Gå til innhold
Arkivverket

[#77030] M&R: Hjørundfjord - Borgund - Gulen/Solund - Lars Gjetmundsen og Kari Jakobsdtr.


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Hei!1) Dette paret gifta seg i 1769;Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Hjørundfjord, Ministerialbok nr. 515A02 (1765-1818), Ekteviede 1768-1771, side 368-369.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15965&idx_id=15965&uid=ny&idx_side=-163>LenkePermanent bildelenke: Lenke- nr. 5 i 1769. Han fra Sandviig og ho frå ??????- kven var foreldra deira?2) Lars døde i 1826;Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 19 (1826-1836), Døde og begravede menn 1826, side 213.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke: LenkeNr. 15, skreven 85 år.3) Kona dø nokre år før, i 1820;Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gulen, Ministerialbok nr. A 18 (1816-1825), Døde og begravede 1820, side 113.Permanent sidelenke: LenkePermanent bildelenke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei Torodd,Synes ikkje det stemmer så godt med ein L i starten, kan det heller vere Rostad eller Røstad? Røstad finnes i 'Jørring Fiord' ved FT1801.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Gunnar Ellingsen

Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka IV (1990).På side 186 under omtalen av garden Raustad (Rørstad) i Skjåstaddalen i Hjørundfjord er det mellom nemnt at Karen (Kari) var dotter til Ragnhild Jetmundsdotter Rørstad (ca. 1705-1744) og ektemannen Jakob Olson Nes (1697?-1773) frå Nes i Volda. Dei dreiv Ragnhild sin farsgard Jakobgarden (br. nr. 5) på Raustad og fekk mange born. Om Karen/Kari står det: 'Karen, f 1739, g 1769 m Lars Jetmundsson Sandvik på Flatholmen, Sula. I 1785 var dei 'reist sørpaa'.'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Mange takk Gunnar,Finnes det noko 1701 manntal for dette området som er blitt registrert elektronisk?MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Ellingsen

Hei igjen!Nei, noko elektronisk 1701-registrering for Hjørundfjord finst ikkje etter det eg veit, men den førnemnde bygdeboka for Hjørundfjord har jo fleire opplysningar bakover enn dei som eg nemnde. Det same gjeld nok også bd. 3 av Busetnadssoga for Volda, jf. Jakob Olson Nes. Er det noko spesielt du er ute etter i 1701-teljinga?Helsing Gunnar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei!Eg tenkte først og fremst på (fedrene) foreldra til det namnde paret, Ragnhild og Jakob - dersom dette er lett tilgjengelig for deg, evt. kan eg sjølvsagt ta turen innom biblioteket og finne dette sjølv.MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Ellingsen

God morgon, med bratte og vakre Hjørundfjordfjell i synsranda!Der ikkje anna er sagt, er personane frå gardar i Hjørundfjord (i noverande Ørsta kommune). Kjelder for opplysningane nedanfor: Hjørundfjordboka bd. 4 og bd. 5. - Busetnadssoga for Volda bd, 3.Ragnhild sine foreldre: Jetmund Knutson Holen (ca. 1660-1733) og kona Anne Helgesdotter Mork (d. 1738). Budde i Jakobgarden på Raustad. Tre kjende døtrer, Ragnhild var eldst av desse.Ragnhild sine besteforeldre: 1. Knut Jetmundson Årskog (ca. 1633-d. etter 1701). Var frå Årskog, budde på Heimste-Holen. Fire kjende born, men Jetmund er ikkje mellom dei. Men: I flg. Hjørundfjordsoga kan han vere identisk med Knut Jetmundson Årskog som budde på garden Sledalen og som truleg flytta til Heimste-Holen. Han hadde truleg tre søner, m.a. Jetmund. Knut si kone er ukjend. 2. Helge (ukjend farsnamn og gardsnamn, d. 1687?) og enkja Anne Olsdotter Mork (d. 1720). Dei budde på Vollane på Mork og fekk tre døtrer, m.a. Anne som gifta seg til Raustad. Mor hennar, altså Anne Olsdotter, var for øvrig gift fire gonger.Jakob sine foreldre: Desse finn eg ikkje i den for øvrig detaljerte og gode Busetnadssoga for Volda. Der er ein Jakob Olson Nes (ca. 1701-ca. 1767) frå Nes i Austefjord i Volda, men han var gift med ei anna kvinne enn Ragnhild Jetmundsdotter, og dei budde på Årset i Austefjord.Er du interessert i fleire ættledd eller i fleire opplysningar om dei personane som er nemnde, bør du ta deg ein tur innom Deichmannske eller eit anna bra bibliotek.Finn eg ut meir om Jakob Olson Nes, kjem eg tilbake med det.Helsing Gunnar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Gisle Hersvik

Ein forsinka takk til Gunnar!Eg har ikkje fått tid til å besøke biblioteket enno....MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.