Gå til innhold
Arkivverket

[#75962] Feil i Stamnes og Modalen bygdebøker?


Gjest Jostein Bø
 Del

Recommended Posts

Gjest Jostein Bø

Då eg nett har byrja bevega meg attende til 1700-talet og soleis ikkje er heilt van med desse kråketærne til prestane og skrivarane på den tida og ikkje minst dei kyrkjelege datoane, skal eg vakta meg vel for å påpeika feil i bygdebøkene. Eg treng difor hjelp av røynde folk som har tid og kan stadfesta om eg tek feil eller ikkje.I bygdebok for Vaksdal/Stamnes, s. 237 kan ein lesa at Askjel (Aschield) Nilsson (Nielsson) Helland frå Modalen gifter seg med Anna Jonsdotter Hesjedal. So langt er eg einig då dei gifter seg i 1722. Vidare står det at dei fekk 3 born, men ingen levde opp. Eg har funne Nils, Mildri, Nils og Johannes som alle døyr. Men so står det at Askjel vert oppattgift i 1730 med Ågota (Aagothe)Ingebrigtsdotter Hesjedal. No byrjar eg verta usamd for i 1730 gifter (iflg. kyrkjeboka) Ågota seg med Aschield Knudsson Farestveit som og kjem frå Modalen. Desse to får ifylgje boka, sonen Mons. Her er og usamd, for Askjel og Anna Jonsdotter får vitterleg sonen Mons saman i 1730, døypt 30. juli, men då skal Anna Jonsdotter ifylgje boka vitterleg vore død i 4 år. Og 27 august 1730 vert Anna Jonsdotter introdusert (side 129 Haus 1723-1733), truleg etter fødselen til Mons so ho er i høgste grad levande då. På side 76 i kyrkjeboka, Haus 1733-1747, vert både Askjel Nielsson og Anna Jonsdotter gravlagde saman i 1738 (Dom 10p Trin), han 44 år og ho 53 år som høver med fødselsåra deira (lurer på kva som då kan ha skjedd!!). I bygdeboka for Modalen s. 194 står det at Askjel Nielsson vert gift 2. gong med Agate Ingebrigtsson i 1730 som heller ikkje då kan stemma og 3. gong i 1734 med Anna Gullaksdotter. Om Askjel Knudsson står det i bygdeboka for Modalen s. 237, at han vert gift 3. gongen med enkja Agata Ingebrigtsdotter i 1732 men ingen son Mons er nemd her. Men kan det henda at Mons, som etter mi meining vart foreldrelaus 8 år gamal, vart oppfostra av Askjel Knudsson og Agate evnt. Anna Gullaksdotter?Dette vart mykje, men eg ville verta svært takksam om nokon kunne stadfesta at eg har rett eller feil.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kenneth Bratland

Hei!I bygdebøkene for Vaksdal er det dessverre flere mangler og feil. Her er det oppsettet jeg har om de familiene du spør etter:Askild Nilsen Nedre Helland f. 1694 i Modalen: [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=dp12541692&gardpostnr=318&personpostnr=632&merk=632#ovre>Lenke d. 1738 Lenke gift 1722 Lenke med Anna Jonsdatter Hesjedal f. ca. 1686 i Vaksdal d. 1738 LenkeBarn:a. Nils f. 1723 Lenke d. 1726 Lenkeb. Mildri f. 1725 Lenke d. 1726 Lenkeb. Nils f. 1727 Lenke d. 1727 Lenkec. Mons f. 1730 Lenke d. 1806 LenkeHer er skiftet eller skiftedesignasjonen etter ekteparet Askild Nilsen og Anna Jonsdtr. Hesjedal i 1738:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Takk skal du ha Kenneth! Dette stadfestar det eg har funne ut og ætta til kåno synes vera mest komplett på den sida. Einaste som eigentleg no manglar er dåpen til Johannes, som eg berre har funne død i 1725 (datoen greier eg ikkje tyda),side 52 Haus 1723-1733. Etter det eg greier tolka, døyr han 8 mnd, 2 veker og 3 dagar gamal, men sjøl om eg har gått gjennom kyrkjebøkene fleire gonger finn eg han ikkje som døypt. Men kan det vera han som skjuler seg bak dei tjukke strekane ca. juli 1724, s. 47 Haus 1723-1733?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kenneth Bratland

Askild Knutsen Øvre Helland f. 1690 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=33&filnamn=dp12541677&gardpostnr=1492&personpostnr=2980&merk=2980#ovre>Lenke d. 1778 Lenkegift 1. gang 1712 Lenke med Brita Johannesdatter Nedre Helland f. 1682 Lenke d. 1727 Lenkegift 2. gang 1729Lenke med Synneve Olsdatter Farestveit f. 1704 Lenke d. 1730 Lenkegift 3. gang 1731 med Lenke enken Agate Ingebrigtsdatter Hesjedal f. 1689 Lenke d. 1743 LenkeAskild Knutsen og familien bodde på Farestveit i Modalen.Barn:a. Inga f. 1713 d. 1764 Lenkeb. Kari f. 1716 d. 1760. Lenke Hun var ugift men fikk to barn utenfor ekteskap. En av dem var en av mine formødre: Agate Askildsdatter f. 1752 i Modalen (hennes far var Askild Andersen Nipen) gift 1782 med Jakob Torkildsen Vetlejord. Bosted: Blom på Osterøy og Tertnes i Åsanec. Anna f. 1718 d. 1718 Lenked. Knut f. 1719 d. 1759 Lenke gift 1746 med Brita Monsdatter Straume f. 1719 d. 1796. Bosted: Farestveit i Modalene. Brita f. 1722 gift 1747 med Ole Larsen Romarheim f. 1725. Bosted: Romarheim i Lindåsf. Johannes f. 1725 d. 1734 Lenkeg. Knut f. 1730 d. 1730 Lenkeh. Synneve f. 1733i. Maria LenkeSjur Brynjulvsen Lavikhaugen f. ca. 1685 i Vaksdal d. 1726 på husmannsplassen Sandal under Kallestad i Vaksdal Lenke gift 1720 med Agate Ingebrigtsdatter Hesjedal f. 1689

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Ja desse folka har eg og funne fram til Kenneth, så no er einaste mysteriet han Johannes som døydde i 1725. (Stamnes sogn)Elles var tipp tipp oldefar til kona han Olav Larsson Otterstad, som eigentleg heitte Farestveit, men tok Otterstadnamnet då han gifte seg til Otterstad med Brita Askjellsdotter og noko seinare fekk skøyte på garden hjå svigerfaren.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kenneth Bratland

Da skal du få løsning på det siste mysteriet også:Askild Nilsen Hesjedals barn Johannes ble døpt i Hosanger kirke (Hamre prestegjeld) 2. april 1724 og døde i 1725. Dermed blir søskenflokken slik:Askild Nilsen Nedre Helland f. 1694 i Modalen: Lenke d. 1738 Lenke gift 1722 Lenke med Anna Jonsdatter Hesjedal f. ca. 1686 i Vaksdal d. 1738 LenkeBarn:a. Nils f. 1723 Lenke d. 1726b. Johannes f. 1724 d. 1725c. Mildri f. 1725 d. 1726d. Nils f. 1727 d. 1727e. Mons f. 1730 d. 1806Dermed fikk vi løst denne 'problemfamilien'.Mvh.Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jostein Bø

Kjempegreier!! Tusen takk Kenneth. Då er alt på plass - nesten, sidan eg leitar etter ein link frå Hesjedal/Otterstad til mi eige slekt på Voss, for den skal vera der ein stad, men om det er til Dagestad, Rogne eller Bø, muligens via Ladvigen, er eg ikkje viss på.MvhJostein

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.