Gå til innhold
Arkivverket

[#76710] Carl Ludvig Lied, skipskaptein og handelsmann i Tusvika - kven var mora?


Gjest Bjørn Jonson Dale
 Del

Recommended Posts

Gjest Bjørn Jonson Dale

I Ørskog i 1841 ekta koffardikaptein Carl Ludvig Lied, alder 28, Emte Marie Thommesen, datter av Lars Thommesen, handelsmann i Tusvika i Sykkylven. Lied oppga då fødestaden sin som 'Fredø' (= Frei) og faren som infanterikaptein Fredrik Lied. I 1865 er Lied oppgitt med alderen 65, og med fødestaden Kristiansund.Infanterikaptein Fredrik Christian Møllerup Lied var fødd i Trondheim i 1793 og døydde i Eidsvåg i 1857. Han ekta i 1819 Gjertrud Susanne Astrup fra Ørskog; ho var fødd i 1792. Dette var altså ikkje mora til Carl Ludvig Lied, som må ha vore fødd då faren var 18-19 år gammal og enno ugift.Eg har sjekka aktuelle kirkebøker, men det er dårlig dekning for sokna kring Kristiansund (som ikkje var eige sokn på denne tida). Altså: Er mora til den brave skipskaptein Carl Ludvig Lied kjent?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Faren er oppgjeven å vera ungkar og styrmann på ett av madam Kåsbøls skip, Knut Taraldsson. Mora var Maren Iversdotter Sekkeseter frå Veøy. Her er truleg feil far oppgjeven og ved konfirmasjonen står det då heller ingen far i det heile teke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Takk for sterk innsats! Dette hadde eg ikkje klart på eiga hand.Ved konfirmasjonen er Carl Ludvig innført som 'Frederichsen', og det viser vel til den unge kadetten Fredrik Christian Møllerup Lied, som i 1812 var eller ville fylle 19 år.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.