Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Aase R Sæther

[#76524] SF Gloppen, feil i skifte på Vassenden?

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Skifteprotokollane er oftast pålitelege, har eg trudd, men her har eg funne noko som eg trur må vere døme på det motsette.På denne lenka [url="http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24223/174>http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24223/174 finn du skiftet etter Brite Knutsdtr Vassenden. Ho let etter seg ektemannen Anders Arneson, og fem sammen avlede børn; Arne Andersson Sande, Knut Andersson, og døtrene Anne, Ingeborg og Sara.Problemet er berre at Arne, Anne og Ingeborg er fødde på 1690-talet, medan Brite og Anders ikkje gifta seg før i 1700 Lenke kort etter at Sara Rasmusdtr var død

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Einar Karstein Rygg

Hei Aase! Det er mykje verdfullt at du ser deg tid til å kontrollera både dette og feil du finn i bygdebøkene. Diverre kan korkje du etter eg få retta opp noko der.I dette tilfelle er nok bygdeboka rett og skiftet feil. Kyrkjeboka kan hjelpa oss i dette tilfellet,men i fleire høve du har arbeidd med i det siste,ligg det føre kyrkjeboka,og vert då stundom gjetningar. Men utfordrande i alle fall. Lukke til vidare. Med helsing Einar

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kristian Hunskaar

Så vidt jeg forstår deg, mener du at Arne, Anne og Ingeborg egentlig var stebarn av Brite, og at de derfor ikke var arvinger.En årsak til at denne feilen kan ha oppstått, er at boet var insolvent, slik at det ikke ble noe igjen til deling mellom arvingene. Dermed kan sorenskriveren ha hatt lett på oppgaven med å sette seg inn i familierelasjonene.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Eg har kome til same konklusjon som Kristian. Skrivaren har vel berre konstatert alle desse borna - hadde det vore noko å dele, trur eg blunderen hadde blitt avslørt når ein skulle til å dele ut til kvar arving.Eg takkar Einar for gode ord - for dei som les dette og ikkje kjenner han, kan eg fortelje at han er sterkt medansvarleg for store deler av ættelistene i dei nye bygdebøkene for Gloppen, og med dei hjelpemidla som har vore tilgjengelege i den perioden arbeidet har vore gjort, er eg full av respekt og beundring for resultatet. At vi no med tilgjengelege databasar og fotograferte originalkjelder på nett finn ting som du Einar ikkje har funne ut av før er ikkje det minste merkeleg. Ofte er det eit enkelt ord, gjerne langt ute i skiftet som avslører identiteten til folk. T.d. skiftet etter Torleiv Engeset, der det i innleiinga står at systera Brite er død og etterlet seg to born, medan det mykje lenger ute i skiftet står at interessene til desse to borna blir ivaretekne av far deira, Gabriel (? eg skriv etter minnet no) Åsebø.Eg skulle ynskje meg ein stad, t.d. under Gloppen kommune sine heimesider, der eg kunne legge inn dei rettingane vi etter kvart har fått til bygdeboka, men det finst i alle fall ikkje så langt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald L. Bakke

Til det siste du seier der Aase (4) vil eg seie at det hadde vore fantastisk for oss alle som granskar slektene i Gloppen om ein kunne få til noko slikt Gloppen, men også alle andre kommuner.- Harald.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Kvien

Det finns da et slikt sted på DIS sine sider med rettelser til bygdebøker i Møre og Romsdal. Det er sikkert mulig å få til tilsvarende for andre fylker:Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.