Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R Sæther

[#76333] Ein salat frå Hope i Gloppen

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Eg veit at det er mange som har studert slekter i Hyen og spør derfor om følgjande:Rundt 1700 er der to menn på Hope som blir kalla Lars Larsson Hope med ymse variasjonar av namnet. Sjå td. andre dåpen i oktober her, Lenke der Larie Lauritsson og Laurits Lauritsson er fadrar.Den eine, som ofte blir kalla Larie - skal vere ein variant av Hilarus? - er på Hope i 1701 og døyr der i 1715, og den andre blir gift til Andenes og døyr der i 1708. Han er truleg tald på Vereide i 1701.Kven er desse to Larsane?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Der er mange Lars Hope ute og går, så eg kan kanskje nemne ein som i alle fall IKKJE er far til nokon av dei - Lars Knutson, død 1711. Han har ikkje andre søner enn Valdemar Larsson, det framgår av skiftet etter dottera Ingeborg i 1713.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Etter å ha studert litt på dette manntalet frå 1666 Lenke trur eg at Lars / Larie er den same som 'Hilarig Lauritzen' her, og mest truleg, etter den rekkjefølgja dei er oppsette i, son til den fyrste Laurits, men der står ikkje noko farsnamn -Den andre Lars Larsson er nok for ung til å vere i dette manntalet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.