Gå til innhold
Arkivverket

[#76970] SF Gloppen - eit problem vedr. Mykland / Kandal


Gjest Aase R Sæther
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Kanskje kan nokon der ute, no eller seinare, ha noko å tilføre her, eller ha nytte av det eg har funne? Eg legg det i alle fall her.Under garden Mykland, br nr 3 (s.899 i Soga om Gloppen og Breim) står brukaren Peder Ellingson, d.70 år 1706 og kona Anne Olsdtr d.61 år 1701.Dette kan ikkje stemme. Anne Olsdtr er nemnd som kona til Peder ANDERSSON [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11423&idx_id=11423&uid=ny&idx_side=-100>Lenke og Peder døyr som Peder ANDERSSON LenkeVi finn ein Peder Andersson på Mykland i 1701, men dette er Peder Andersson Bogstad som er gift til Mykland i 1689.Derimot er det ført ein Inderst Peder Andersson under Kandal indre. Han skal vere 74 år, altså akkurat 10 år feil i høve til alderen på han som døyr i 1706. Han er ført saman med to søner, Ola og Aslak, som begge er i Bergen.Dette er gjerne han som mista kona tidlegare på året, og som har flytta til Midtkandal, eller så kan det vere ein feil frå skrivaren eller avskrivaren - at det eigentleg skal vere Mykland.Sonen Ola kan vere identisk med han som gifter seg med Malene Teita i 1689

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg tek med ein annan brukar på Mykland og, denne gongen nr 1 - der skriv bygdeboka at Jon Pederson Indre Kandal var brukar rundt 1700. Giftarmålet hans viser at han var frå Solheim i Gloppen Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.