Gå til innhold
Arkivverket

[#76882] Hans Hartvig Irgens (1804-1888) - sokneprest Kinn - Lyngdal - Kinsarvik -huslyd?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Hans Hartvig, kjend som Hartvig Larsson Irgens, fødd i Sogndal 9.3.1804, gifte seg i Hafslo 19.7.1839 med Anna Adriane Johanne Andreasdotter Baade, fødd i Skjold 17.1.1818. Hartvig vart cand.theol. i 1831 og vart 20.9.1831 tilsett som personleg kapellan til Hafslo. Han budde i Hafslo fram til 1839. So vart Hartvig 9.8.1839 tilsett som sokneprest til Kinn, og han og Anna flytte same året inn på prestegarden i Florø. So vart Hartvig 1.11.1854 sokneprest til Lyngdal, og bustaden deira var Aa prestregard i Lyngdal til Hartvig i 1863 hamna som sokneprest til Kinsarvik. Han vart 16.2.1867 utnemnd til prost, men tok pensjon i 1879, og han og Anna flytte då til Christiania der Anna døydde 1.7.1880. Hartvig Irgens døydde same staden 21.2.1888.¤¤¤¤¤ (Kan noko stadfesta at dei båe døydde i Christiania?)Dei fekk seks born i lag:a. Laura Christiane Hartvigsdotter Irgens, fødd i Kinn 10.6.1840, døydde¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar? – FamilySearch seier Florø, men der er ho ikkje! – heller avlidi i Christiania?)7.3.1888. Laura budde heime med foreldri sine og flytte med dei i 1878 til Christiania, ugift.b. Johan Andreas Hartvigson Irgens, f. i Kinn 23.2.1842, d. i Christiania 9.3.1910. Han gifte seg i Arendal 15.9.1871 med Hanna Dedekam Emilsdotter Kallevig, f. i Arendal 27.2.1844. Ho d. i Christiania 2.5.1921. Johan var kaptein og overlækjar¤¤¤¤¤ (fleire detaljar om cand.med. og bustader?)Dei fekk fem born i lag.c. Knut Christian Fredrik, kjend som Fredrik Hartvigson Irgens, fødd i Kinn 19.12.1843, døydde i Christiania 5.2.1901. Fredrik var ei tid handelsbetjent hjå morbroren Ole Johan Baade i Stavanger, men vart sidan grosserar og fabrikkeigar i Christiania. Han var ugift.d. Malla Olivia Andrea, kjend som Andrea Hartvigsdotter Irgens, fødd i Kinn 17.9.1849, døydde i Bergen 3.2.1919. Andrea gifte seg i Kvinnherad 8.9.1875 med Peter Edvard, kjend som Edvard Berntson Bessesen frå Kvinnherad, fødd på Biri 30.4.1846. Han døydde i Bergen 17.7.1921. Edvard Bessesen var byrettsjustitiarius,¤¤¤¤¤ (dette var yrket hans i Bergen, men kva med tidleg karrière? – cand.jur.?)og han og Andrea budde ei tid i Christiania og sidan på Stord, men flytte i 1890-åri til Bergen der dei sidan budde levetidi ut. Dei fekk sju born i lag.e. Hartvig Johannes Hartvigson Irgens, fødd i Kinn 23.9.1852, døydde i Antwerpen, Belgia 8.2.1903. Han gifte seg i Bruxelles, Belgia 6.6.1899 med Nelly Clude Billingham, fødd i Albany, N.Y. 29.8.1870. Ho døydde i Antwerpen, Belgia 7.6.1921. Hartvig var handelsmann i Antwerpen, Belgia og budde der. Han og Nelly fekk ei dotter i lag.f. Olga Johanne Hartvigsdotter Irgens, fødd i Lyngdal 6.1.1856, døydde i Vestre Aker, Christiania 4.5.1908. Olga flytte med foreldri til Christiania i 1878 og budde der levetidi ut, ugift.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Denne huslyden skal ogso omskrivast i bygdeboki for Luster, og her manglar eg berre mindre detaljar. Er det nokon som kan bidra med noko, so er eg igjen svært takksam for det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Frank Pagh

Johan Andreas Irgens skal være blevet student fra Stavanger latinskole. Cand. med. i 1866 og yderligere studier i Stockholm og Uppsala 1867-8. Blev militær-kirurg og opnåede rang af major og brigadelæge 1898.Peter Edvard Bessesen blev cand.jur. i 1867 og overretssagfører i 1871. Sorenskriver i Søndhordland i 1884 og justitiarius i Bergen 1900.Vh, Berit Pagh.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Johan Andreas Irgens, søn af sogneprest Hans Hartvig Irgens (f.i Sogndal 9-3-1804, død i Christiania 21-2-1888) og Anne Adriane Johanne Baade (f.i Skjold 17-1-1818, død i Christiania 1-7-1880), halvsøster av Andreas Baade. Tok dimitteret fra Stavangers Skole, 1859 artium, decbr. 1860 anden examen og 7.decbr. 1866 med.examen med Laud.Vinteren 1867-68 opholdt han sig 7 maaneder ved de medicinske Læreanstalter i Stockholm og Upsala med H.M.Kongens akademiske reisestipendium, var fra jan. til april 1869 ansat som fiskerilæge under Lofotfisket ig samme aar i 3 maaneder constitueret som militærlæge ved Rekrutskolen paa Rindenleret.Han fungerede i nogen tid som candidat ved Rigshospitalets hovedafdeling og i 3 maaneder som reservelæge ved Fødselsstiftelsen og Børnehospitalet i Christiania, hvor han senere har været bosat.29.juli 1872 blev han utnævnt til companichirurg ved Christanssandske Brigade og 15.novbr. samme aar forsat til armeens hovedstation, 14.april 1877 befordret til national corpslæge i Bergenske, 1.april 1878 i Christianssandske og 31.juli 1882 i 1ste Akershusske Brigade.Han er siden 17.janr. 1876 hjelpelærer ved Jordermoderskolen i Christiania og siden 1881 medlem av Christiania sundhetscommission. I 1874 gjorde han en 5 maaneders reise til Wien og Paris for vesentlig at studere Accouchement Gynækologi og det militære sanitetsmateriel; høsten 1880 gjorde han en maaneds reise til Holland og Belgien for at undersøge Jordermoderskolernes virksomhed.Gift paa gaarden Tangen paa Hisø ved Arendal 15.septbr.1871 med Hanne Dedekam Kallevig, f. i Arendal 27.febr.1844, datter av consul Emil Kallevig (f. i Arendal 30.juni 1807) og Margarethe Dedekam (f.i Arendal 12.decbr.1809, død sammesteds 15.april 1883)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit, Carsten og Yngve for mange kjempefine opplysningar om denne huslyden, som no er på det næraste heilt komplett!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.