Gå til innhold
Arkivverket

[#77015] Søren Fredrikson Tybring (1835-1909) - kjøpmann og konsul i Egersund - huslyd?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Sorenskrivar Thomas Henrik Hammer i indre Sogn, busett ei tid i Hafslo, hadde mellom anna denne dotteri:Gerhardine Elisa Marie Abrahamine Thomasdotter Hammer, fødd i Egersund 18.11.1854, flytte med foreldri sine i 1869 frå Hafslo og attende til Egersund der ho 5.2.1878 gifte seg første gongen med Ludvig Emil Ludvigson Jensen frå Sarpsbporg. Han var son av handelsbetjent Ludvig Christian Christianson Jensen i Sarpsborg, opphavleg frå Moss, og kona Elen Andrea Halvorsdotter frå Brønnerød i Våler og fødd i Våler 30.3.1855. Ludvig var lærar, og han og Gerhardine budde i Egersund der Ludvig døydde¤¤¤¤¤ (finn han ikkje avliden i Egersund 1884-1890!)Gerhardine gifte seg so att i Egersund 1.4.1890 med enkjemannen Søren Fredrikson Tybring frå Bindalen. Han var son av sokneprest Georg Fredrik, kjend som Fredrik Sørenson Tybring i Bindalen, opphavleg frå Drammen, og kona Fredrikke Sophie Louise Josephsdotter Scherffenberg frå Bergen og fødd i Verdalen 18.2.1835. Søren Tybring gifte seg første gongen i Egersund 14.10.1862 med Thora Andreasdotter Lund frå Egersund. Ho var dotter av konsul Andreas Faye Peterson Lund i Egersund og kona Theresa Tønnesdotter Hauge, òg frå Egersund, og fødd i Egersund 4.3.1839. Ho døydde i Egersund 29.4.1884. Søren Tybring vart kjøpmann og konsul i Egersund og budde der levetidi ut. Søren døydde i Egersund 26.12.1909, medan Gerhardine Tybring døydde¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1909!)Søren fekk visstnok ti born i første ekteskapet sitt,¤¤¤¤¤ (stemmer talet på barn?)medan me kjenner til desse fire sønene etter Gerhardine, tre frå første ekteskapet og ein frå det andre:¤¤¤¤¤ (var det kanskje fleire?)a. Thomas Henrik Hammer Ludvigson Jensen, fødd i Egersund 13.3.1878, døydde i Egersund 15.8.1878.b. Thomas Henrik Hammer Ludvigson Jensen, fødd i Egersund 4.10.1880,¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)c. Ludvig Christian Hammer Ludvigson Jensen, fødd i Egersund 4.6.1884,¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)d. Søren Sørenson Tybring, fødd i Egersund 18.1.1894,¤¤¤¤¤ (nemnd 1900 – lagnaden hans?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg vonar at det sit einkvan ein eller annan stad som kanskje kjenner eller kan hjelpa meg fylla ut fleire detaljar om denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Funnet følgende barn av Søren Puntervold Tybring og kona Thora:Therese, 1864 [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=4&filnamn=dp11161850&gardpostnr=2135&personpostnr=18221&merk=18221#ovre>LenkeFrederikke Sofie Lovise, 1865 Lenke Mikala, 1866 LenkeAntonette Willoch, 1869 LenkeGeorg Fredrik, 1873 LenkeThora Louise 1875 LenkeHans Henrik Emil, 1877 (trilling) LenkeAlbertha, 1877 (trilling) LenkeCathinka, 1877 (trilling) LenkeSiren, 1880

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Carsten for gode og nyttige innlegg. Det var underleg at eg ikkje såg dødsfallet til Ludvig i kyrkjebøkene for Egersund; eg må ha oversett det. Kanskje stogga eg ein side for tidleg...Kva kan han elles ha hatt å gjera i LeHavre midt på vinteren 1889-1890? Det får me vel aldri svar på...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe og Carsten for gode og nyttige innlegg. Det var underleg at eg ikkje såg dødsfallet til Ludvig i kyrkjebøkene for Egersund; eg må ha oversett det. Kanskje stogga eg ein side for tidleg...Kva kan han elles ha hatt å gjera i LeHavre midt på vinteren 1889-1890? Det får me vel aldri svar på...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.