Gå til innhold
Arkivverket

[#76590] Nordnorsk aristokrati i mellomalderen.


Gjest Leiv Magne Apelseth
 Del

Recommended Posts

Gjest Leiv Magne Apelseth

Var Lendmannen Andres Nikolasson (død omlag 1273), den siste mannlege ætlingen til Sigurd Ranesson og Kong Magnus Barfots søster Skjaldvor ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Hadde Sigurd Ranesson etterkommere i Hålogaland ? Tror heller at de bodde på Hisingen og omkringliggende strøk . .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Innlegg 2. Både Nikolas Skjaldvorsson (Sigurdsson) og broren? Andres hadde visstnok begge dotrer med namn Skjaldvor, og som vart gifte med lendmenn knytt mot Nord-Noreg og Nidaros(G.Storm 1884).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

I over hundre år har det vore ei etablert “sanning” at Andres var son til Nikolas Pålsson og soneson til Pål Vågaskalm. Tre generasjonar lendmenn på rekkje og rad. Greitt nok. Like lenge har det vore spekulasjonar mellom historikarar (t.d. Gustav Storm og Knut Helle) om at lendmennene og “brørne” Pål og Nikolas Andressøner (døde 1180), kan ha hatt eit slektskap med lendmannsætta frå Vågan i Lofoten. Dette truleg basert ut frå namnelikskap, geografisk plassering, kronologi og stand. Heilt greitt dette også. At Pål Vågaskalm sin far kan ha heitt Nikolas finn eg dessutan heilt ut plausibelt med tanke på kva han kalla son sin. Men kvifor då ikkje ta det endå eit skritt vidare, og plassere Sigurd Ranessons son Andres som Pål Vågaskalms farfar, og far til dei to “brørne” Pål og Nikolas Andressøner. Sjølvsagt basert på akkurat dei same kriteria. Ser ein på kartet kvar Steig på Engeløya er i forhold til Vågan i Lofoten, er det heller ikkje ein so underleg tanke at det var same ættekrinsen som satt på båe stadar.- Det er snart påske -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Det var vel heller Sigurds far som kom fra Viken. Det er jo der navnet Rane er hyppig. Sigurds mor kom fra det som nå heter Strömstad kommune i Båhuslen.Sigurds motpart, kong Sigurd, var aldri utenfor Båhuslen eller Ranrike, fra han kom hjem til han døde. Så det må også være der kan kom i kontakt med Sigurd Ranesson. Vet noen at han bodde i Hålogaland ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Skulle spekulasjonane i innlegg 1) ha noko for seg, snakkar vi om ein ættekonstellasjon med utspring og virke i Nord-Noreg som faktisk inneheld ikkje mindre enn 14 lendmenn i ei tidsramme på omlag 170 år.Det blir dessutan tre nye Ivar`ar i slekta for Pål Vågaskalm å kalla opp sonen sin (Ivar Grette Pålsson) etter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Det er rimeleg sterk symbolikk som ligg bak soga om drapet på den siste kjente herren til Bjarkøy, før Erling Ivarsson midt på 1200-talet stig fram i kjeldene som den nye herren til Bjarkøy. I 1183 blir den då 18 år gamle Vidkunn Erlingsson d.e. drepen av m.a. Ivar Silke. Dette skjer ved Engeløy, nesten på “dørstokken” til garden Steig der truleg Ivar Silkes svigerfar, Andres Sigurdsson? vaks opp.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Det er i det heile lite vi høyre om Tore Hunds gamle hovdingsete frå omlag 1140 då Vidkunn Jonsson er omtala ved sin fostersons siste leveår, til Erling Ivarsson over hundre år seinare regjerar på Bjarkøy. Vidkunn Jonssons son Erling Vidkunnsson d.e. dør kring 1182 truleg utan å ha deltatt særs mykje i toppolitikken (om det då ikkje er denne Erling Saxo Grammaticus nemner som ein av gislane i Danmark kring 1170). Erling Vidkunnsson d.e. sin son Vidkunn Erlingsson d.e. blir som før nemnt drepen som 18 åring i 1183, omtrent utan å ha markert seg. Etter dette er det berre sporadiske opplysningar kring Bjarkøyfolket før dei ved Erling Ivarsson og hans søner igjen er blant dei leiande figurane i norsk toppolitikk.Men akkurat i dette “tomrommet” frå Vidkunn Jonsson tidleg på 1100-talet, til Erling Ivarsson i 1260 åra, er det at ættene på Steig, Dønnes og Vågan har si storheitstid. Mykje truleg var det nettopp denne slektskonstellasjonen som eg skisserte i innlegg 5), som då var den leiande i Nord-Noreg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Fredrik Buch

Erling Vidkunnsson (Bjarkøy, d1182) hadde datteren Ragna Erlingsdatter (Bjarkøy, b~1170) som hadde sønnen Ivar Bjarnesson (Bjarkøy, b~1200) med Bjarne Maardsen (Bjarkøy), og Erling Ivarsson (Bjarkøy, b~1230) var sønnen til Ivar Bjarnesson. (Fødselsår er mine, for coherency control.)Dette har jeg fra Waldemar O. Wensell's website (Lenke)some referer tilC.M. Munthe, 'Norske Slegtsmagter' (part b), Norsk Slektshistorisk Tidskrift, Vol 1, pp336-382, Cammermeyer 1928.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Erling Vidkunnsson d.e (d.f. 1183) hadde både ein son og to dotrer. Den ein dotra veit vi namnet på, og det var Ragna, gift med lagmannen for Hålogaland, Bjarne Mårdsson. At dei hadde ein son Ivar Bjarnesson, er ikkje kjent frå kjeldene. Han er truleg ein konstuksjon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Ved kong Håkon Håkonsson vesterhavseventyr i 1263, får vi i sagaen opplyst kven han hadde med seg som styrarar og hovdingar for flåten sin. Mellom andre blir det opplyst at to av dei var Erling Ivarsson og Andres Nikolasson ”Þessir voro Þar formenn Rognvalldr vrka. Erlingr Jvarsson. Andres Nicholasson. HallvarÞr rauÞr” (Codex Frisianus). Ein annan stad i same soga, (Codex Frisianus) finn ein dessutan frasa ”..Þeir magar Erlingr Jvarsson. Andres Nicholasson. ok HallvarÞr”På ein måte blir ringen dermed slutta ved at Erling Ivarsson truleg var gift med ei datter eller søster av Andres Nikolasson, og delar (alt?) av godset til Ivar silkes svigerfamilie kom til den drepte (Vidkunn Erlingsson d.e) si etterslekt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Fredrik Buch

Hei Leiv Magne! Takk for at du bringer opp solide kilder! Det ville være greit med en oppsummering her, med antatte fødselsår for de involverte... Jeg har litt vanskelig med a få datoene til a se rimelige ut.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Det er for lange generasjonslengder. Sigurd Ranessons morfar er født på 900-tallet, mens hans påståtte sønnesønnssønn Andres Nikolasson er yrkesaktiv 1263. Det viser at denne genealogien er rene gjettverket.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

No rota du noko frykteleg ! Men om du meinte Sigurd Ranessons sonesons son sin soneson, så stemmer det at han var yrkesaktiv i 1263.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Jeg har basert meg på de opplysninger du har kommet med i innleggene ovenfor. Men hvis det skal inn to ledd til, så gjerne for meg, Leiv Magne.Det finnes vel forøvrig ingen bevis i det hele tatt for disse generasjonsleddene, - men hyggelig at også Nordnorge har genealogiske gjetteverk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Når debattinnlegg blir lese som fanden leser bibelen, så blir sjølvsagt innlegga deretter. Men det skulle no berre mangle om det kun var austlandet som skulle få ha 'genealogiske gjettverk' (ironi).Gjettverk, og kun det, det er slikt som blir påstått i innlegg 7 sitat:'Det var vel heller Sigurds far som kom fra Viken. Det er jo der navnet Rane er hyppig.' og ' Sigurds motpart, kong Sigurd, var aldri utenfor Båhuslen eller Ranrike, fra han kom hjem til han døde. Så det må også være der kan kom i kontakt med Sigurd Ranesson.'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Fredrik Buch

Hei Leiv Magne! Etter den vitenskapelige metode må vi sette fram teorier, og så prøve disse. På den måte får vi bedre forståelse av situasjonen...Jeg har Magnus III Olavsson (Barfot) av NORGE født i 1073, så søsteren (med samme mor) var vel født rundt 1075, og datteren hennes, Skjaldvor Brynjolvsdatter var kanskje født nært år 1100 (Se Snorre, Magnus Erlingsson's Saga, Ch38)... Så hennes sønn Nicolas Sigurdsson (med Sigurd Ranesson) må ha vært født rundt 1125.Har vi data om fortsettelsen???

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Hvis dere mener Skjaldvor Brynjulvsdotter var datter til lendmannen Brynjulv Ulvalde (slik i Norsk biografisk leksikon) så husk at sistnevnte fikk kongsgave (gården Vettaland) for sin store tjeneste allerede 1018 (samtidig skaldekvad), og må være født i annen del av 900-tallet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore H Vigerust

Etter Claus Krag i NBL2 var Sigurd Ranesson gift med Skjaldvor Brynjulvsdotter, datter av Brynjulv Ulvalde og Tora Arnesdotter.Sigurds eneste kjente barn var Nikolas Skjaldvorsson (d. 1176).Dette kan jo være et passende utgangspunkt.Hva heter neste generasjon etter Nikolas og på grunnlag av hvilke kilder ? Og hvis Nikolas har søsken, hvilke kilder skal det bygge på ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Eg har ein del informasjon liggjande kring denne biografien om Sigurd Ranesson, etter at eg var i kontakt med Krag for eit år eller to sia. Her på Skøyen i Oslo har eg nær sagt ingenting, so dette får vente til eg kjem heim til helga. Kven Brynjulv Ulvalde som var far til Skjaldvor har eg ikkje sjekka, men s 382 i Codex Frisianus og registeret i same bok kan kanskje gi ein peikepinn på det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Eg ser no at der også var stilt eit spørsmål i innlegg 7), og som eg ikkje har svart på endå. ”Vet noen at han (Sigurd Ranesson, min merknad) bodde i Hålogaland ?”Vel, i den grad ein kan stole på den eldre håndskriftslitteraturen, so gjorde nok Sigurd Ranesson det.Hulda har ”síðan bað Eysteinn konungr Sigurð fara norðr a` Steig til byss sins” , og Morkinskinna har ”síÞan bað Eysteinn konvngr SigurÞ fara norÞr a Steig til byss sins”. Altså, nær identisk tekst, og liknande tekstfrasar finn ein i tillegg i Eirspennil, Jofraskinna, Gullinskinna og Codex Frisianus. I denne samanhengen bygg desse handskrifta etter alt å døme på ein Þingsaga i to redaksjonar. At det er Steig i Hålogaland det er snakk om, går elles direkte fram av den vidare teksten i dei same kjeldene.Ei vidare utdjupning av svaret mitt til innlegg 18), og påstanden om at ” kong Sigurd, var aldri utenfor Båhuslen eller Ranrike, fra han kom hjem til han døde.” Til dette viser eg til den same handskriftslitteraturen eg refererte til over pluss kong Sigurds biografi av C. Krag, der finn ein opplysningar som at kong Sigurd drog ut i jorsalferd i 1108, returnerte i 1111, ”tok som frille” Sigurd Ranessons gifte søster Sigrid inne på Mære i Trøndelag kring 1113-14, og var til tings på Þrandarnes i Troms kring 1115. Elles er det å nemna, at vidare i biografien om kong Sigurd skriv Claus Krag at ” Prinsippet var at det var en felles myndighet som ble delt, ikke landet. Men Sigurd skal i de følgende årene ha oppholdt seg mest på Østlandet.”Altså, påstanden i innlegg 18) er herved tilbakevist !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Ei presisering til innlegg 23. Påstanden eg behandla var vist framsatt i innlegg 7, men referert til av meg i innlegg 18.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Fredrik Buch

Hei Tore! Angående innlegg 19 og 20: Snorre er ganske klar, Skjaldvor Brynjolvsdatter var datter av Brynjolv Ulvalde. Siden Brynjolv var gift med en prinsesse, datter av Olav III Haraldsson av NORGE, var nok Brynjolv en lendmann og stor høvding. Med Skjaldvor Brynjolvsdatter født rundt år 1100 var kanskje faren, Brynjolv Ulvalde, født rundt år 1050.Den Brynjolv Ulvalde du dokumenterer var vel født rundt 60 år tidligere, så kanskje var det bestefaren? Eller har vi en interessant kildekonflikt? Hva synes du?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.