og seinare med Peder Andersson.I ekteskapet med Mons har ho dottera Lusie, som blir gift med Peder Olsson Almenning. Lusie har ei dotter Susanne, som kan passe bra med denne teorien.Er Susanne og Mons på Slagstad også foreldre til Peder på Fitje ? (Han har ikkje noka dotter Susanne, i alle fall ikkje som har levd opp).Med Peder Andersson veit eg frå før at Susanne har dottera Sofie, gift til Wittrup på Eide. Ho er på dette tidspunktet, 1708, attgift med Mads Erikson, og han er omtala eit par stader i skiftet.Men nytt for meg ut frå dette skiftet er at Peder og Susanne også er foreldre til Mons Pederson Maurstad i Davik, og til ein Anders Pederson som er død før 1696 og etterlet seg borna Lars og Peder - ukjent for meg kven dette er.Er det nokon som har arbeidd med dette og kan bekrefte eller avkrefte dei teoriane eg har laga meg her?Dette er forresten eit skule-eksempel på kor viktig det er å lese heile skiftet, og ikkje berre lista med arvingar i starten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.