Gå til innhold
Arkivverket

[#76945] Andreas Baade (1775-1852), sorenskrivar Sogn - son Knut kunstmålar - huslyden?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ein av sorenskrivarane som i mange år budde på sorenskrivargarden i Solvorn, Hafslo, var Andreas Knutson Baade. Eg har bra med opplysningar om denne hhuslyden, men ein del detaljar manglar...:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Andreas Knutson Baade, opphavleg frå Stavanger, var son av bøkker Knut Olson Baade i Stavanger og kona Inger Andersdotter, òg frå Stavanger, og vart døypt i Stavanger 26.12.1775. Han gifte seg i Skjold i Ryfylke 15.7.1805 med Johanna Margrethe Mortensdotter Magnus frå Skjold i Ryfylke. Ho var dotter av sokneprest Morten Henrik Henrikson Magnus til Skjold, opphavleg frå Finnøy, og første kona Adriane Johanne Johannesdotter Cruys fr?¤¤¤ (opphavet hennar?)og fødd i København, Danmark 27.11.1788. Andreas Baade tok dansk juridisk eksamen i 1806 og ny eksamen i 1807. Han vart prøveprokurator i 1808 og var overrettsprokurator i Bergen stift frå 1810. Parfolket budde på Magnevik i Skjold, Ryfylke fram til 1831. Men 23.2.1831 vart Andreas Baade utnemnd til ny sorenskrivar i Indre Sogn, og same våren flytte huslyden til Solvorn. Andreas heldt fram i stillingi som sorenskrivar til han 26.9.1846 tok avskil. Andreas og Johanna Baade flytte same året til Stavanger og budde der levetidi ut. Johanna døydde i Stavanger 28.3.1851, medan Andreas Baade døydde same staden 31.5.1852. Andreas og Johanna Baade fekk ni born i lag:1. Morten Henrik Magnus Andreasson Baade, fødd i Skjold 10.1.1806, gifte seg på Stord 13.7.1836 med Dorthea Marie Johansdotteer Budtz frå Kårevik på Stord. Ho var dotter av sorenskrivar Johan Andreas Budtz på Stord, opphavleg fr?¤¤¤ (opphavet hans?)og kona Barbara Caroline¤¤¤¤¤ (førenamnet til far hennar og jentenamnet hennar?)¤¤¤¤¤ (opphavet hennar?)og fødd på Stord¤¤¤¤¤ (sjekka om denne fødestaden stemmer?)26.10.1807. Morten Baade vart cand.jur. i¤¤¤¤¤ (kva år?)og fekk i¤¤¤¤¤ (kva år? – før 1841?)stilling som sorenskrivarfullmektig i Sunnhordland med bustad på Kårevik på Stord. Men i¤¤¤¤¤ (kva år?)vart Morten tilsett som byfogd i Stavanger, og parfolket flytte dit. Morten døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – Stavanger? – 1868!?)og som enkje flytte Dorthea Baade attende til Leirvik på Stord der ho døydde 27.6.1891. Dei fekk to døtrer i lag:a. Barbara Caroline, kjend som Caroline Mortensdotter Baade, fødd på Stord 8.9.1838,¤¤¤¤¤ (n. 1865 og 1875, ugift – døydde 6.10.1891!? – finn ikkje Stord – ikkje Stavanger! – lagnaden hennar?)b. Johanna Margrethe Mortensdotter Baade, fødd på Stord 17.2.1841, døydde på eit sjukehus i Bergen 29.5.1892. Johanna gifte seg¤¤¤¤¤ (vigselsstaden? – ikkje Avaldsnes, ikkje Stord, ikkje Bergen!)29.7.1868 med Claudius Jacob Anton Claudiusson Schive, fødd i Christiania 18.6.1825. Han døydde i Leirvik på Stord 4.4.1901. Claudius var telegrafist og telegrafstyrar, og han og Johanna budde ei tid i Stavanger, men flytte i 1870-åri til Leirvik på Stord. Dei fekk ei dotter i lag.2. Knut Andreasson Baade, fødd i Skjold 28.3.1808, flytte i ung alder som kunststudent til Bergen og i 1827 vidare til København i Danmark. Han arbeidde frå 1830 som portrettmålar i Christiania og landskapsmålar på Vestlandet, men flytte so som målarstudent til Dresden i Sachsen, Tyskland. Frå 1842 var han busett i München, Bayern der han heldt fram som landskapsmålar. Han døydde i München, Bayern i Tyskland 24.11.1879.¤¤¤¤¤ (sjekka om han var ugift!?)3. Ole Johan Andreasson Baade, fødd i Skjold 19.12.1809, flytte i ung alder til Stavanger der han livnærte seg som kjøpmann. Han døydde ugift i Stavanger 10.1.1881.4. Jens Zetlitz Andreasson Baade, fødd i Skjold 21.11.1811, flytte òg til Stavanger der han var kontormann hjå broren Morten, byfogd i Stavanger. Jens døydde ugift i Stavanger 11.7.1881.5. Inger Christine Andreasdotter Baade, døypt i Skjold 24.2.1813, gifte seg i Hafslo 19.7.1839 med Michael Conrad Sophus Emil, kjend som Sophus Benonison Aubert frå Christiania. Han var son av generalmajor ved ingeniørbrigaden Benoni Franzson Aubert i Christiania, opphavleg frå København i Danmark, og kona Jacobine Henriette, kjend som Henriette Henriksdotter Thaulow frå Kristiansand og fødd i Christiania 2.7.1811. Sophus Aubert vart student i 1828 og cand.jur. i 1835. Han var ei tid skrivarfullmektig i Indre Sogn, men vart 29.7.1841 utnemnd til overrettsprokurator i Bergen stift med bustad i Bergen der Inger d. 24.10.1845. Sophue gifte seg 19.8.1847 att i Bergen med Gjertrud Sophie Andreasdotter Løberg frå Kongsberg. Ho var dotter av bokhaldar og forvaltar Andreas Løberg på Kongsberg og kona Anna Olsdotter Berg, òg frå Kongsberg, og fødd på Kongsberg 10.4.1821. Sophus vart 8.12.1847 utnemnd til sorenskrivar i Lofoten og Vesterålen med bustad på Råvoll i Hadsel der Gjertrud døydde 16.2.1850. Sophus fekk 18.9.1852 stillingi som amtmann i Nordre Bergenhus og flytte då til Kaupanger i Sogndal, men gifte seg tredje gongen i Bergen 12.11.1852 med Caroline Johanne Marie Andreasdotter Løberg frå Kongsberg, ei søster av andre kona og likeins dotter av bokhaldar og forvaltar Andreas Løberg på Kongsberg og kona Anna Olsdotter Berg frå Kongsberg. Caroline var fødd i Bergen 11.11.1812. Sophus og Caroline budde òg ei tid i Lærdal, men 10.11.1860 vart Sophus utnemnd til borgarmeister i Trondheim. Han og Caroline flytte dit på same tidi. Caroline d. i Trondheim 3.6.1865, og 25.6.1866 fekk Sophus Aubert stillingi som sorenskrivar i Nordre Jarlsberg. Han flytte då til Heimdal i Sande i Vestfold der han døydde 8.11.1872. Sophus Aubert fekk i alt¤¤¤¤¤ (kor mange born?)av dei var ein son frå første ekteskapet med Inger:a. Otto Benjamin Andreas Sophusson Aubert, fødd i Bergen 17.12.1841,¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)6. Andreas Andreasson Baade, fødd i Skjold 17.11.1815, vart cand.med. i¤¤¤¤¤ (kva år?)og arbeidde som koleralækjar i Bergen der han døydde ugift 14.1.1849.¤¤¤¤¤ (ytterlegare biografi?)7. Anna Adriane Johanne Andreasdotter Baade (1818-1880), vart gift med sokneprest og sorenskrivarson Hans Hartvig, kjend som Hartvig Larsson Irgens herifrå Christianeslyst (1804-1888) (sjå ovanfor).8. Søren Schiøtz Andreasson Baade, fødd i Skjold 11.5.1820, Søren Baade flytte i ung alder til Stavanger der han 12.7.1855 gifte seg med Marie Therese Jonasdotter Rolfsen frå Torvestad. Ho var dotter av skipper og seinare fyrvaktar Jonas Severin Michaelson Rolfsen på Sørhaugø fyr i Torvestad, opphavleg frå Kleven i Mandal, og kona Pauline Augusta Andreasdotter Pedersen, òg frå Kleven i Mandal, og fødd i Stavanger 18.8.1832. Søren og Marie vart buande i Stavanger der Søren livnærte seg som kjøpmann. Han døydde i Stavanger 8.4.1879, medan Marie Baade døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1900)Dei fekk sju born i lag:a. Andreas Sørenson Baade, fødd i Stavanger 21.4.1856, reiste til sjøs som styrmann, men døydde av feber i Mayagua, Cuba 29.5.1879, ugift.b. Jonas Severin Rolfsen Sørenson Baade, fødd i Stavanger 23.7.1857, døydde under opphald i Milano, Italia 9.5.1885.¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? – cand.jur.?)c. Pauline Augusta, kjend som Augusta Sørensdotter Baade, fødd i Stavanger 9.10.1858, døydde ugift i Stavanger 21.10.1886.d. Johanna Margrethe, kjend som Hanna Sørensdotter Baade, fødd i Stavanger 28.11.1859,¤¤¤¤¤ (n. 1865 og 1900 (ugift) – lagnaden hennar?)e. Halfdan Sørenson Baade, fødd og død i Stavanger 26.6.1861.f. Ingvar Sørenson Baade, fødd i Stavanger 30.11.1862,¤¤¤¤¤ (n. 1865 og 1900 (ugift manufakturkjøpmann) – lagnaden hans?)g. Trygve Sørenson Baade, fødd i Stavanger 4.7.1865, døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1900!)Han gifte seg i Stavanger 21.11.1893 med Carla Thora Inger Helliesen Carlsdotter Thorsen, fødd i Stavanger 1.9.1866. Ho døyddfe¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1900: agent Stavanger)¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – 1900 nemner:* Marie Baade, fødd Stavanger 1894* Esther Baade, fødd Stavanger 1895* Inger Baade, fødd Stavanger 1897* Augusta Baade, fødd Stavanger 21.8.1900)9. Johan Fredrik Hansen Andreasson Baade, fødd i Skjold 4.9.1822, flytte i ung alder til Stavanger, men gifte seg¤¤¤¤¤ (vigselsstaden hans? – ikkje Stavanger – ikkje Vikedal!)6.9.1861 med søskenbarnet Adriane Johanne Cruys Johannesdotter Magnus frå Håganvik i Vikedal. Ho var dotter av skipsbyggmeister og gardbrukar Johannes Cruys Mortenson Magnus på Håganvik i Vikedal, opphavleg frå Skjold, og kona Anna Maria Christine Fredriksdotter von Krogh frå Vikedal og fødd i Vikedal 22.7.1831. Johan vart cand.jur. i¤¤¤¤¤ (kva år?)og sidan fiskeinspektør. Han og Adriane budde i Stavanger¤¤¤¤¤ (ser ut til å vera farne derifrå etter 1865 og før 1869! – kvar?)der Johan d. 22.10.1888. Adriane d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)Dei fekk tre born i lag:a. Alf Johanson Baade, fødd i Stavanger 22.11.1863,¤¤¤¤¤ (døydde 30.6.1886!?)b. Audun Johanson Baade, fødd i Stavanger 28.11.1865, døydde¤¤¤¤¤ (dødsstaden hans?)24.7.1869.c. Alfhild Johansdotter Baade, fødd i¤¤¤¤¤ (fødestaden hennar?)3.9.1870, døydde i¤¤¤¤¤ (dødsstaden hennar?)2.11.1871.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg vonar det meste av desse ''hòli'' kan tettast utan for store vanskar og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Norges Læger: Andreas Baade, søn af sorenskriver i indre Sogn Andreas Baade (d.26-12-1775, død 31-5-1852) og Johanne Margaretka Magnus (d.7-1-1789, død 28-3-1851) er født i Skjold 17-11-1815, tog janr. 1836 preliminærexamen og 23-10-1843 norsk medicinsk examen. Han var i 1845-46 bosat i Lærdal og i 1847 i Stavanger. Han døde i Bergen, hvor han var ansat som coleralæge, 14-1-1849 af colera. - I 1847 deltog han i det 5te skandinaviske naturforskermøde i Kjøbenhavn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Otto Aubert giftet seg 22-12-1866 med Hilda Thaulow LenkeIflg. biografien til deres sønn Frans Ingar (f.17-9-1877) i Norges Læger, så døde Otto 23-1-1898 og Hilda 11-8-1923.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Studenter ved Univ. i Chr.a.:Jonas Severinn Rolfsen Baade, f.1857, død 1885 i Milano, sorenskriverfuldm., jur.emb.eks.1881Johan Fredrik Hansen Baade, f.1822, død 1888, ass. ved Ferskvandsfiskerierne, jur.emb.eks. 1851Morten Henrik Magnus Baade, f.1806, død 1869, foged i Ryfylke, jur.emb.eks. 1834Iflg. Sorenskriverne I Norge 1591-1991 så var Johan Andreas Budtz f.1771 i Randers og død 1845. Han var ansatt ved Sunnhordland sorenskriverembete 1819-1845.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Frank Pagh

Ang. Morten Henrik Magnus´ første kone Adriane Johanne Cruys:FT 1787 København, Sankt Annæ Øster Kvarter, Store Kongensgade(Ny Kongensgade) 230, 2,Johannes Cruys 65 Gift 2. ægteskab Oberst Lieut. af InfanterietSella Korts 46 Enke 1. gangAgate Angenete 22 Ugift }Adriane Johanne 15 Ugift } Deres Døtre Teksten er lidt pussig og Adriane Johanne er knap gammel nok, hvis alderen passer, men det er måske en mulighed ?Vh, Berit Pagh.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for mange spennande og gode innlegg som litt etter litt kompletterer oversikten over Baade-ætti. Sjølv har eg nettopp funne dødsfallet til Johan Fredrik Hansen Baade 22.10.1888, som ''cand.jur.'' på Håganvik i Vikedal! Men ingen av borni som døydde 1869 og 1871 er enskrivne i Vikedal, og heller ikkje Alf frå 1886, so dei må ha butt ein annan stad!Men eg har løyst problemet kring Morten Baade si kone, Dorthe Marie Budtz. FT1865 syner ho er fødd i Bergen, medan ho ved dødsfallet er oppgjevi fødd på Stord. Og ho var fødd på Stord, og ekteskapet til foreldri er ogso på Stord 30.9.1803 (Lenke). Her kjem det fram at kona Barbro Caroline var fødd Bauert, og FamilySearch fortel oss ho var fødd i København!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for spennande opplysningar om ætti Cruys!Eg trur du har funne den rette huslyden i København. Adriane Johanne må vera gift kort etter FT1787, om lag 16 år gamal, og ser me på den neste generasjonen, so var jo ikkje Johanne Margrethe heller meir enn 16 år då ho gifte seg med Andreas Baade...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest arne kvitrud

Sett litt i Axel Kielland: Stavanger borgerbog, 1935.Side 325 omtales Ole Johan Baade - borger i Stavanger fra 1843.Side 174 omtales Knut Olson Baade. Han skriver blant annet at Inger Andersdotter formodentlig var datter av Anders Jakopsen Meling på Kvitsøy og Kirsten Enersdatter. Men ikke noe om hva formodningen bygger på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.