Gå til innhold
Arkivverket

[#76603] Militære skifte frå 1700-talet - er dei samla nokon spesiell stad?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Premierløytnant Balthazar Fredrik Fraas døydde i Hafslo i 1757 og skal ha vore ein ikkje uformuande mann. MEN, eg kan ikkje sjå at det vart halde ''vanleg'' skifte etter denne karen. Eg lurer på: Er det militære skifti samla for seg sjøl, på same vis som dei geistlege?Det finst heller ikkje noko skifte etter premierløytnantens enkje Else Marie Fraas (f. Rødberg) då ho døydde i 1777!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Oddbjørn for raskt svar! Eg er med andre ord ikkje åleine om å venta på militære skifte!Men kvar er dei militære skifti for Sogn og Fjordane. Er dei alle samla i Riksarkivet? (Berre for dei tilfelli at ein ikkje har tålmot til å venta...)Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Det militære skiftevesenet lå under auditørene. Offiserene med høyest rang, fra majorer og opp, sorterte under Generalauditøren, og arkivsakene fra det arkivet ligger i Riksarkivet, mens skiftene etter de andre ble behandlet lokalt, og - i den grad de er bevart - ligger i arkivene etter regiments- eller garnisonsauditørene, og er å finne i statsarkivene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Yngve for svar på dette spørsmålet. Men då tyder vel dette at eit (eventuelt) skifte etter løytnant Fraas og enkja hans må vera å finna i Statsarkivet i Bergen?I so fall er eg svært interessert i kva dei inneheld av opplysningar om etterlevande born!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

'I den grad de er bevart'.Statsarkivet i Bergen har 3-4 auditørprotokoller, men det er lakuner i rekken av protokoller fra garnisonsauditøren, og lite er bevart fra regimentsauditørene.Så vidt jeg kan se har vi ikke skifte etter løytnant Fraas. Sollieds registerkort viser heller ikke til noe skifte etter ham eller etter hans kone.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.