Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Aarset

[#76439] J. Steine

Recommended Posts

Gjest Terje Aarset

Mange kjenner sikkert songen 'Å eg veit meg eit land' av Elias Blix. Den vanlegaste tonen til denne songen er laga av bergensaren Adolf Thomsen, busett i Tromsø. Men tonen hadde lenge ein konkurrent, ein folketone i moll. I 'Sangbog for by- og landsskoler' 1903 ved Hans Mo og H.C. Thu står det under tonetilvisinga Norsk folketone: (Ved J. Steine). Boka kom ut i Bergen, der Hans Mo var lærar.Kven er denne J. Steine? Kan han ha vore lærar? Namnet finst m.a. i Hardanger. Eg har leitt i folketeljinga for 1900, men finn ikkje nokon som høver. Kan lesarane hjelpe?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

En kandidatLenkeHan var iflg. Norske skulefolk 1934 lærer og sangkordirigent.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Aarset

Blink!Snakk om å gå over bekken etter vatn. Eg har Norske skolefolk (1934) i bokhylla. Jens Kristoffer Steine (f. 1875) var frå Gulen i Ytre Sogn. Han tok lærareksamen på Stord i 1901. H.C. Thu var musikklærar der, så det kan vere han som har skrive ned denne tonen (frå Gulen?) etter eleven Jens Steine.Takk til Carsten Schanche!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.