Gå til innhold
Arkivverket

[#76286] Kven var Synnøve Ivarsdotter Sandbu gift med?


Gjest Odd Sørås
 Del

Recommended Posts

Gjest Odd Sørås

Dette spørsmålet er eit vegkryss som mange av oss med slektsrøter i Gudbrandsdalen er komne til opp gjennom åra. No er det min tur til å stå overfor problemet og velje veg vidare attigjennom slekta.Synnøve (Synne) Ivarsdotter Sandbu (ca. 1610-1676) frå Uppigard Sør-Sandbu i Vågå vart etter det Engebret Hougen hevdar gift med Amund Ivarsson frå Røssum i Kvam. Dette synet forfektar Hougen med stort ettertrykk og nokså overtydande i 'Ættesoga for Gudbrandsdalen I' og i to artiklar i Norsk slektshistorisk tidsskrift bind 12.I ein kommentar i 'Ættesoga II' seier Ola O. Røssum at Hougen her må ha teke feil, og han legg fram det som for ein lekmann synest vere gode argument for at ektemannen til Synne var Asmund Harildstad. Ein mann som ifølgje Hougen 'sikkert aldri har levet'.I Sveipe/Haraldseids 'Fron-slekter' er Synne gift med 'Osmund Tjøstelson (Iverson?) Harildstad.' I andre bandet av 'Gardar og slekter i Fron' viser forfattaren Einar Hovdhaugen til dette uløyste problemet. Han berre seier at mykje talar for at Røssums syn kan vere rett.Eg har ikkje funne spørsmålet drøfta i seinare år. Har det kome fram nye moment sidan dette? Kva meiner kunnige folk i dag?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Det går frem av flere kilder at barna til Synnøve og mannen hennes kalles ASmundssønner og -døtre, ikke Amundssønner og -døtre. Dette går også tydelig frem av diplomer gjengitt i 'Ættesoge', uten at det synes kommentert av Hougen. Noen Amund kan disse altså ikke være sønner eller døtre av.Vil også gjengi en passasje vedr. et diplom gjengitt etter Ivar Kleiven, også fra i 'Ættesoge'.'24 okt 1598. Hans Glad og lagret fra Ringbu og Fron paa Listad Ting i Fron, ... Kom udi Rette Anne Asmundsdatter og fremlagde en R. Stevning, som ho stemde Brødrene sine Nils, Tjøstel og Iver Asmunds, med til at svare te fyst, at Tjøstol som no bur paa Nørstegard, hadde trøngt ho fraa den garden og som ho hadde budt paa i 29 Aar, rødt upp Garden, bygd og vølt um paa det bedste.Den tidi ho kom der, vilde ingen utav Brørom ha Nørstegaard som sin arvelot, og no lout ho med Folk og Fe og Buskap fara upp i ville Skog og Mork og lide stor Skade.Dette paastod Tjøstol var ikke saa og at han ikke hadde trengt ho fraa med Urett, og la fram ein 6 Mans dom fraa Listad Tingstugu 8/3 98 lydandes at efterdi han Tj. var ein Bror og Bestemann i forn Nørstgard og heile tide sidte før site (?) paa Øidegarde og Utgarder og ikkje nogaa Hugubøle aatte te Aasæte honom tedømt. Vidare etter di Semjun i godt Folks yviverande som er gaatt imilom dei derte at ho i Tid var lovleg tesagt, saa var Aasete honom teldømt. Og um Ryddungje og Byggingi hennar trudde han heller ho hadde let Garden øydast og forfalle og aabodt hadde ho heller ikke gjort som ho burde etter Aarmaale hennar de han prova med eit 6 Mans Brev Dagset Nørstegard 10/8 98. Likesaa førde ho Tetal aat honom for 1 Hud Skyld ho ha kjøp av syster sin (Fyre syster er med blyant skriv til i avskriften: ? mor-) i Nørstgard og som han no vil forholde hende. Herpaa svaraa han og minde... (Resten er burte av den sida, men so kjem eit nytt avsnitt:)Daa blef her opregnit aldt deris goudtz - først thue huder i Harilstad efter fader derris - efter Moder Deris faldt alt dette efterskrevne godtz som var: Bjerce 5 huder, Sullem 2 huder Løkren 3 huder, Øye 3 huder, Quinderudt 1/2 hud. Lunde 1/2 hud Renshus 1/2 hud 3 skindt, og efter moder Søster tilfaldt Disse 3 brødre - først Udi Nørstegaardt 6 huder. Udi Sandbo 4 1/2 hud. Galde 2 huder. Hollen 1 hudt. Høystad 1/2 hudt. Udi Røisem 9 skindt, og udi Reinshus 4 1/2 skindt.Saa efter thilholt giensuar och denne Sags Legelighed Och offer de brefue som Udi rette lagdes skal forene (dvs. fornevnte) Anne Asmundtzdotter igen Annamme Aff forschreffne Sine brødre i Alle huis peninger som hun haffer giiffuidt Sin Modersøster for forschrevne hudt skyldt Udi Nørstegaard och efter Lang Akurdering och forhallig blev hende tilloddet efter hendes eget valg och begjæring efter fader och moder 2 hele huder 2 huder ij Sullem paa Lumb Liggendis och half fierde schindt i Røisem der Sammestads'.Her går det også frem at godset i Harildstad var etter faren, og dessuten at 'Røisem' er lik Røysheim i Bøverdalen i Lom og ikke Røssum i Kvam i Fron.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Sørås

Eg har også merkt meg namnebruken Amund/Ommun og Asmund/Osmund - altså med eller utan s. Eg vil vel tru at i dokument frå denne tida kunne variantar både med og utan s bli brukte om same personen.Det er interessant at vi i denne avskrifta/omsetjinga som Ivar Kleiven har gjort, finn moment som talar imot Hougens 'Amund Røssum-teori', og at Hougen friskt gjengir diplomet utan å leggje vekt på dei. Farsarven frå Harildstad er eit viktig moment, som du peikar på. Og når diplomet snakkar om Sulheim og 'Røisem sammesteds', og Hougen likevel tolkar 'Røisem' som Røssum, verkar det som han er på særs tynn is. Eg er nok tilbøyeleg til å vere samd med Ola O. Røssum i hans innvendingar mot Hougen, men det ville vere fint om endå fleire kunne lufte meiningar om emnet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Botterud

Snakker dere her om to ulike Synn(øv)e'r? I (1) snakker man om Synn(øv)e fra ca 1610-1676 mens (2) vel snakker om barn som levde rundt 1598, altså før (1) var født. Om dere går inn på Per Nermo sin genealogiindex finner dere forhåpentlig en sammenheng.Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Hvis dere mener den Synnøve Ivarsdotter som var født ca 1510 og er nevnt etter sin død i 1597, så er det siste som er skrevet om henne (som jeg vet om) min lille artikkel i Genealogen 1/99. Hennes mann, Åsmund på Harildstad, er kjent i live 1564. Synnøves herkomst 5 generasjoner bakover finnes også i Genealogen. Min slektstavle bygger ikke minst på Per Bergs artikkel ''Omkring jordeskiftet på Steig 1588'', NST XV (1955-56), s. 76-87.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Sørås

Dermed er vi kanskje komne så langt det er råd å komme førebels? Takk for oppklarande og opplysande innlegg, ikkje minst fordi eg av ein eller annan merkeleg grunn kom til å plassere Synnøve i feil århundre (ikkje bra for omdømmet som slektsgranskar)!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.