Gå til innhold
Arkivverket

[#77010] Ole Anton Eeg (1846-1926) - sorenskrivar indre Sogn - Valdres - huslyden hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Eg er interessert i supplerande opplysningar om sorenskrivar Ole Anton Eeg som budde i Hafslo frå 1896 til 1907, då han hamna i Nord-Aurdal i Valdres. Her er kva eg har samla so langt:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ole Anton Torerson Eeg, opphavleg frå Eek i Askim, var son av gardbrukar Torer Olson på Eek vestre, opphavleg frå Løken i Trøgstad, og kona Bertha Olsdotter frå Eek austre og f. i Askim 9.9.1846. Han gifte seg¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hans? - Feiring?)1890 med Kristine Hansdotter Aarnæs frå Årnes i Feiring, Hurdal. Ho var dotter av gardbrukar Hans Christopherson på Årnes og kona Anna Pedersdotter frå Stefferud og f. i Feiring 18.11.1857. Ole Eeg vart student i 1870 og arbeidde nokre ei tid som huslærar, men vart so cand.jur. i 1878. Etter eit par år som sorenskrivarfullmektig fekk han so arbeid i justisdepartementet der han i 1888 vart fullmektig og i 1895 byråsjef. Han og kona Kristine budde på Nordstrand i Austre Aker, Christiania (Oslo) fram til Ole Anton Eeg 13.12.1896 vart utnemnd til sorenskrivar i Indre Sogn, og han og Kristine flytte til Hafslo. Her vart dei buande fram til 1907. Medan Ole var sorenskrivar i indre Sogn, var han òg meddomar i lagmannsretten i Bergen. Ole Eeg fekk 5.11.1907 stillingi som sorenskrivar i Valdres og flytte same året med huslyden sin til Sofienlund i Nord-Aurdal der dei var buande levetidi ut. Kristine d. på Sofienlund i Nord-Aurdal 13.11.1918, medan Ole Anton Eeg d. på Pettersborg i Nord-Aurdal 16.10.1926. Kjende born; 1. Anna Borghild Olsdotter Eeg, fødd i Austre Aker 12.6.1890,¤¤¤¤¤ (nemnd 1900 – lagnaden hennar?) 2. Maren Astrid Olsdotter Eeg, fødd i Austre Aker 29.9.1891,¤¤¤¤¤ (nemnd 1900 – lagnaden hennar?) 3. Hans Torer Olson Eeg, fødd i Austre Aker 11.2.1895,¤¤¤¤¤ (nemnd 1900 – lagnaden hans?) 4. Ragnhild Sofie Olsdotter Eeg, fødd i Hafslo 28.11.1896,¤¤¤¤¤ (nemnd 1900 – lagnaden hennar?) 5. Thor Olson Eeg, fødd i Hafslo 1.7.1898,¤¤¤¤¤ (nemnd 1900 – lagnaden hans?)¤¤¤¤¤ (fleire born?? – opplysningar?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane - lars.e.oyane@sdsl.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Studentene fra 1923:Eva Eeg, f.Barfoed, lærerinne, Oslo, f.8-5-1904 i Oslo, dtr. av politimester Andreas Mangor Barfoed (1.11.1871-28-10-1914) og Marie Gjerp (11.3.1880). Gift 22-12-1937 i Oslo med sekretær i Riksrevisjonen Tor Eeg, f.1-7-1898 i Solvorn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ann-Mary Engum

Slægten Barfod-Barfoeds Stamtavle :Eva Baefoed: Lenke Tor Eeg var visstnok førstelærer i Riksrevisionen .Døde 5 mars 1972:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.