Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane

[#76712] Even Evenson Lofthus frå Mo i Telemark, fødd 1835, utvandra 1861 -opphavet hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Even Evenson Lofthus var fødd i Mo i Telemark 2.2.1835 - foreldri ungkarl Even Gunderson Lofthus og enkja Johanna Tallefsdotter ([url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8006&idx_id=8006&uid=ny&idx_side=-66>Lenke).Even vart konfirmert i 1850, men då heiter han Rønningen (Lenke).Ifølgje ætt i Amerika skal Even ha utvandra i 1861, men eg finn han ikkje som utvandra frå Mo(?).Eg ser av FT1865 at ein Even Gunderson, enkjemann, fødd 1802, er husmann i Evenddalen under Lofthus i Mo (

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Etter meir leiting har eg funne Even Evenson som utflytt frå Mo i 1854 - til Porsgrunn! (Lenke).Men som utflyttar frå POorsgrunn i åri kring 1861 finn eg han ikkje!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon K. Valebjørg

hei Utvandringsåret for Even har ikkje eg heller funne.Faren Even Gunderson Lofthus 1802-67,budde og i Haugsel og Eivindalen. Farfaren Gunnar Eivindson Haugland 1767-36 arva Lofthus og gifte seg 1801 m.Rannei Bjørnsdtr. 1766-42. ho er innflutt. Oldefar er Eivind Gunnarson Kvålen 1734-91 blei gift med Ingebjørg Talleivsdtr. Haugland og flutte dit. Tippo.f er Gunnar Eivindson Gryte 1709-84 frå Fyresdal Han g.m. ei enke Gunhild Olavsdtr. Reindal. Dei overtok KvålenMora Johanne Talleivsdtr. budde nok sine seiste år på Ljosåk. Far hennar er Talleiv Karlson Kvålen 1757-13. Mora er Tone Olavsdtr. Felland 1767-49. Far til Talleiv er Karl Talleivson Midjås 1716-93 g.m. Ingebjørg Andersdtr. Mor til Johanne er Tone O. Felland beste foreldre er Olav Knutson Felland 1726-98 og Guro Knutsdtr. Nordbø 1741-70 frå FyresdalOm ikkje anna er nenmd er alle stadnamna i Mo.Med helsing Jon

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for spennande og nyttig innlegg.Eg ser at både FT1900 (Winona Co., MN) og FT1910 (Steele Co., MN) seier Even utvandra i 1861, so me lyt vel gå ut ifrå at det stemmer so nokolunde!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.