Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Oddvar Søreide

[#76295] Peder Ellingsen Holdhus - Strandvik eier av part i Tveitedal

Recommended Posts

Gjest Oddvar Søreide

Til tinge er læst. Johannis i Wigs transport, paa 18 mrk Smørs Landschyld udj den sætter støll Tveytedall af Peder Elling søn udgifuen boende paa d/en gaard Holthuus(?) udj Sundhor Lhæn; dat: d: 17 Nov: 86. 1689: 2Eg kan ikkje finne noen Peder Ellingsen under Holdhus I Strandvik. Så hvem er denne Peder Ellingsen?Knud Måge eigde part i Tveitedal, trulig er det samme part Hans Engelsen Gjøn seinare eigde. Hvor ligger Tveitedal og hvor stor er egentlig denne garden. Eg kan ikkje finne garden i matrikkel 1647, men innbiller meg at den kanskje ligger i Jondal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Du finn stort sett berre ein gard med namnet Holdhus i matriklar og skattemanntal, og det er - som du allereie veit - Holdhus i Hålandsdalen, Strandviks skipreide (i dag Fusa kommune). Men, det fins éin til: nemleg Holdhus i Samnanger, Os skipreide, Samnanger kommune.I dei fleste matriklar har garden fått det forsåvidt presise namnet ytre Hisdal (den er nabogard til midtre og indre Hisdal), men i daglegtale heiter det altså Holdhus, jfr. her første bandet av bygdesoga for Samnanger.Koppskatten for Os og Smngr. i 1645-46 syner at desse skattytarane då bur på Holdthuus i Smngr.:[url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=94&filnamn=kopp1645&gardpostnr=3961&personpostnr=3961#nedre>LenkeOppsitjarane på Holdhus i Smngr. i FT for 1666 er nemnde her:Lenke(Nabogardane er då skrivne som Husdal, ikkje Hisdal, kanskje den opphavelege forma?)Og i FT for 1701 likeins, men då som ytre Hisdall:LenkeVidare i FT 1801, Holdhuus igjen:LenkeMen ved folketeljinfa for 1865 er Holdhus igjen blitt til ytre Hisdal, så vekslinga mellom dei to namna er i det minste jamn og rytmisk:LenkeMerk elles at det faktisk _er_ ein Peder (men utan patronymikon) på Holdhus i Hålandsdalen i 1645-46, sjå her:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

- Vedkomande Tveitedal 'Tveytedall' så finst dette stadnamnet ikkje berre i Jondal, jfr. innlegg (1); men òg både i Mauranger i Kvinnherad og i Matre i same kommune, men i 'andre enden' av Kvhd., altså i den luten som tilhøyrde Skånevik kommune før 1964.Elles så vil eg få peika på at grenda Hålandsdalen i Fusa rommar både garden Holdhus i nedre del av dalen og Tveita i den øvste (inste) delen av dalen, som elles heiter Øvredalen i daglegtale.Men det er/ har vore ei Tveitasæter der, og terrenget reiser seg stupbratt innom garden Tveita opp mot fjellet Tveitakvitingen, grensefjellet mellom Hålandsdalen (dvs. Fusa), Kvam og Samnanger. Kan det difor tenkjast at den aller inste delen av dalen, omkring sætra/ stølen; helst vart kalla Tveitadalen for tre hundre år sidan?Og elles finn du ein Tveitestøl i Sveio.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

Takk for innspill Terje.Var ikkje klar over Holdhus i Samanger, men siden det står Holdhus i Sunnhordland, så er eg jo usikker på om også Holdhus i Samanger defineres som Sunnhordland.Holdhus i Samnanger 1666 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=3&filnamn=mt12431666&gardpostnr=102&merk=102#ovre>LenkeHoldhus i Hålandsdalen i 1666

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Til (4):Heile Os skipreide, dvs. Os OG Samnanger, var underlagt futen i Sunnhordland. Og Os (Ous) prestegjeld - med soknene Os, Samnanger, fusa, Hålandsdalen og Strandvik, var underlagt prosten i Sunnhordland. Den gamle grensa mellom Sunn- og Nordhordland gjekk mellom Austevoll i sør og Sund i nord, mellom Os og Fana, mellom Samnanger og Arna, mellom Samnanger og Bruvik (dvs. dagens Vaksdal).Men elles så legg eg merke til at bustaden til Peder Ellingsen anno 1689 er skriven 'paa d/en gaard Holthuus(?)' med eit _?_ etter. Det tyder vel at den som transkriberte tingboka er usikker på namnet. Kan det difor vera ein annan gard i Strandvik skipreide som sluttar på -hus?Til dømes då gardane Uglehus, Mehus eller Brathus som du òg finn i Hålandsdalen.Sjå elles lenke til matrikkelutkastet for Hålandsdalen i 1950:Lenke I denne siste samanhengen er det truleg relevant å nemna at Brathus grensar til den før omtalte garden Tveita. Og du finn både Medhuus, Vglehuus og Brathus i 1666-manntalet for Os prestegjeld.Elles så er det ikkje langt frå garden Vik i Strandvik-sokna til nokon av dei her ovanfor omtala gardane i Hålandsdalen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

Hei TerjeEg såg dette spørsmålstegnet, og er enig i det du skriver at dette kan være en annen gard.Når det gjelder Tveitedal, så var jo dette fra tingboka for Hardanger. Eg har no fått opplyst at det er ein plass Tveitedal i Jondal, dette er da en felles seterstøl under garden Vik og blandt annet Underhaug. Dette stemmer godt med at det nettopp er Johannes Larsen Vik, som overtar denne part. Dermed er sannsynligheten stor for at dette er rette Tveitedal.Eg har ikkje lykkast å finne ut hvor stor landskyld Tveitedal har, men Johannes Torgilsen Aga eigde 1 pund smør i 1615. Knud Halldorsen Måge eigde 1/2 laup smør i 1624. Hans Engelsen Gjøn eigde seinare ein part i Tveitedal, tilsvarende det som Knut Måge eigde. Tveitedal er ikkje å finne i matrikkel 1647.Hvem så Peder Ellingsen er for ein kar og hvordan han fikk fatt på denne part er jo usikkert, om det da ikkje er sønn til Engel Larsen g. Guri Johannesdatter Vik og navnet skulle vært Peder Engelsen???

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

I den gamle bygdeboka for Jondal er Tveitedal omtala. Der opplyses det at den har en landskyld på 1 laup (72 mark) i 1626. Det står at Johannes Torgilsen eier 1 pund (24 mark) Knut Haldorsen 1/2 laup (36 mark) dvs. noen andre eier 12 mark.Litt defust skrive om eierforhold etter dette. En mulighet, som med andre garder er forvekslet, er at Johannes Torgilsen kan være eier av 1 spand forvekslet med 1 pund og at han derved eier 18 mark dvs. at ein fra samme slekt eier de andre 18 mark, som da kan være Peder Ellingsen sin familie.Andre halvpart går da fra Knud Haldorsen til Hans Engelsen Gjøn, slik det spekuleres i at Hans sin kone er datter til Knut Måge.I 1734 blir Johannes Vik stemna av Peder Skogseid angående hjemmel til Tveitedal, det vises da til dokument fra 1686 på 18 mark fra arvinger etter Kristi Torgilsdatter. Denne sak viser kanskje at det var 1 spann Johannes Torgilsen eigde og ikke 1 pund? Eller er dette samme skjøte som det vises til i 1689 og at året kanskje skal være 1689 og ikkje 1686 eller blir Johannes eier av halve Tveitedal etter skjøte 1686 og 1689? Hvem er så Peder Skogseid, finner ikkje han heller i bygdeboka.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Til (7):Eg ser no at det 'gjekk meg hus forbi' at 'Johannis i Wig' altså _ikkje_ var frå Vik i Strandvik, men var heimehøyrande i Vik i Jondal. Det kunne kanskje vore noko betre presisert i innlegg (1), eller? For då hadde nemleg Tveitedal i Jondal - i alle høve for meg - vore ein langt meir innlysande 'kandidat' enn alle dei andre tveitedalane som eg føreslo ovanfor i innlegg (3).Når det gjeld gardane Gjøn og Skogseid, så finn du dei i Hålandsdalen, og eg viser her til lenka i innlegg (5). Brukarane der er nok omtalte i bygdesoga for Fusa, Hålandsdalen og Strandvik.mvh.,

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

Innlegg 8.Innlegg 1 var kanskje litt kryptisk skrive og det burde nok stått at det skjøte var i tingbok for Hardanger, så det beklager eg.Når det gjelder de føromtalte personer både på Skogseid og kanskje Holdhus eller ein annen gard med navnet hus i seg, så er nok problemet at bygdeboka ikkje omtaler desse personene. Derfor var håpet at andre kanskje hadde funne noe som da ikkje er nevnt i bygdeboka.Uansett, takk for innspilla dine Terje, for du har no satt tingene i eit litt breiare perspektiv i forhold til dei som budde i Sunnhordland og da kan løsningen ligge andre steder enn akkurat der ein skulle tru.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.