Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Finn Oldervik

[#76848] Adalis, - eit gamalt kvinnenamn i Noreg, men kor gamalt?

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

I fleire debattar her på forumet har vi vore i kontakt med kvinnenamnet Adalis el. liknande former. Eg lurar på om det er muleg å koma fram til eit slags utbreiingsmønster for namnet og ev om det var i visse ætter det var mykje bruka. Slik utan vidare kan det jo sjå ut som om det var svært vanleg i Krukow-ætta og Benkestokk-ætta, men kan det vera fleire ættar der også dette namnet var hyppig nytta?Vi veit jo at det etter kvart også vart nytta ofte i Nordmørsgreina av Aspaætta, men det verkar å vera først på 1600-talet at bruken greip om seg i denne ætta.Eit av dei eldste breva eg har sett det nytta er i dette frå 1312; LenkeAlle innspel om temaet har interesse.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sivert Perry Nerland

Det bør kanskje tas med her at dette navnet også har sine navneformer som bl.a Alice, Aliz, Adaliz, som igjen har sin germanske opprinnelse av Adelheid. Det kan ha sitt britiske opphav på Nordmøre ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Ja, som eg var inne på i første innlegget mitt, så kunne namnet ha mange former som til dømes Alette og Ales i mitt eige nærområde det siste århundret.ok jattaði þa Æirikr solu Guðrunar ok kaupi Orms ok at þetta skilldi sua fullt ok fast uera af hans halfu sem hennar skilði firir þesso handlagi Æindriði a Læykuin logmaðr j Berguin, hiaueranda herra Erlingi Amunda syni, Æinari frænda hans, Olaui suæini hans, Aðalizu gamla Bruns dottor, Arnliotu Boduars konu, var Guðrun þar þa með. Voro þesser menn hia fyr nemndri pæinga upp lykt, Erlingr Amunda son, Arne j Grasgarði, Æindriði a Læykuin, Jon bruni, Erlingr bræiðr. Nu sem Ormr kom aptr til BerguiniarMen som ein ser frå dette utdraget i det brevet eg lenka til i første innlegget, så er det skrive Adalizu i 1312, og liknande skrivemåte møter vi att mange gonger gjennom dei næraste århundra.At vi finn ei Adalis i omgangskrinsen til Erling Amundsson i Hildugard er forresten også ein interessant observasjon, da ho som vi reknar som stammor til den yngre Aspaætta, Adalis Erlingsdotter nettopp er rekna å tilhøyra Hildugardsætta.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Den forma av ditt, Finn, 'Adalis' vi kjenner fra 1500- og 1600-tallet er Adelus. Dette namnet må vere ulikt namnet Alhed, Alet osv som må ha opphav i Adelheid. Alette må vere ein variant av dette. I tillegg finn vi namnet 'Alis', som kan vere ei kortform av Adelus, men like gjerne ei avleiing av Alicia.Utan sterkt empirisk grunnlag vil eg tru at kvinnenamnet Adelus var eit 'ættnamn', eit namn som bare blei brukt av dei som hadde historisk 'rett' til dette namnet, som ved avstamning fra ei kvinne Adelus.Alle (eller dei få) kvinnene på Sunnmøre som heitte Adelus på 1700-tallet stamma fra Adelus Jensdatter Lystrup (som døydde i 1763, 69 år gammal), enke etter borgaren Claus Claussen (Svertz) på Slinningen i Borgund. Det ser ikkje ut til at uskylde folk kalte opp barna sine etter borgarmadammen på Slinningen. Namnet hennar kan såleis ha vore 'freda'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inger Eide

Ved søk på navnet Adelus i skifter for Salten dukker det opp en hel liten hærskare nettopp på 1700-tallet, den eldste i 1713 på Søfre i Ledingen, Adelus Oldatter.Ved søk på skifter i Lofoten er det noen færre Adelus, men den førstre som er registrert, heter Adelus Hansdatter på Sund i Flakstad i 1673.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Reidar Oddløkken

Har ikke noe med det tyske Adelheid å gjøre dette navnet?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut Inge Apesland

Har sett nacvnet brulkt i formene Allis / Alidz og liknende på Agder, både i Søndeled / Gjerstsd /Holt og i Lyngdal på 1600-tallet. Kvinnen i Søndeled /Gjerstad var født ca 1550-1560 antar jeg, hun var en eldre kvinne i 1620 knyttet til ætten på ytre-Haugen i Gjerstad.mvh Knut Inge A.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Kan namnet Adelus/ Adelis ha eit angelsaksisk opphav?Eg tenkjer på angelsaksiske kongenamn som Æthelstan, Æthelred, Ædward, Ædgar. Nokre av desse med førestavinga Æth- vil i dag vil transkribert Ath- (Athelstan, som Snorre elles kallar kong Adalstein), andre igjen vert Et(h)- (Ethelred the unready) eller Ead- (Eadward the Confessor, Eadgar the Atheling); alt etter kva ein vél. Merk òg at bokstaven 'Æ' faktisk framleis eksisterer i engelsk skrift. Han er berre uhyre sjeldan brukt i moderne engelsk, og då helst i ord av utanlandsk eller gamalt angelsaksisk opphav (der ein samstundes indikerar den opphaveleg uttaleforma); til dømes ord som mediæval, anæsthetic, encyclopædia, Æthelred.Difor, kan ei opphaveleg form av Adelus ha vore Æth -, dvs. at Adelis er ei gamal angelsaksisk feminumsform?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Iflg. 'Norsk personnamnleksikon' kommer Adelus, Alis, Alice, Alet, Alette, Heidi, Tale og enda flere former av Adelheid, fra ghty. Adalhaidis, Adalaiz.Formen Adalis er forresten ikke nevnt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Takkar alle så mykje for responsen.Det ser ut til å vera rimeleg semje om at namnet med alle sine variantar har tysk opphav, noko som samsvarar med det som står i Norske personnamnstudiar (Det norske samlaget 1980).Interessant teori som Bjørn har at Adelis kan vera eit slags 'ættenamn', men dette let seg vel knapt sannsynleggjera, for ikkje å seia prova? Lurar forresten på om det finst kunnskap om forfedrane til denne Adelus Jensdotter Lystrup som Bjørn nemner?Interessant også det som Inger skriv om Salten og denne hærskaren av Adeluser e.l. som opptrer i skifteprotokollen for området. Skulle gjerna ha visst om det er muleg å finna eit sams opphav for dei fleste. Har ein mistanke om at vi kanskje endar på Benkestokk, - eller kva trur andre?At namnet hadde ei viss utbreiing i Salten var kanskje som venta, men hadde ingen opplysningar at det også var registrert i Agder såpass tidleg. Noko stammor er det sikkert ikkje muleg å påvisa der heller.I det første innlegget mitt påviste eg at namnet var bruka så tidleg som i 1312 i Bergen og at det der var knytt til Erling Amundsson av Hildugard. Dette vil eg koma attende til seinare, så no vil eg heller fokusera litt på opphavet til denne Adalis, då ho er sagt å vera vera dotter til gamle Brun. Eg går då ut frå at Brun var gammal og at gamle ikkje var førenamnet hans?. Vi ser at det også er nemnd ein Jon Bruni i det same brevet. Kanskje det dette som er gamle Brun eller kan det vera ein bror til Adalis?. Brun må kanskje oppfattast som eit ættenamn? Så var det mannsnamnet Jon, - det kunne vel vera både norsk, tysk og engelsk?No var likevel ikkje Adalis i Bergen den første Adalis nemnd i DN. Ho kom nemleg frå Tønsberg og er nemnd i 1304. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Inger Eide

Jeg vet ikke om dette har noen interesse, men Adelaide/Adélaïde er omtalt på franske slektssider som eksempel på et kvinnenavn som er blitt slektsnavn - navnet har germansk opprinnelse.Ved søk på FS vil en se navnet brukt både som etternavn og vanlig personnavn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest John Tore Kvernmo

Etter (9) er vel også Ahlis en variant som er ganske mye brukt,spesiellt fra Hordaland og opp til Sogn og Fjordane.Min 5-tippoldemor, Ahlis Samsonsdatter gift med Daniel Hansen døper flere barn i Nykirken i Bergen fra 1717 og utover.Mvh John Tore

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Inger (11)Kanskje kan det norske slektsnamnet 'Adelsteen' ha same opphavet?John Tore (12)Ahlis (Ales osv) må vel vera variantar av same namnet vil eg tru. Kjenner du forfedrane til denne Ahlis i nokre ledd bakover i tid?I innlegg (3) og (10) nemner eg ein gamle Brun i Bergen. I dette brevet Lenke er denne mannen også nemnd. Sidan gammalnorsk ikkje er mi sterke side, så klarar eg ikkje sikkert å fastslå om han er å rekna som tysk eller norsk. Sidan han har dotra Adalis, så kunne det vera av verdi å få ei avgjerdsle på dette. Nokon som kan hjelpa?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kent Williamsson

Adelus Torstensdotter Børøy var gift med Mats Jonsson (Slede/Dall) hon är nämnd ' Adeluß ' i skiftet efter fadern Thostenn Olssøn 1606 ( Lenke ).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helge Berntsen

Om vi skal tro slektsforskeren Henning Sollied, så synes det å være en Adelus Eriksdatter f. 1455, gift med Johan Kruckow, og senere med Finn Hansson Rostvig, som har brakt navnet til slektene Kruckow og Lystrup. På 1700-tallet dukker det opp en Adelus Johansdatter i Holt, som en niese av Holt-presten Mogens Lauritsen Lind, og da blir spørsmålet om denne Mogens har sine røtter i Lystrup-familien ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Berre ein kort kommentar til innlegg (14) i første omgang, då det der vert lenka til eit interessant skifte som omhandlar gardsbruk på Bømlo. Så vidt eg kan sjå så er det nemnd 5 gardar, nemleg Børøya, Søvold, Fylkesnes og Grøtle (Grylle). Eigaren har vore Torstein Olsson og etter det eg kan sjå så hadde han seks born og blant dei Adeluß. Men om eg ikkje mistolkar, så hadde han også ei dotter som vert titulert Hustru. Ut frå dette må vi tru at Torstein Olsson på Børøya måtte vera ein ganske framtredande mann, og då undrast eg på om nokon har kunnskap om Torstein, familien og forfedrane.Eg legg også ved kart over eigedomane som vart delt ved skiftet og som vi ser så ligg dei ikkje så langt i frå Svortland som har vore drøfta i debattane om Kristoffer Trondsson. Her er også lenke til kartet slik at ein kan forstørra osv. Lenke

bilete8956.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Minner her om at en Adelus på Hitra har brødre som eier gårdene Eidsvåg og Ulveråker i Sveio. Denne Adelus er datterdatter av Auden Torsteinsen Aspa og hustru Lisbet.De to nevnte gårdene er tidligere kirkegods som selges til en ikke navngitt kjøper etter reformasjonen. Antagelig arves dette senere av brødrene til Adelus Sjursd. Honnes (Hitra), siden det ellers ikke er så veldig sannsynlig at hennes familie skulle kjøpe jordegods så langt unna strøket der de har sine øvrige eiendommer. (Slikt søker en jo helst å holde litt samlet for oversiktens skyld.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kent Williamsson

Thostenn Olssøn gift med NN Laurisdatter. Han köpte 1553 ( DN 778 Lenke ) Böröy av hennes syster Doritte Laurisdatter 'Jeg Hendrick Oelsszennen ..... halgord heder Berrø oc ligger y Sundhordeland y Muster sogen, mett en øde gord paa Bremnes y Gaaslands sogenn, som myn hustrw forne Doritte haffuer erfft effther siitt folck,'barn1.Christopher Thostennssøn, bodde en tid på Sande i Leikanger2.Eindride Thostennssøn, död vid skiftet, hans son Oluff Eindridessøn är nämnd i skiftet3.Hustu Malene Thostennsdotter4.Ingerid Thostennsdotter5.Britha Thostennsdotter6.Adeluß Thostennsdotter

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kent Williamsson

Till (16) vet ej vilken släkt som Thostenn Olssøn kan tillhöra. Kanske barnens namn kan ge någon vägledning eller de övriga namnen nämnda i skiftet. Jag är osäker på namnen på de som är nämnda i inledningen och på sidan av skiftestexten vad jag kan se så är någon 'paa ede' och en annan 'paa Foße'. Vilken funktion de har i skiftet kan jag inte läsa. Intressant om någon kan tolka texten.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kent Williamsson

Till (16) 'Arven gjelder gods bl. a. i gårdene Børøy, Fylkesnes, Nese og Søvold.'Det här blev ett sidospår i Adelus ämnet. Kanske det kan vara ett eget tema om intresse finns.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alvin Andreassen

Adelus var ikke noe sjeldent navn i Troms i siste halvdel av 1700-tallet. Det samme gjelder forøvrig Abigael og Ribor. I Siele Registeret over Tromsøe og Helgøe Menigheder 1769 finner man begge navene. Men jeg har sett Adelus i skifter også i første halvdel av 1700-tallet (Kirkebok først fra 1753).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Til (15)Eg har ikkje sjekka om 'påstanden' i dette innlegget er riktig i høve det som Henning Sollid opphavleg skreiv, men det er neppe rett uansett. Det rette er helst at Adelus Eriksdotter Kruckow (f. kring 1460) var gift minst to gonger, der det første ekteskapet var med Hans Jensson Rostvig og det andre med Torleiv Benkestokk (var i live i 1502). Dette skulle vel forklara bruken av Adelus både i Kruckow, Benkestokk, Rostvig (dvs. Finn Hansson) og Lystrup utan at eg kan forklara nøyaktig korleis Lystrup kjem inn i biletet. Mi meining er at Adelus Eriksdotter Kruckow har fått namnet sitt etter ho som eg meiner er tippoldemora, nemleg Adalis Erlingsdotter gift m.a. med riksråden Herr Toralde Sigurdsson. Adalis Erlingsdotter vert da farmor til morfar åt Adalis Eriksdotter Kruckow på Fit.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Finn Oldervik

Odd Roar (17)Har du data på kor mykje dei to brørne åtte i Eidsvåg og Ulversåker i Sveio og ev den totale landskulda for dei to gardane. Kva er kjelda for at dette har vore kyrkjegods fram til reformasjonen?Så attende til mitt eige innlegg (13). Eg lenkar der til eit brev i DN kor gamle Brun vert nemnd (B 1, nr. 122 1309). Dette utdraget fra brevet skulle vel fastslå at gamle Brun var tysk vintersitjar i Bergen, eller i det minste at han hadde vore det; 'Siðan giæk fram sira Andres fyr næmdr ok flutti sua ok suor æftir at firir lidnum fimtighi vættra var han mæd virðulegum herra Petre biskupi i Bergwin ok tok han þa saman alla tiund vm Bergwin mæð sira Iware bolo vm þria vætr samfasta. Sagde hann ok vndir æið sinn at sua luku þa þydiskir mænn tiund sina hæilagre kirkiu þæir sæm vætrsætar varo sæm inlændsker ok næmde hann þæssa þria af þæim, Hærman skullt i Einars garðe, Albrikt digra i Suæins garðe ok Brun gamla aðr æn hann ætte nokkorn garð i Bergwin ok æigi lankt þar æftir.'Så framt Brun gamla ikkje var gift med ei norsk kvinne, så bør vel den første Adalis som er registrert på Vestlandet vera av tysk opphav.At slike vintersitjarar kunne finna seg norske kvinner som ektemake veit vi frå eit brev som fortel om ei av døtrene til Peter på Edøy at ho gifta seg mot ætta sitt råd med ein tysker som vert kalla Tideman frå Lybek. Også denne mannen vert nemnd i det same brevet som gamle Brun; ' let þa þægar herra biskup læsa þæira bref herra Petrs Guðlæiks sunar ok Eiriks logmanz i Bergwin, ok Rydgæirs i Suæins garðe, Hænza gr/oe/ywa ok Hænza skradara i huæriu þæir samu mænn hafðu borgat firir Giærwin ok Jon drotning i Læppenum firir Loduir ok Arnalld visa, Engelbrik ok Tiðaman Lybik, Gæirarð blakmann, Kuanrað i Brattenum er bannf/oe/rðr hafðv verit firir þat at þæir villdu æigi gera tiund sina, borgaðe han herra Petr ok fyrnæmdir mænn firir þa at þæir skilldu luka tiund sina at nestre allra hæilagra m/oe/sso þar æftir, sua sæm þat sama bref vaattar ok gort var anno domini. mo.cco. nonogesimo sexto.'Vi kan med andre ord ikkje vera heilt sikker på at gamle Brun ikkje var gift med ei norsk kvinne.Legg elles merke til at Tideman Lybek er nemnd i lag med ein Engelbrik. Dette viser at også namnet Engelbregt er gamalt i Noreg.Eg legg med eit nytt kart over dei aktuelle gardane i Sunnhordland, der også dei to gardane til Sjurssonane er teke med. Desse er markert med blå ringar.

bilete8958.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

Til (23) første linje:Omstendighetene rundt salget av disse gårdene på 1500-tallet vet jeg finnes nevnt i bøker, bl.a. med litt fremtredende navngitte representanter for selgeren, men kjøperen er altså ikke oppgitt. Muligens omtales det i Sveioboka (som jeg har sett i flere ganger), hvis ikke er det i en eller annen oversikt over gårder i strøket. Landskylden fremgår av skattematrikler -- har sett at de to gårdene samlet i eldre tid har en skyld på linje med Agatunet, som vel nevnes som Hardangers største gård. (Vet imidlertid ikke om landskylden er taksert likt i indre og ytre del av fjorden.)Spørsmålet er om det kan finnes flere upubliserte skattedata som evt. kan klargjøre hvem som eier gårdene etter at de er solgt, men før de innehas av folket på Vikstrøm på Hitra, som gjerne ætter fra kjøperen etter reformasjonen. (Jordegodset kan komme til Hitra enten via presten hr. Torkel i Hemne eller via Aspafolket.)Dahls prestebok forteller på s. 201 om hr. Isak Sjursen at han 21.09.1638 selger 4 spann i Eidsvåg til sin tantes daværende mann (presten Falck i Hemne). Ulveråker selges i 1641 av Isaks bror Auden til nevnte tante i Hemne. Hun og hennes mann står som eiere av gårdene i 1647.Beklager at jeg ikke kan oppgi dette mer nøyaktig nå. Det er flere år siden sist jeg så på det. Synes det er all grunn til å finne ut av dette, siden det muligens kan belyse hittil ukjente forbindelser sørover hos denne velstående familien i Dolmsundet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Roar Aalborg

I 1647 er landskylden på Eidsvåg i Sveio 4 løper smør med en underliggende ødegård på 1 tønne korn. Salig Melchior J. Hevnes etterleverske eier og bygsler. Bosatt i Trondheims len.Det samme gjelder for Ulveråker, som har skyld 4 løper smør og 3 våger korn.I alt eier brødrene Auden Sjursen Vikstrøm på Hitra og hr. Isak Sjursen på Ørlandet et jordegods i Sunnhordland på mer enn 8 løper smør, som vel ikke er så helt lite. Hvis den ukjente kjøperen etter reformasjonen også har mer i samme området, så må brødrenes evt. arv komme fra et lavadelig bo, vil jeg anta. Det er vel ikke så mange andre på den tid som eier såpass med jordegods. (Minner om at deres mor, hustru Lisbet, hittil ikke er identifisert, mens opphavet ellers for det meste er kjent på begge sider.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.