Gå til innhold
Arkivverket

[#77020] Skodespelar Hjalmar Hammer (1846-1896) i Christiania -detaljar om huslyden hans?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Sorenskrivar Thomas Henrik Hammer i indre Sogn, busett i Solvorn i Hafslo, hadde denne sonen:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Abraham Christian Hjalmar Frithjof, kjend som Hjalmar Thomasson Hammer, fødd i Egersund 16.11.1846, flytte kring 1863 som student til Bergen, men gifte seg i Christiania 12.5.1872 med Ingeborg Regine Carlsdotter Belling frå Bergen, fødd i Bergen 23.12.1848. Hjalmar og Ingeborg var båe skodespelarar og vart buande i Christiania der Hjalmar døydde 29.5.1896. Ingeborg Hammer utvandra i 1909 til Amerika og budde i¤¤¤¤¤ (bustaden hennar i Amerika? – Chicago, IL?)men flytte kring 1922 attende til Bergen der ho d. på ein gamleheim 22.4.1927. Dei fekk fem born i lag:a. Bjørn¤¤¤¤¤ (fleire namn?)Hjalmarson Hammer, fødd i Christiania¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hans?)1872,¤¤¤¤¤ (lagnad? - nemnd 1875, men død før 1927!)b. Sigrid¤¤¤¤¤ (fleire namn?)Hjalmarsdotter Hammer, fødd i Christiania¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hennar?).8.1873, utvandra til Amerika i 1892 og¤¤¤¤¤ (lagnad der borte? - 1900: ugift tenar i Chicago, Cook Co., IL – 1927: ''Sigrid Hammer, USA''! – ei Sigrid Hammer Moller, fødd ''Trondheim'' 13.8.1871, døydde i Oakland, CA 13.4.1947 - kan det vera ho som er ombytt med søsteri Borghild (sjå nedanfor)?c. Borghild¤¤¤¤¤ (fleire namn?)Hjalmarsdotter Hammer, fødd i Christiania 17.11.1874, var skodespelar i Noreg, men utvandra i 1909 til Amerika.¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – 1927: ''Borghild Möller in California – divorced!'' - kan ho vera ''ombytt'' med Sigrid? - ei ugift Borghild Hammer frå Noreg i passande alder er i 1930 pasient på eit sjukehus i Chicago, IL!)d. Finn¤¤¤¤¤ (fleire namn?)Hjalmarson Hammer, fødd i Christiania 18.6.1876, var nokre år songar og skodespelar i Christiania, men utvandra til Amerika i 1904. Han busette seg i Chicago, Cook Co., Ill. der han¤¤¤¤¤ (vigselsdatoen hans? – 1919!?)gifte seg med Paula F.¤¤¤¤¤ (fullt namn? - ogso kalla Pauline)¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar? - Noreg 1885/1888 - utvandra 1893?)Finn arbeidde som bokhaldar ved jarnbanen, medan Paula dreiv syforretning. Dei vart buande i Chicago, Cook Co., Ill. der Finn d. 11.5.1940. Paula Hammer d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)Dei fekk ei dotter i lag.e. Sevind¤¤¤¤¤ (fleire namn?)Hjalmarson Hammer, f. i Christiania¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hans?)1883,¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? - nemnd 1900 som sjømann, men døydde før 1927!)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Opplysningane frå 1927 kjem frå dødsmeldingi til Ingeborg Belling Hammer, avlidi i Bergen 1927.Er det nokon som kjenner til denne huslyden eller som kan bidra med fleire detaljar om borni til Hjalmar og Ingeborg Hammer?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten og Karin for mange flotte detaljar! Eg slår fast at Sigrid var fødd 13.8.1873, so det må vera ho som døydde i Oakland, CA i 1947!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.