Gå til innhold
Arkivverket

[#76060] Garnes guteheim - styrarar?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Johannes Torstenson Moe (1872-1957) og kona Anna Kristine (1872-1934) skal ei tid ha vore styrarar på Garnes guteheim på Garnes i Haus. Truleg var dette ein eller annan gong i perioden 1905-1920.Finst det kjelder som kan fortelja meg kva tid (nøyaktig) dei var på Garnes?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Her er det trolig noe som ikke helt stemmer!Guttorm Vatnedal var styrer av Bergens guttehjem, Garnes 1899-1940.Johannes T. Moe står ikke under Garnes i Ætt og æle III. Ådna sokn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for avklarande svar!Dette er mange år sidan, og kan henda var Johannes Moe knytt til guteheimen som arbeidar av eit eller anna slag, kanskje som vaktmeister e.l., men dette vart so ''forfina'' då han kom heimatt til Hafslo...?Utan meir konkrete haldepunkt er det vanskeleg å seia noko sikkert...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Birger Forsmo

Unnskyld meg, men jeg kan ikke la være Skrev han seg for Guttorm? Jeg var borti en mann i Arna som hadde hatt noe med Guttehjemmet å gjøre og skulle skrive en kvittering til han og skreiv Guttorm og fikk en halvtimes foredrag om navnet hans. Jeg måtte skrive ny kvittering for hans navn hadde ikke noe med Gutt å gjøre. 'Eg heiter ikkje Guttorm men Gudorm!' Jeg undres på om det var han.? Han var utrolig og vi hadde en uforglemmelig prat om kor viktig det var å forstå betydningen av navn! En alle tider kar som jeg aldri vil kunne glemme og vi skiltes som gode venner.Med vennlig hilsen Birgerr Forsmo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Til (4):Eg ser i omtalte bygdesoga for Haus, Ådna Sokn; at bygdesogeforfattar Lars M. Ådna kallar barneheimstyraren for Gudtorm Vatnedal, altså med ein _d_ i førenamnet. Og i og med at Vatnedal var svoger til den samme Ådna så får vi tru at Lars M. Ådna visste korleis svogeren skreiv namnet sitt :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

I Skånevikssoga er han kalla Guttorm Vatndal, og på google får du mange treff på det namnet,men det er treff på andre stavemåtar og.I 1900 er han kalla Gudtorm Vatndal. LenkeFør guteheimen flytta til Garnes i 1905, arbeidde grandtante mi der på Møhlenpris ei tid. Me har eit brev som ho skreiv heim medan ho var i Bergen, og eit ho fekk frå Kari Vatndal etter ho kom heim.Ei tante av Guttorm vart gift med tippoldefar min på fjellgarden Glåmo i Skånevik. Guttorm var fleire gonger på besøk hos oldefar og bestemor mi. Guttorm sine foreldre og søsken var alle døde før 1900.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Ja, det vil eg tru :-)Eg er sjølv såvidt nemnt i band IV, men namnet mitt 'slapp med skrekken'. Elles takk for fin presisering.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Til Marie:Kona til Lars M. Ådna heitte Kari og var ei yngre halvsøster av Gudtorm si kona med same namn. Det vart ikkje noko etterslekt etter nokon av desse halvsøstrene frå Suldal, bygdebokforfattar Lars og hans Kari var bornlause, medan barneheimstyrar Gudtorm og hans Kari berre fekk eit dødfødt barn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.