Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Egil Russøy

[#76079] To søstre: Ales Gundersdtr f. 1732 og 1736 i Naustdal SF

Recommended Posts

Gjest Egil Russøy

I BB Naustdal står det oppført at Gunnar Andersson på Ullaland fekk to døtre med namn Ales, fødd 1732 og 1736. Det rare er at det kan sjå ut som om begge vaks opp. Ales 1732 blei i følge BB Naustdal gift i 1755 med Søren Olsson og blei bustatt på garden Indrekvam i Naustdal.Ales 1736 er det ikkje meir opplysningar om.I digitalarkivet finn eg berre ei fødd, i 1832 [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap&personpostnr=163487&merk=163487>Lenke. Derimot finn eg ein 'ukj' fødd i 1736, som då vel må være Ales nr. 2. LenkeEg finn også berre ei konfirmert: Lenke Ho blir konfirmert i 1753, noko som vel helst skulle tyde på at dette er Alis f. 1736, men det kan vel også være 1732 sjølv om ho då var blitt 21 år.I skifte etter faren i 1763 er det oppført ektefellen som får halvparten av boet, sonen Bertel som får 1/5 del, så er det ei datter Johanne som får 1/10 og så ser det ut som det står stor to ganger Allets som kvar får 1/10. Ut frå fordelinga av boet, der mor får 5/10, sonen 2/10, så må det også stemme at det var tre jenter. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Svanø birk tinglag, Skifteprotokoll A 13b , 1763-1772, oppb: Statsarkivet i Bergen. Merknader: Fol. 301-600. Register. Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24202/27 Permanent bildelenke: LenkeEtter å dreve garden på Ullaland ei stund, flytta broren Bertel over fjella til Kinn prestegjeld, der han slo seg ned på Løkkebøen. I skifte etter han er det oppført ein kreditor med namn Ahles Gundersdtr Endestad (Endestad er nabogarden til Løkkebø) Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord sorenskriveri, Svanø birk tinglag, Skifteprotokoll A 14 , 1772-1779, oppb: Statsarkivet i Bergen. Merknader: Register. Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24203/443 Permanent bildelenke: LenkeEg kan ikkje finne nokon kandidat til denne Ahles Gundersdtr på Endestad. Kan det være søstra til Bertel som også flytta over fjella.Ales/Alis/Ahles Gundersdtr/Gunnarsdtr ser ut til å være ein sjeldan kombinasjon på 1700-talet. Eg finn berre ein kandidat til desse to søstrene i FT 1801, og det må være 1732 Ales:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Eg har ikkje klart å finne henne død mellom 1778 og 1801 heller, men så manglar det kyrkjebøker 1781-1784 for Kinn, kan være at ho 'skulle ha vore' der!)Det var ikkje mange Ales /Ahles/Alet osv. å finne i dette tidsrommet i det heile.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Takk for at du leite Harald. Det kan hende du har rett. Desse åra som det manglar kirkebok har skapt mykje uvisse tidlegare, men det er vel vanskeleg å rette opp i det no.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Eg kom på ein liten ting til. Broren Bertel fekk ei datter medan han budde på Løkkebøen. Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 2 (1729-1785), Kronologisk liste 1776, side 426. Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11532&idx_id=11532&uid=ny&idx_side=-411>Lenke Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Jau det var naturleg at ho var med som fadder om ho budde på Endestad, men likevel kan no det være naturlege årsaker til at ho ikkje stod fadder DENNE gongen.Har du lett etter henne blandt døde i Naustdal ? Om ho IKKJE var gift var ho sannsynlegvis i teneste på Endestad i 1778 (dersom det er ho som er der). Det er heller ikkje langt over fjellet til Hyen og i såfall kan det være at ho kan ha endt opp der og etter 1778.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Heller ikkje i Gloppen finn eg Ales Gundersdtr. død i perioden 1778 til 1801.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Nei eg har heller ikkje funne ho i Naustdal/Førde. No manglar det jo også kirkebok der også fram til 1780 så ...Eg kom over denne som eg har oversett i Kinn, men ho bur då på Tonnum i 1801 [url="http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=5&filnamn=f18011437&gardpostnr=46&personpostnr=1004&merk=1004#ovre>Lenke, blei gift på Tonnum Lenke, og fekk ein son på Tonnum i 1779 (og fleire barn tidlegare)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Russøy

Det ser visst ut til å være ei anna. Ser at det er fleire Gundersen/-dtr blant fadrane til barna.Det er også to Gunnar på Tonneim som det er skifte på mellom 1779 og 1806.mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.